fbpx Søk og lær Hopp til hovedinnhold

Søk og lær

Tilrettelegging av undervisning, læringsformer og veiledning kan auke studentane sin bruk av god faglitteratur og forskning.

Det er auka krav til helsepersonell om å arbeide kunnskapsbasert. Med dette meinast å kombinere klinisk erfaringskunnskap og ekspertise med den best tilgjengelege kunnskap frå forskning (1:115).
Ulike forhold er med å påvirke sjukepleiarar sine forutsetningar for å arbeide kunnskapsbasert i praksis. Våre erfaringar og evalueringar frå fire kull med studentar ved vidareutdanning i kreftsjukepleie med ein gjennomsnitsalder på rundt 40 år, viser at mange studentar oppgir at dei ikkje har erfaring med å søkje etter faglitteratur eller med fagskriving etter avslutta grunnutdanning i sjukepleie (2).
Studentane sin informasjonskompetanse blir sett på som ei grunnleggande forutsetning for kunnskaps- eller evidensbasert praksis (3,4,5). Informasjonskompetanse blir definert som evna til å erkjenne når ein har behov for informasjon og å kunne lokalisere, evaluere og bruke informasjon effektivt i eiga læring og forsking (6). Det er ikkje tilstrekkeleg å tematisere betydninga av kunnskapsbasert praksis og informasjonskompetanse gjennom undervisning som formidling og meddeling åleine (7). Studentane treng å få gjentatte høve til å trene på litteratursøkjing og det å bruke denne kritisk. For at studentane skal oppleve at vitenskapeleg kunnskap og anna faglitteratur er interessant og meiningsfylt, må informasjonskompetanse integrerast i studentane sine aktivitetar og læreprosessar.
Formålet med denne artikkelen er å gjere greie for korleis undervisning, læringsformer og veiledning er lagt til rette gjennom eit studieår for å auke studentane sin bruk av god faglitteratur og forskning, og sjå betydninga av dette som grunnlag for ein kunnskapsbasert praksis.

Litteratursøk
Bibliotekarar ved Høgskulen i Sør-Trøndelag gjennomførte i 2005 eit forsøk med eit kull studentar på vidareutdanning i kreftsjukepleie i samband med studentane sitt arbeid med ein prosjektbeskrivelse (8). Formålet var å sjå på betydningen av eiga undervisning i forhold til studentane sitt litteratursøk. Fjorten studentar vart delt i to grupper. Gruppe 1 fekk starte på litteratursøk på eiga hand uten undervisning om søk i Cinahl og Medline. Undervisning vart først gitt etter ei veke. Gruppe 2 fekk undervisning før søk starta. Samanlikning mellom dei to gruppene viste ei noko meir målretta søkjeadferd i gruppe 2, men også her hadde studentane problem med å finne relevante søkjeord og tolke søkjeresultata. Studien viste dessuten at studentane hadde problem med å velge dei riktige søkjekildene, med å velge rett søkjespråk og med å bruke engelsk. Vidare viste det seg at mange ikkje oppdaga at stavefeil hadde konsekvensar for søkjeresultata. Studentane viste generelt låg forståing for at lite eigna søkjord medførte at dei enda opp med ubrukbare artikkelreferansar. Det vart observert få eksempel på at studentane gjekk tilbake for å analysere og bearbeide søkja når søkjeresultata ikkje var optimale.
 Med den store mengd artiklar som dagleg blir produsert innanfor helsefaga, er det å søkje litteratur komplisert. Informasjonssøk representerer ein kompetanse i seg sjølv. Samarbeid mellom bibliotekarar og fagpersonar er ei viktig forutsetning for å lukkast.

Undervisning
Eitt av dei overordna måla for vidareutdanning i kreftsjukepleie er at studentane er i stand til å finne og bruke anerkjent og relevant litteratur på ein kritisk måte (9). Som vurderingsgrunnlag er det forventa at studentane i tillegg til relevante bøker og rapportar søkjer etter og bruker forsknings- og utviklingsartiklar. I dei fylgjande punkta er det skissert kva tema det er lagt til rette for i undervisninga gjennom studieåret samt læringsaktivitetar for å nå overnemnde mål.
Studentane treng ei innføring i ulike kunnskapsformer, forskningsmetodar og søkjeteknikkar for å finne og bruke informasjon kritisk og effektivt i eiga læring. Haustsemesteret starter med ei innføring i ulike læringsformer i studiet, der studentaktive læringsformer som problembasert læring (PBL) og skriftlege oppgåver som inngår i ei læringsmappe blir vektlagt. Dette er arbeidsformer som vi meiner har mange fellestrekk med det å arbeide kunnskapsbasert i praksis (10).
I undervisning om litteraturstudie og litteratursøkjing ivaretek fagpersonalet og bibliotekarar i fellesskap eit innhold som stikkordmessig er satt opp i figur 1.




















 

I arbeidsprosessen med søk på forsknings- og utviklingsartiklar, viser figur 2 til eit hjelperedskap for studentane til å holde oversikt over innhold i dei ulike artiklane. Skjemaet er inspirert av eit klassifikasjonsskjema av Bachman (12:75) for forskningsoversikter, med nokre endringar tilpassa vårt formål. Mange studentar har opplevd dette nyttig i søkjeperioden, men også brukt det som vedlegg til metodekapittelet for å vise til utvalgte artiklar i sine fordjupningsoppgåver.











 

Studentaktive læringsformer
I tillegg til teoriundervisning i litteratursøkjing som foregår på datasal med ein kombinasjon av teori og demonstrasjon, får studentane sjølve løyse søkjeoppgåver spesielt laga for kurset eller arbeide med problemstillingar knytta til eiga oppgåveskriving. Eigenaktivitet er ein integrert del av søkjekurset og bibliotekarar bidrar med veiledning og gjennomgang av løysingar undervegs. I tillegg til desse faste punkta på timeplanen gir bibliotekarar veiledning i litteratursøkjing og oppgåveskriving i biblioteket etter behov hjå den einskilde student.
Det er gjennom studieåret lagt til rette for at studentane kan gjennomføre sju individuelle- og gruppebaserte oppgåver i tillegg til ein heimeeksamen og ei fordjupningsoppgåve. Å integrere teori og forskningsbasert kunnskap som eit refleksjonsgrunnlag saman med eigen erfaringskunnskap er vektlagt i desse oppgåvene. Studentane får gjennom studiet skriftleg eller muntleg tilbakemelding på eigen evne til å finne relevant litteratur, kritisk bruke og integrere denne til praktiske erfaringar i alle skriftlege oppgåver.
Fordjupningsoppgåva kan gjerast som eit litteraturstudie, men gir og høve til å gjennomføre ei empirisk undersøkjing. Mange studentar velger og å bruke fortellingar frå eigen praksis for å diskutere ei problemstilling i lys av aktuell litteratur. Uavhengig av kva studenten velger, er det avgjerande at det er gjort greie for litteratursøk og kildekritikk i eit metodekapittel, der argumentasjon frå nyare forskning og fagleg teoretisk grunnlag er vesentlege element, samt at denne litteraturen blir brukt på ein relevant måte i oppgåva.

På rett veg
Forsøket ved eigen institusjon signaliserte altså at søkjeundevisning isolert sett hadde begrensa effekt (8). Schneider m.fl. (13) har gjort same funn og viser samtidig at studentane sin kompetanse i målretta informasjonssøk generelt utviklast for seint i studiet.. Men vi ser at dei siste studentkulla ved eiga utdanning har ein langt bedre og meir adekvat kildebruk i sine fordjupningsoppgåver enn tidlegare studentkull. Dette kan ha fleire årsaker, men det er nærliggande å tru at systematisk undervisning i litteratursøk, slik dei siste kulla har fått, har bidratt i positiv retning. Det overtyder oss om at vi er på rett veg og at arbeidet med i felleskap å gjere studentane informasjonskompetente bør styrkast og vidareutviklast. Dette er eit område som vi ynskjer å gjere vidare evalueringsarbeid på.
I aktuelle utdanningsforløp har det vore eit godt samarbeid mellom bibliotekarar og fagpersonale når det gjeld tilpasning av undervisning som kan bidra til auka informasjonskompetanse i heile studieløpet. Men det kan diskuterast om bibliotekarar kunne hatt ei meir aktiv rolle i prosessen med skriving av fordjupningsoppgåvene. Ut frå erfaringane i den lokale evalueringsstudien av effekten av undervisning på studentane si søkjeadferd (8), kan det sjå ut som det kan vere fruktbart at bibliotekarar blir tatt med i ei tidleg vurdering av dei dokumenterte litteratursøkja. På den måten kunne studenten vore meir sikker på å få eit best mogeleg litteraturgrunnlag for si oppgåve. Eit anna spørsmål er om fagpersonalet og treng heve sin kompetanse i systematiske litteratursøk som kunne kome studenten til gode i veiledning, slik Schneider m.fl.(13) hevdar er viktig for å bli gode rollemodellar direkte i undervisninga. I fylgje Verhey (14) er det å utvikle, implementere og evaluere informasjonskompetansen med tanke på livslang læring eit undervurdert område allereie i grunnutdanning i sjukepleie. Seymour m.fl. (15) stiller og spørsmål om det å verdsetje både kritisk og kreativ tenkning i klinisk praksis kan bidra til å minke motstanden mot forsking og fagutvikling.

Konklusjon
Vi har i denne artikkelen sett på korleis vi gjennom eit utdanningsforløp i ei vidareutdanning i kreftsjukepleie har lagt til rette for å utvikle studentane sin informasjonskompetanse som eit ledd i «livslang læring» og ei kompetanseutvikling som er sentral som ferdig spesialsjukepleiar i praksis. Å lokalisere og finne fram til relevant litteratur og forskning samt bruke litteraturen på ein kritisk måte forutset eit samarbeid mellom bibliotek og fagpersonale. Eit godt søk forutset gode og relevante spørsmål, dette krev fagkunnskap. Eit godt søk krev kjennskap til ulike databaser og framgongsmåtar i søk som bibliotekarar til eikvar tid har spesialkompetanse på.
Fagdidaktisk krev det eit samarbeid mellom bibliotekarar og fagpersonale både vedrørande undervisningsplan og korleis legge til rette for undervisning og studentaktive læringsformer. Det blir og viktig å ta stilling til og konkretisere kva for nivå på informasjonskompetanse studentar på ei vidareutdanning i sjukepleie skal oppnå. Vidare blir det betydningsfullt å sjå på korleis praksisfeltet tenkjer seg å vedlikeholde og vidareutvikle informasjonskompetansen etter avslutta utdanning om vi skal ivareta krav og forventningar til ein kunnskapsbasert praksis.

Litteratur

1. Nortvedt M, Graue M, Iversen M.  Forskningsbasert undervisning – et
   grunnlag for kunnskapsbasert praksis. Sammendrag i ”Program og
   kompendium” Den 7.sykepleiekongressen 13.-16.september: Tydelig – modig –
   stolt. Norges Kongressenter, Lillestrøm 2005.
2. Hynne, A..Bjørnerheim. Evalueringsrapport av vidareutdanning i
   kreftsjukepleie 1999-2001. Skriftserier ved Høgskolen i Sør-Trøndelag, AHS nr.3,
   2002.
3. Shorten A, Wallace C, Crookes PA. Developing information literacy: a key to   
   evidencebased nursing. International Nursing Review 2001; 48 (2): 86
4. Kaplan Jacobs S, Rosenfeld P, Haber J. Information literacy as foundation
   for evidence-based practice in graduate nursing education: a curriculum-   
   integrated approach. Journal of professional nursing. 2003;19(5): 320-328.
5. Bernard A, Nash R, O`Brien M. Information Literacy: Developing lifelong skills
   through nursing education. Journal of Nursing Education 2005; 44(11): 505-511.
6. American Library Association. Information Literacy Competency
   Standards for Higher Education 2006. http://www.ala.org/acrl/ilcomstan.html,
   29/10/2006.
7. Breivik PS. Information literacy and the engaged campus. Giving students and          
   community members the skills to take on (and not be taken in by) the Internet.  
   American Association of Higher Education Bulletin 2000;
   53 (1):3-6.
8. Alstad K, Kilvik A, Lamøy LI. Evaluering av undervisning i litteratursøk for   
   Videreutdanning i kreftsykepleie 2005-2006. Trondheim: Intern rapport-  
   AHS/ASP- HIST, 2006.
9. Kirke-, Utdannings- og Forskningsdepartementet. Rammeplan og  
   forskrift for videreutdanning i anestesi-, operasjon-, intensiv-, barne- og 
   kreftsykepleie. Norgesnettrådet 2000.
10. Jamtvedt G, Hagen, KB, Bjørndal A. Kunnskapsbasert fysioterapi. 
   Metoder og arbeidsmåter. Oslo: Gyldendal Akademisk, 2003.
11. Forsberg C, Wengström Y. Att göra systematiska litteraturstudier. Stockholm:
   Natur och kultur, 2003.
12. Backman J. Rapporter och uppsatser. Lund: Studentlitteratur, 1998.
13. Schneider MV. m.fl. Samarbejde – sammenhæng – succes? DF Revy 
   2005; 6: 4-10.
14. Verhey MP. Information literacy in an undergraduate nursing curriculum:   
   development, implementation and evaluation. Journal of Nursing  
   Education.1999; 38(6):252-259.
15. Seymour, B., Kinn, S., Sutherland, N. Valuing both critical and creative
   thinking in clinical practice :narrowing the research-practice gap? Journal of
  Advanced Nursing.2003: 42(3):288-296.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse