fbpx Skikka eller uskikka? Hopp til hovedinnhold

Skikka eller uskikka?

 

For å vurdere om ein student er skikka til sjukepleiaryrket, må ein vurdere både faglege og personlege føresetnadar.

Er studenten skikka til sjukepleiaryrket? Dette sentrale spørsmålet må både utdanningsinstitusjonane og praksisfeltet kontinuerleg stille seg i arbeidet med utdanning av sjukepleiarar.

 

"Gro"

Gro på 25 år går i 2.semester på sjukepleiarutdanninga og skal snart ut i praksisstudiar på sjukeheim. Pasientane Gro skal møte har høg alder, mange og samansette sjukdommar, og demenssjukdom av ulik grad. Studieleiar ved sjukepleieutdanninga har fått bekymringsmeldingar frå lærarar og medstudentar over Gro si sosiale åtferd og faglege kompetanse. Både i teoriundervisning og ved praktiske øvingar opplever fleire at Gro ikkje klarar å følgje med. På forelesingar spør Gro det same spørsmålet om att fleire gongar,  og lærar opplever det vanskeleg å nå fram med forklaringane. I gruppearbeid må medstudentar rettleie Gro i høve grunnleggande kunnskap. Kommentarane Gro kjem med i gruppearbeid og under førelesingar har ofte ikkje samanheng med det aktuelle temaet. På øvingsposten gjer ikkje Gro seg nytte av faglege kunnskapar som skulle ha vore tileigna før gjennomføringa av praktiske prosedyrar. Ho klarar ikkje å finne fram i elektroniske prosedyrar (PPS) som er tilgjengeleg via datamaskin som står ved kvar seng på øvingsrommet. Lærar rapporterar om uheldige episodar når Gro skal gjennomføre prosedyrar med medstudentar som øvingsobjekt.  Gjennomføringa vert opplevd ubehageleg for pasient (medstudent), men Gro justerar likevel ikkje prosedyreframgangsmåten.  Gro vert kalla inn til fleire samtalar med studieleiar. Det kjem her fram at Gro har vanskar både av psykisk, sosial og fysisk karakter. Ho har problem med kommunikasjon, konsentrasjon og koordinering, og med å inngå relasjonar til andre og såleis med å fungere i team. Studieleiar er bekymra for denne studenten og ikkje minst for pasientsikkerheita når Gro skal ut i praksisstudiar. Dei teoretiske eksamenane og arbeidskrava i studiet er bestått, om enn med lågaste godkjende karakter. Er det forsvarleg å sende Gro ut i praksisstudiar der ho vil vere i direkte møte med alvorleg sjuke pasientar?

 

Retteleiing

Ved universitet og høgskular vil fleire som arbeider i sjukepleieutdanninga ha opplevd liknande situasjonar.  I Sykepleien nr. 4-2011 blir det beskrive kor gale det kan gå med ein sjukepleiar som i studietida fekk prøve igjen og igjen på å få beståtte praksisperiodar og eksamenar (1). Korleis handterar utdanninga desse studentane? På den eine sida skal utdanningsinstitusjonen gje studentar som er kvalifisert for det (oppfylt inntakskrava) muligheit til å gjennomføre studia sine innanfor den profesjonen dei ynskjer. På den andre sida skal vi også sikre brukarane sine rettar og sikkerheit i møte med studenten eller den uteksaminerte kandidaten (2,3).

Forskrift om skikkethetsvurdering og rundskriv F-14-06 slår fast at det er universitet og høgskular sitt ansvar å sjå til at dei tilsette ved utdanninga, inkludert praksisfeltet,  har den nødvendige kunnskap og kompetanse til å kunne foreta ei løpande vurdering av om studenten er skikka (4,5).  I helse- og sosialfaglege utdanningar hadde vi fram til 2006 berre muligheit til å nytta verkemiddel som ligg i dei faglege krava utdanninga stiller, altså stryk/ikkje bestått i teori eller praksis. Det vart også forsøkt å rettleie ut av studiet dei studentar som ein såg ikkje passa til yrket, dette med meir eller mindre hell. I mi tid som studieleiar ved sjukepleieutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane frå 2000–2007, møtte eg studentar der grunngjevne og velmeinte råd om å avslutte studiet ikkje nådde fram. Dette trass i at råda var gitt både skriftleg og munnleg.

