fbpx Langt færre nyfødte fikk hjemmebesøk av helsesykepleier i fjor Hopp til hovedinnhold

Langt færre nyfødte fikk hjemmebesøk av helsesykepleier i fjor

Mor ammer baby i sofa
HJEMME ALENE: 3 av 10 nyfødte barn fikk ikke hjemmebesøk av helsesykepleier i fjor, ifølge nye tall fra SSB. Illustrasjonsfoto: Mostphotos

De siste årene har stadig flere nyfødte fått oppfølging hjemme av helsesykepleiere, men i koronaåret 2020 falt andelen kraftig.

Tall fra Statistisk sentralbyrå viser at andelen nyfødte som fikk hjemmebesøk av helsesykepleier, sank fra 90 prosent i 2019 til snaut 70 prosent i 2020.

I koronaåret har det også vært en markert nedgang i andelen barn som har gjennomgått to- og fireårskontroll.

(Artikkelen fortsetter under diagrammene.)


 


 

Ble anbefalt å unngå hjemmebesøk

Ifølge Helsedirektoratets hjemmesider er hjemmebesøk av helsesykepleier etter fødselen definert som en «sterk anbefaling».

I forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten heter det at tilbudet fra helsestasjonstjenesten blant annet skal inneholde «tilbud om hjemmebesøk til mor etter fødsel og hjemmebesøk til nyfødte».

Hanne-Merete Eriksen-Volle, seksjonsleder for resistens- og infeksjonsforebygging på Folkehelseinstituttet, skriver dessuten i en e-post til Sykepleien at de under hele pandemien har hatt som råd at hjemmebesøk kan gjennomføres. Forutsetningen har vært at helsesykepleier og personer som skal besøkes, ikke har luftveissymptomer og at øvrige smitteverntiltak overholdes.

Våren 2020 ble instituttet bekymret for at hjemmebesøk ikke ble gjennomført, og avholdt et webinar for å klargjøre reglene. Da smitten steg i november, ble det arrangert nok et webinar med dette som tema.

Les også: Helsestasjonstilbudet i Oslo under covid-19 – førstegangsmødres erfaringer

I startfasen av pandemien anbefalte derimot Helsedirektoratet at helsestasjoner i størst mulig grad unngikk hjemmebesøk. I en veileder sist oppdatert 17. april 2020 var direktoratets anbefaling at hjemmebesøk av helsesykepleier ble erstattet med konsultasjon på helsestasjonen, mens i midten av mai rådet de kommunene til å «opprettholde eller gjenopprette normal aktivitet i helsestasjon, skolehelsetjenesten og helsestasjon for ungdom».

I dag henviser Helsedirektoratets hjemmeside videre til anbefalingene fra Folkehelseinstituttet, der det står at hjemmebesøk «kan gjennomføres så sant helsesykepleier og personer som skal besøkes ikke har luftveissymptomer og øvrige smitteverntiltak overholdes».

Krevende smitteverntiltak

– Nedgangen i hjemmebesøk henger sammen med flere ting, deriblant myndighetenes anbefalinger, sier Ann Karin Swang, som leder Landsgruppen av helsesykepleiere i Norsk Sykepleierforbund.

Anbefalingen om å unngå hjemmebesøk ble ifølge Swang fjernet relativt tidlig, men det har variert kraftig når ulike helsestasjoner har klart å gjenoppta tilbudet på forsvarlig vis.

– Det kan handle om ting som trangboddhet og hvorvidt man må bruke kollektivtransport for å komme seg rundt til de ulike familiene.

Jeg synes helsestasjoner har vært veldig flinke til å opprettholde tjenesten så godt om mulig under svært vanskelig arbeidsforhold

Ann Karin Swang, leder av Landsgruppen av helsesykepleiere NSF

Selv om det i størst grad er helsesykepleiere i skolehelsetjenesten som har blitt omdisponert til andre oppgaver, påpeker Swang at dette også har skjedd med en del som jobber på helsestasjoner.

Tjenestetilbudet fra helsestasjoner har ifølge Swang også blitt redusert mange steder på grunn av ressurskrevende smitteverntiltak.

– Jeg synes helsestasjoner har vært veldig flinke til å opprettholde tjenesten så godt som mulig under svært vanskelig arbeidsforhold, men det er trist for alle som ikke har fått hjemmebesøk. Slike besøk gir noe helt annet enn når de kommer til oss på vår arena.

Omdisponerte helsesykepleiere

Pandemien medførte at mange helsesykepleiere har blitt satt til andre oppgaver det siste halvannet året.

Les også: – Omdisponering av helsesykepleiere til reint smittearbeid vil gå utover barn og unge

Ifølge tall Kommune-Stat-Rapportering (Kostra) og Statistisk sentralbyrå (SSB) la frem i mars, ble helsesykepleiere omdisponert i hele 73 prosent av landets kommuner i løpet av 2020.

Les også:

Studentar og lærarar frå Madagaskar og Noreg nytta Facebook til å samarbeide

Bildet viser transport av vaksinar på Madagaskar, der kjølebagen med vaksinar transporteres av sju personer som bærer sammen
MYKJE Å LÆRE AV KVARANDRE: Ein gassisk student deler eit foto som viser korleis vaksinar blir transportert til fots. Sjølv om dei har vaksinar, er det likevel andre forhold som gjer den faktiske vaksinetilgangen utfordrande. Dette biletet medførte auka forståing for dei norske studentane. Foto: Rasoatafita Fanomezanjanahary Emma

Eit samarbeidsprosjekt konkluderer med at Facebook kan fungere godt for studentane til å utveksle erfaringar virtuelt. Men det krev at lærarane er tydelege i si rolle som fasilitatorar.

I denne artikkelen beskriv me erfaringar frå eit prosjekt med virtuell utveksling mellom sjukepleiestudentar frå Høgskulen på Vestlandet og Université Adventiste Zurcher på Madagaskar. Studentane fekk internasjonal erfaring gjennom «Collaborative Online International Learning» (COIL).

COIL er ein læringsmetode der studentar og forelesarar arbeider og lærer saman på tvers av kulturar og landegrenser. Den er integrert i emna, og studentane blir rettleia av forelesarane. Samhandlingsformer inkluderer diskusjonsgrupper på nettet, videokonferansar, klasse-til-klasse-møte og arbeidsgruppeprosjekt over nettet (1).

Nasjonale retningslinjer for høgskuleutdanningane legg vekt på internasjonalt samarbeid (2–4). Virtuelt internasjonalt studentsamarbeid blir fremja i stortingsmeldinga «En verden av muligheter. Internasjonal studentmobilitet i høyere utdanning» (5). Det kan gje interkulturell, språkleg og digital kompetanse (6). Dette er mykje dei same ferdigheitene som blir viste til ved tradisjonell studentutveksling, (7, 8) men gir også ein auke i digital kompetanse.

I vårt prosjekt var lærarane fasilitatorar (6). Me brukte Facebook som kommunikasjonsplattform. Ein systematisk gjennomgang frå 2019 viser at Facebook kan vere ei effektiv plattform som støttar studentsentrert læring i akademia (9).

Kva finnes av tidlegare forsking?

Forsking viser at virtuell utveksling kan auke ferdigheitene til sjukepleiestudentar i interkulturell kommunikasjon og kompetanse (10–17).

Ein skil mellom synkrone og asynkrone kommunikasjonsformer. Synkron kommunikasjon aukar engasjementet og interaksjonen mellom studentane, medan asynkron kommunikasjon opnar for auka språkforståing og refleksjon. Studiar viser at språkbarrierar og for store grupper er utfordrande, og at kommunikasjonsplattformer som er i bruk i internasjonalisering, må vere tilpassa den digitale kompetansen til studentane (15).

Me fann ikkje studiar som handla om erfaringane til både lærarar og studentar frå begge dei deltakande landa ved virtuelt internasjonalt studentsamarbeid.

I COIL-prosjektet i studien vår var rolla til læraren å fasilitere, som handlar om å lette lærings- og utviklingsprosessar. Fasilitatoren må vere aksepterande og tillitsskapande. Kunnskap om personlege ulikskapar, leiing av gruppeprosessar og teknikkar for å involvere deltakarane er gode verktøy (18).

Howard Rheingold (19) meiner at studentar har behov for å utvikle digital dømmekraft og lære å navigere i tilgjengeleg informasjon på internett. Han snakkar om kollektiv intelligens, der ein utviklar felles kunnskap gjennom samarbeid. Arne Krokan (20) introduserer omgrepet konnektivisme, der personen etablerer eit personleg læringsnettverk.

Formålet med studien

Formålet med studien var å utforske internasjonale sjukepleiestudentar og -lærarar sine erfaringar med virtuelt samarbeid og å systematisere erfaringane til bruk i framtidige fullskala COIL-opplegg.

Metode

Studien har eit kvalitativt design med intervju som datainnsamlingsmetode. Me samla inn erfaringar frå norske og gassiske lærarar og studentar ved hjelp av fokusgruppeintervju og individuelle intervju.

Fokusgruppeintervju er ein fokusert gruppesamtale mellom informantar som kjenner temaet, der moderatoren stiller opne spørsmål og informantane diskuterer. Interaksjonar og refleksjonar i gruppa gjev rike data fordi ein får fleire innfallsvinklar til det ein diskuterer, og det at informantane utviklar forståinga si gjennom samtalen, gjer at dei kan gå djupare inn i temaet (21, 22).

Me analyserte dataa ved hjelp av Lindseth og Norberg (23) sin fenomenologiske hermeneutiske metode, som går ut frå at menneske tenkjer og handlar ut frå normer, verdiar og haldningar som ein berre delvis er medviten om.

Resultat

Me fann to hovudtema, som me har kalla «Tilgjengeleg og kjend kommunikasjonsplattform» og «Pragmatiske pedagogiske rettleiingsmetodar».

Tilgjengeleg og kjend kommunikasjonsplattform

Lærarane og studentane hadde ulike haldningar og erfaringar med omsyn til å nytte Facebook som kommunikasjonsplattform. Facebook er kjent, men det er også utfordringar knytt til å bruke det sosiale mediet i fagleg læring. 

Vanskeleg å skilje privat og profesjonell samhandling

Nokre norske lærarar fortalde om tekniske startvanskar og var skeptiske til korleis Facebook kunne invadere privatlivet. Dei tekniske startvanskane var knytte til etablering av grupper og innmelding i dei. For å handtere desse utfordringane la nokre av studentane og lærarane kvarandre til som vener, og andre fekk det til utan. Herfrå kom opplevinga av at privatlivet vart invadert.

Ein lærar fortel: «Eg følte det vart for invaderande då dei gassiske studentane la meg til som ven [...] Det er viktig for meg å skilje den profesjonelle rolla og den private» (L1).

Fleire studentar og ein lærar var framleis ven med internasjonale studentar og ville halde kontakt etter prosjektperioden. Studentane erfarte at den personlege profilen i Facebook gjorde relasjonane personlege, gav grunnlag for djupne i samtalane og ynske om fysisk utveksling. Kommunikasjonsplattforma var kjend og lett tilgjengeleg via telefon, og kommunikasjonen vart av nokre studentar opplevd som synkron.

Ein av studentane sa: «Eg har jo alltid telefonen med meg» (S4). Både studentar og lærarar var medvitne om farar ved å legge ut sensitive opplysingar på nettet, men framheva likevel at dei hadde fått verdifull kontakt og kunnskap ved internasjonalisering via Facebook.  

Effektar av virtuell asynkron internasjonalisering

For sjukepleieutdanninga gav COIL høve til 100 prosent internasjonalisering heime.

Kommunikasjonen i Facebook-gruppene var asynkron, og både lærarar og studentar hadde ynskt noko synkron kommunikasjon i oppstarten. Ei ulempe med asynkron kommunikasjon var forseinking i respons. Det var frustrerande for norske studentar og til hinder for aktiv diskusjon og flyt i dialogen. Ein student sa: «Me venta gjerne tre til fire dagar på svar, før me fekk gjort noko meir» (S2).

Både norske og gassiske studentar sa det var krevjande å kommunisere på engelsk.

Nokre gassiske studentar fortalde at manglande tilgang til internett hindra dei i å svare. Ein norsk student sa at ho fekk raskare svar når ho tok omsyn til tidsskilnaden ved publisering av kommentarar. Både norske og gassiske studentar sa det var krevjande å kommunisere på engelsk. Ein gassisk student sa: «Det tok tid å svare fordi eg hadde utfordringar med det engelske språket» (L7) (vår omsetjing).

Språkutfordringane gjorde at asynkron kommunikasjon også var tenleg. Det gav høve til språklege og faglege førebuingar før ein delte informasjon. Nokre studentar etablerte parallelle diskusjonar i Messenger for å reflektere og drøfte. Andre tok refleksjonane med seg inn i fritida og diskuterte opplevingane med vener.

Pragmatiske pedagogiske rettleiingsmetodar

Lærarane drøfta behovet for tydelege rammer og struktur i COIL for å tydeleggjere forventningane til studentane. Både studentar og lærarar sa at rettleiinga i COIL vart annleis enn tradisjonell rettleiing i sjukepleiestudiet.  

Me nytta fasilitering som støttande rettleiingsform

Å rettleie internasjonale studentgrupper var nytt og forvirrande i starten. Studentane skulle finne svar på oppgåver på tvers av landa. Lærarane kjende ikkje kvarandre godt, og dei kjende ikkje dei faktiske tilhøva i det andre landet, men dei samarbeidde likevel godt. Dei hadde ei undersøkjande tilnærming i rettleiinga. Det handla om å gjere studentane trygge, motivere dei til å gå i dialog og utforske ulike tema.

Lærarane gav subtil støtte gjennom å trykkje «like» og kommentere positivt på innlegg. Noko av rettleiinga var knytt til språkutfordringane. Ein gassisk lærar sa: «Som lærar hjelpte eg studentane i prosessen med å formulere svar og rettleia dei til å forstå» (L7) (vår omsetjing).

Lærarane og studentane sin aktivitet i gruppene påverka kvarandre.

Studentane opplevde det som positivt at lærarar frå begge landa var i Facebook-gruppene. Det bidrog til likevekt. Studentane utfordra seg sjølve, var saklege og arbeidde med oppgåva. Nokre studentar sa dei fekk stor fridom ved at lærarane berre leia dei inn på diskusjon kring oppgåvene, og lét dei gjere resten sjølve. Lærarane og studentane sin aktivitet i gruppene påverka kvarandre.

Ein student sa: «Eg tykkjer det var bra at læraren var i gruppa og kunne sjå kva me skreiv [...] men eg hadde ynskt meir respons» (S5).  

Djupnelæring tek tid

Både lærarar og studentar heldt fram tid som ein avgjerande faktor i virtuell utveksling. Studentane fortalte om seg sjølve og delte bilete i starten, men dei hadde ynskt meir tid til sosialisering før dei starta på oppgåva.

Aktiviteten i gruppene var sprikjande. I ei gruppe hadde dei norske studentane peikt ut ein student til å koordinere gruppeinnlegg, for å få flyt i diskusjonen.

I ei anna gruppe svara studentane meir usystematisk. Studentane viste at dei hadde lese og motteke meldingar ved å kommentere og like meldingane. Dei ynskte fyrstehandsinformasjon frå kvarandre, men var også opptekne av å sjekke truverdet av informasjon dei fekk. Nokre studentar tok kontakt med lærarar via Messenger for å kvalitetssikre informasjon.

Det var ulikt i gruppene om det var dei gassiske eller norske studentane som var mest aktive. Ein gassisk student som var med i to grupper sa: «Me hadde gode samtalar, men det var ei gruppe som verkeleg ikkje svara sjølv om du spurde» (S8) (vår omsetjing).

Eit par lærarar sa at studentane lærte ein del om og av kvarandre, men at den djupe forma for samlæring mellom kulturar ville krevje meir enn tre–fire veker. Ein lærar påpeikte dette: «Sjukepleiestudentane er unge menneske, og eg tenkjer det er normalt at dei ikkje går inn på djupe ting utan å kjenne kvarandre godt» (L3).

Diskusjon

Formålet med studien var å utforske sjukepleiestudentar og lærarar frå to land sine erfaringar med internasjonalt virtuelt samarbeid. Funna viser at det er behov for avklaringar med omsyn til læraren si rolle som fasilitator. Informantane hadde ulike haldningar til å nytte Facebook i virtuell utveksling. Dei såg både fordelar og ulemper ved asynkron kommunikasjon.  

Sosiale relasjonar vart ein dimensjon i virtuell læring

Det at Facebook blir nytta i akademisk læring, hevdar Niu ikkje er nytt (9). I den norske utdanningsinstitusjonen hadde det vore policy om ikkje å inngå venskapsrelasjonar i sosiale medium med studentar, og idet studentar byrja å leggje lærarar til som vener, vart den profesjonelle lærarrolla utfordra.

Sheldon (24) seier haldningane akademisk personale har til sosiale medium, er i ferd med å endre seg. Fleire no, enn i 2010, godtek veneførespurnader på Facebook frå studentar. Nokre lærarar såg det som ei sosial plikt å godta førespurnaden, men dei færraste brukte Facebook-relasjonen til fagleg kommunikasjon utanom COIL.

Tidlegare studiar (9) viser at sjølv om Facebook fungerer godt som samarbeidsplattform i akademia, opplever fleire at det utfordrar privatlivet. Facebook er heller ikkje designa for å dekkje formelle læringsbehov.

På den andre sida opnar den personlege profilen for effektiv internasjonal kommunikasjon. I eit virtuelt utvekslingsprosjekt mellom sjukepleiestudentar frå Hongkong og Sverige starta dei med formell kommunikasjon gjennom e-post. For å få meir effektiv og fleksibel kommunikasjon gjekk dei over til sosiale medium (11).

Facebook var ein døropnar for personlege relasjonar.

Studentane i studien ønskte å bli kjende med kvarandre og få gode diskusjonar kring faglege spørsmål. Facebook var her ein døropnar for personlege relasjonar. I tidlegare studiar er det den sosialiserande eigenskapen ved Facebook som har vore avgjerande for bruken (9, 12).

Refleksjonar om at Facebook kan invadere privatlivet, kan vere ein del av det å utvikle digital dømmekraft. Rheingold (19) seier at i staden for å leggje vekt på om sosiale medium trugar personvernet eller påverkar oss negativt, kan me utvikle kunnskap om intelligent bruk av sosiale medium. Via sosiale nettsamfunn kan ein knyte kontakt med kunnskapsrike personar og nettstader, og danne personlege læringsnettverk (20).

COIL skal auke den interkulturelle kompetansen til studentane (6). Gjennom danning av sosiale relasjonar med eit venskapspotensial kan den interkulturelle kompetansen auke fordi det finst eit ønske om å bli kjend med eit anna menneske (11).

Asynkron kommunikasjon ga tryggleik

I studien fann me at studentane fekk presentert seg sjølve på ein trygg og verdig måte i asynkron kommunikasjon i Facebook. I ein liknande studie framhevar Righetti og medarbeidarar (15) verdien av at studentane får tid til å reflektere før dei postar, noko som reduserer språkbarrierar.

For å få personleg vekst gjennom internasjonalisering må studentane likevel få kjenne seg sårbare i møte med andre språk og kulturar. Herfrå kan ein utvikle kreative kommunikasjonsferdigheiter til bruk i sjukepleiepraksis (8).

Å kjenne på uvisse kan gje djup læring. Synkron kommunikasjon i virtuell utveksling, der studentane blir utfordra på språk og leiing, har ført studentar ut av komfortsona (11, 16). Den asynkrone kommunikasjonen i vårt prosjekt gav trygge rammer og hindra kanskje kreative kommunikasjonsutvikling i nokon grad, men fordi dei gassiske studentane hadde avgrensa tilgang til internett, var asynkron kommunikasjon på Facebook det som gjorde samarbeidet mogleg.

Synkron kommunikasjon kan gje tekniske vanskar og krev meir koordinering med omsyn til tidssoner (13, 17). Funna våre viser at studentane oppnådde vekst og læring gjennom å reflektere medan dei venta på svar.

Korleis påverka lærarane som fasilitatorar?

I studien vår var lærarane fasilitatorar i Facebook-gruppene. Dei støtta studentane i å finne informasjon og å våge å kommunisere med internasjonale partnarar. Dette er kjernen i fasilitering, å lette læring for studentane gjennom å tryggje dei, heller enn å leie arbeidet (18).

Lærarane erfarte at måten dei fasiliterte på, påverka studentarbeidet. Studentane var oppfordra til å dra diskusjonane i gang, men var likevel avventande. Lærarane var usikre på kor tidleg dei skulle gripe inn. Forsking viser at når fasilitatoren tek leiinga, kan ein ta frå studentane noko av den djupe læringa som krev at ein går ut av komfortsona. Samtidig må graden av ubehag og støtte stå i balanse for å hindre at prestasjonsangsten ikkje overstig meistringsevna (16).

Studentane i studien vår opplevde tryggleik ved at lærarane var i gruppene.

Studentane i studien vår opplevde tryggleik ved at lærarane var i gruppene. Andre studiar har funne at fasilitatorrolla i virtuell utveksling handlar om å støtte studentane i eksponering av seg sjølve, støtte relasjonsdanning og gje ansvar for eiga læring (11, 13).

Studentinformantane våre sa at når dei såg at andre hadde trykt «like» på innlegga deira, opplevde dei å vere høyrde. Når dei sjølve trykte «like» på andre sine innlegg, opplevde dei at dei kommuniserte. Dette står i kontrast til lærarane sine oppfatningar av kva kommunikasjon er, men Rheingold (19) seier at ein må vite at det å trykkje «like» er eit første steg i digital samhandling. Ein opplever at ein er deltakande og etter kvart kan utvikle større engasjement.

Konklusjon

Prosjektet vårt varte i underkant av fire veker. Erfaringar frå studentar og lærarar viser at studentar kan lære av og om kvarandre på den tida, men at det er for kort tid til djup læring. Om ein ønskjer at studentane skal lære saman på tvers av landegrenser, må ein utvide kontaktperioden.

Trass i skepsis grunna personvern ser me at den personlege profilen til Facebook bidrar til å danne relasjonar, som er målet med internasjonalisering. Det fordrar merksemd på digital dømmekraft. Asynkron kommunikasjon kan vere ein fordel med omsyn til å redusere behovet for koordinering og gi rom for refleksjon, diskusjon og språkleg førebuing. Kva fasilitatorrolla inneber, må vere tydeleg for lærarar og studentar.

Referansar

1.       Suny Coil Center. What is COIL? Suny Coil Center. Tilgjengeleg frå: https://online.suny.edu/introtocoil/suny-coil-what-is/ (lasta ned 07.05.2021).

2.       Meld. St. 7 (2014–2015). Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024. Oslo: Kunnskapsdepartementet; 2014. Tilgjengeleg frå: https://www.regjeringen.no/contentassets/e10e5d5e2198426788ae4f1ecbbbbc20/no/pdfs/stm201420150007000dddpdfs.pdf (lasta ned 04.05.2021).

3.       Meld. St. 18 (2014–2015). Konsentrasjon for kvalitet. Strukturreform i universitets- og høyskolesektoren. Oslo: Kunnskapsdepartementet; 2014. Tilgjengeleg frå: https://www.regjeringen.no/contentassets/86d1e31e78b44de6a3a15e913b092bf4/no/pdfs/stm201420150018000dddpdfs.pdf (lasta ned 04.05.2021).

4.       Meld. St. 16 (2016–2017). Kultur for kvalitet i høyere utdanning. Oslo: Kunnskapsdepartementet; 2017. Tilgjengeleg frå: https://www.regjeringen.no/contentassets/aee30e4b7d3241d5bd89db69fe38f7ba/no/pdfs/stm201620170016000dddpdfs.pdf (lasta ned 04.05.2021).

5.       Meld. St. 7 (2020–2021). En verden av muligheter. Internasjonal studentmobilitet i høyere utdanning. Oslo: Kunnskapsdepartementet; 2020. Tilgjengeleg frå: https://www.regjeringen.no/contentassets/3e623f4c93b04cbcadc289224d06de84/no/pdfs/stm202020210007000dddpdfs.pdf (lasta ned 04.05.2021).

6.       O’Dowd R. Virtual exchange and internationalising the classroom. Training Language and Culture. 2017;1(4):8–24.

7.       Roy A, Newman A, Ellenberger T, Pyman A. Outcomes of international student mobility programs: a systematic review and agenda for future research. Studies in Higher Education. 2018;44(9):1630–44.

8.       Heiberg IG, Dahl H, Eriksen KÅ. How can studying abroad nurture nurse students’ intelligent kindness? Nurse Educ Practice. 2019;41:10264.

9.       Niu L. Using Facebook for academic purposes: current literature and directions for future research. Journal of Educational Computing Research. 2019;56(8):1384–1406. DOI: 10.1177/0735633117745161

10.     Todhunter F, Hallawell B, Pittaway D. Implementing a virtual exchange project for student nurses in Queensland and Nottingham. Nurse Education in Practice. 2013;13(5):371–6.

11.     Engle AC, Nyback M-H. A virtual caravan – a metaphor for home-internationalization through social media: a qualitative content analysis. Nurse Educ Today. 2015;35(6):828–32.

12.     Wihlborg M, Friberg EE. Framework for a virtual nursing faculty and student learning collaboration between universities in Sweden and the United States: a theoretical paper. Nurse Educ Today. 2016;41:50–3.

13.     Wihlborg M, Friberg EE, Rose KM, Eastham L. Facilitating learning through an international virtual collaborative practice: a case study. Nurse Educ Today. 2018;61:3–8.

14.     Daly D, Rasmussen AV, Dalsgaard A. Learning about midwifery in another country from a distance: evaluation of a virtual classroom learning session. Nurse Educ Today. 2019;75:47–52.

15.     Righetti A, Pritchard J, Fornoni L, Scelsi S, Calza S. An online international learning project in an undergraduate children's nursing programme. Nurs Child Young People. 2019;31(3):26–30. DOI: 10.7748/ncyp.2019.e1143

16.     Hyett N, Lee KM, Knevel R, Fortune T, Yau MK, Borkovic S. Trialing virtual intercultural learning with Australian and Hong Kong allied health students to improve cultural competency. Journal of Studies in International Education. 2019;23(3):389–406. DOI: 10.1177/1028315318786442

17.     Carlson E, Stenberg M, Chan B, Ho S, Lai T, Wong A, et al. Nursing as universal and recognisable: nursing students' perceptions of learning outcomes from intercultural peer learning webinars: a qualitative study. Nurse Educ Today. 2017;57:54–9.

18.     Solem A, Hermundsgård M. Fasilitering. Oslo: Gyldendal Akademisk; 2015.

19.   Rheingold H. Net smart. How to thrive online. Cambridge: MIT Press; 2012.

20.   Krokan A. Smart læring. Hvordan IKT og sosiale medier endrer læring. Bergen: Fagbokforlaget; 2012.

21.   Wibeck V. Fokusgrupper. Om fokuserade gruppintervjuer som undersökningsmetod. 2. opplag. Lund: Studentlitteratur; 2011.

22.   Morgan DL. Successful focus groups. California: SAGE; 1993.

23.   Lindseth A, Norberg A. A phenomenological hermeneutical method for researching lived experience. Scand J Caring Sci. 2004;18(2):145–53.

24.   Sheldon P. Facebook friend request: applying the theory of reasoned action to student-teacher relationships on Facebook. Journal of Broadcasting & Electronic Media. 2016;60(2):269–85.

OSLO 1972: Streik blir den ventede sykepleier-reaksjon på statsminister Trygve Brattclis tilbud til Sykepleieraksjonen 1972. Han vil ikke imøtekomme sykepleiernes krav om tre lønnsklassers opprykk, men vil bl. a. foreslå skattepolitiske tiltak. Her aksjonskomiteen f.v. Anne-Lise Bergenheim, Bjørg Wendelborg, Aud Vinje, Christine Thorstensen, Eva Heyerdahl og Anne-Marie Grøygaard, som holder uravsteming pr. telefon til landets sykehus. det er ventet at de ikke vil godta dette. Foto: Vidar Knai / NTB / Scanpi

Sykepleiens historiske arkiv

Sykepleien har dekket sykepleiernes hverdag helt siden 1912.

Finn ditt gullkorn blant 90 000 sider.