Med forskrifta om særskilt skikkavurdering gjeldande frå 2006, fekk utdanningsinstitusjonane eit nytt verkemiddel til å handtere studentar som ikkje er skikka.  Framleis skal likevel den løpande skikkavurderinga, altså stryk/ikkje bestått i teori og praksis, og å rettleie studentar som ikkje er skikka til yrket ut av studiet, vere dei vanlege måtane å gjere det på. Men kva skjer når desse verkemiddela ikkje fungerar? Kva skjer når studieleiar opplever at ein student er uskikka til å verta sjukepleiar, men studenten består teoretiske eksamenar og arbeidskrav? Kva skjer når den same studenten heller ikkje let seg rettleie ut av studiet? Frå 2006 har underteikna vore institusjonsansvarleg for skikkavurdering ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og har slik fått høve til å arbeide konkret med desse spørsmåla.

 

Sårbare grupper

Å vurdere om ein student er skikka til yrket vedkommande utdannar seg til, omfattar ei vurdering av både faglege og personlege føresetnadar. Ei heilskapleg og løpande vurdering av studentane må finne stad (6). Forskrifta om skikkavurdering har klare kriterium ein skal vurdere etter, men likevel ligg det mykje bruk av skjønn i vurderingane.  Å utøve skjønn i høve til studentane sine personlege eigenskapar når det gjeld dei kriteria yrkesprofesjonen krev, er eit ansvar utdanningsinstitusjonane er pålagt og som må utførast på best mogleg måte for alle involverte partar. Heilt overordna ligg omsynet til pasientane og brukarane av helse- og sosialtenestene. Det må komme fyrst!  Formålet med innføringa av skikkavurderinga var nettopp å beskytte sårbare grupper (4,7).  Som student har Gro mange rettigheitar i høve lover og forskrifter, men hennar studierett nedfelt i Universitets- og høgskulelova (2) og ynskje om å bli sjukepleiar må vektleggast mindre i ei skikkavurdering. På sikt vil det også vere uheldig for Gro å vere sertifisert for eit yrke ho med rimeleg stor grad av sikkerheit ikkje vil vere egna til å utføre (6). Vi må hjelpe studentane til å få eit realistisk forhold til yrkesvalet. Når det ikkje går å rettleie studentane ut av utdanninga ved samtalar, må vi nytte reglane som ligg til skikkavurdering. Det vil seie at vi må gjennomføre ei særskilt skikkavurdering. Den løpande skikkavurderinga har alle som kjem i kontakt med studentane eit ansvar for å gjennomføre. Når det kjem til særskilt skikkavurdering, får den institusjonsansvarlege for skikkavurdering eit særleg ansvar (5).

 

Skjønnsvurdering

Kvar høgskule og universitet i Noreg skal ha ein institusjonsansvarleg for skikkavurdering. Denne personen har eit ansvar for å sette skikkavurdering på dagsorden i organisasjonen ein arbeider og ein må gje området merksemd og diskutere det i kollegiet (4, 5).  Mykje tyder på at det bør rettast meir fokus på skikkavurdering i utdanningane (7). Ein treng lærarar med mot og vilje til å ta tak i vanskelege studentsaker. I og med at sjukepleieutdanninga består av ein god del praktisk læring, vil også helsetenesta utgjere viktige arenaer for å fange opp studentar som ikkje er skikka. Eit godt samarbeid med praksisfeltet vil vere avgjerande for å utdanne kompetente yrkesutøvarar. Om ei skikkasak vert reist medan studenten er i praksis, må lærar og  kontaktsjukepleiarar stå saman om handteringa.  Det er då viktig at begge partar har kunnskap om skikkavurderingsordninga. Med relativt få slike saker i løpet av eit år, må vi sikre erfaringsdeling kring korleis ein kan handtere denne type saker. Å utøve skjønn i faglege vurderingar kan vere vanskeleg. Enda meir krevjande er det å utøve skjønn i høve personlege eigenskapar for å tilfredstille  krav og forventningar til yrkesprofesjonen. Det kan vere lett å la tvilen kome studenten til gode i slike saker og la studenten passere studiet. Men tvilen må i staden kome sårbare grupper til gode i skikkasaker (7,8).

Om vi til dømes fylgjer Gro si sak vidare,  så vil eg som skikkaansvarleg av omsyn til pasientane la denne studenten gjennomføre eit utvida rettleiingsprogram før ho eventuelt får framstille seg for praksis på sjukeheimen (5).   Ei utvida personleg rettleiing kan gje nærmare greie for kva som er utfordringane til Gro. Kanskje finn ho under rettleiinga ut at det er andre utdanningar som vil passe henne betre. Kanskje finn vi saman ut at det er nødvendig med profesjonell hjelp frå helsetenesta. Her er  det mange ulike vegar å gå og eg har god erfaring med å nytte utvida rettleiing til hjelp i skikkaarbeidet.  I denne type rettleiing kan det vere fornuftig å leige inn ein ekstern rettleiar, som kan møte studenten med ”nye auge”. Rettleiaren bør  kjenne godt til yrkesprofesjonen.  Gjennom denne rettleiinga har det blitt klart for nokre studentar at dei kan halde fram utdanninga med ein del forbetringar.  For andre er det klargjort at utfordringane er så store at saka vert reist for skikkanemnda i høgskulen. Nokre studentar velgjer også sjølv å avslutte studiet under eller etter den utvida rettleiinga.

 

Utfordringar

Ein nasjonal rapport om skikkaarbeidet i UH-sektoren syner til mange samanfallande utfordringar i arbeidet med å sikre at uteksaminerte kandidatar er skikka for yrket. Rapporten peikar mellom anna på at det synest å vere manglande fokus på arbeid med skikkavurdering ved institusjonane, dagens lov- og regelverk vert oppfatta uhensiktsmessig og uklart, og verkemiddel og rutinar for handtering av skikkasaker vert rekna for krevjande og arbeidsmessig belastande å ta i bruk. Det må skapast ein kultur og ei haldning både i sjukepleiarutdanninga og i helsevesenet for å la skikkavurdering bli ein viktig og sentral del av det ansvaret ein har når ein er i kontakt med studentar. For å kunne skape denne gode kulturen må det settast av tid og ressursar til arbeidet og det trengs eit tydlegare og betre regelverk. Det er å håpe rapporten "Skikkethetsarbeid i UH- institusjonene" (7) kan bidra til å få fortgang i forbetring av denne ordninga som er så viktig for å sikre sårbare grupper sine rettar og sikkerheit  og også for å ivareta studentane på ein god måte.

 

Litteratur

1.         Helmers Bloch AK.  En ny skole for en ny tid. Sykepleien 2011; 4: 28-35.

2.         Lov om universiteter og høyskoler (2005). Kunnskapsdepartementet. LOV-2005-04-01 nr 15

3.         Lov om pasientrettigheter (1997). Omsorgsdepartementet. LOV-1999-07-02 nr 63

4.         Forskrift om skikethetsvurdering (2006). Kunnskapsdepartementet. FOR 2006-06-30 nr 859

5.         Rundskriv F-14 (2006) Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning. Kunnskapsdepartementet.

6.         Gabrielsen E, mfl. Skikkethetsvurdering. Oslo: Universitetsforlaget, 2004.

7.         Ohnstad F, mfl.  Skikkethetsarbeid i UH-institusjonene. Rapport utarbeidet av enarbeidsgruppe nedsatt av nasjonalt råd for helse- og sosialfagutdanning og Nasjonalt råd for lærerutdanning. Oslo: Universitets- og høgskolerådet, 2011.

8.         Lorentzen RS. Skikkethetsvurdering i praksis: et etisk perspektiv: et innspill til øvingslæreres mange utfordringer. Trondheim: Høgskolen, 2005.

 

 

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse