fbpx Ein dag å feire Hopp til hovedinnhold

Ein dag å feire

I dag feires den internasjonale sykepleierdagen i anledning Florence Nightingales fødselsdag.

Også i år skal vi markere den internasjonale sjukepleiedagen! Sjukepleiarar over heile verda markerer den. Grunnen til at sjukepleiarane sin dag er akkurat 12. mai er at det var Florence Nightingales fødselsdag. Ho var den første sjukepleiar som samla inn opplysningar, systematiserte dei og sette i gang tiltak utifrå dei resultata ho fann. Ho er derfor rekna som den moderne sjukepleien si mor. Sjukepleieyrket har forandra seg frå Florence Nightingale starta den første sjukepleieskolen i 1860 i verda, (i England) og fram til no. Men å arbeide kunnskapsbasert er særdeles viktig også i dag.

På denne dagen kan både vi sjølve, og befolkninga elles, sette fokus på sjukepleiarane og det viktige arbeidet som yrkesgruppa utfører. Sjukepleiarane er uerstattelige! Vi arbeider i alle faser av livet, både med det friske mennesket, og når mennesket er på det mest sårbare: når sjukdom og ulykker råkar, og i livets siste fase. Ein veit aldri kven som treng vår bistand, og vi er alltid beredt. Ja, Norsk Sykepleierforbund sitt motto då forbundet var nystarta var faktisk «Alltid ferdig».

I Norge har vi velutdanna flinke kvinner og menn som sjukepleiarar. Det bidrar til at vi har eit sterkt og godt helsevesen, der sjukepleiarane er bærebjelken i både offentleg og privat helsetjeneste. Vi har eit rettferdig helsevesen, der alle får hjelp uansett om ein er rik eller fattig, etnisk norsk eller innvandrer. Ja, som drosjesjåføren med innvandrarbakgrunn sa: Tenk at det var same mann som opererte både kongen og meg. Dette er viktige verdiar å ta vare på.

Noko som også er viktig å ta vare på, vidareutvikle og ikkje minst sette pris på, er den kompetanse sjukepleiegruppa har skaffa seg. Ein nyleg offentleggjort undersøkelse viser at berre halvparten av sjukepleiarane med vidareutdanning i kommunehelsetenesta får økonomisk uttelling for den ekstra kompetansen dei har skaffa seg. Dette til tross for at fire av seks sei at utdanninga var initiert av arbeidsgjevar. Dette er ikkje noko kommunane kan vere stolte av. Korleis skal dei beholde denne kompetansen når den ikkje blir verdsett?

At sjukepleiarane alltid er beredt viser seg også på ein annan måte. Knapt noko anna yrkesgruppe hiver seg rundt og kjem på vakt på så kort varsel som sjukepleiarar gjer når kollegaer er borte frå jobb på grunn av sjukdom. Eller ein blir beordra på vakt om sommaren eller i høgtider på grunn av for lite folk på jobb. Ein veit at pasientane treng den kompetansen ein sit inne med, og har oftast ikkje samvit til å sei nei når ein blir spurt om å ta på seg ekstra vakt. Likevel høyrer vi frå enkelte på arbeidsgjevarsida at sjukepleiegruppa er lite fleksibel. Det gjer oss frustrerte.

Frustrerte blir vi også når vi ser utlysningar av den sorten som står i Romsdals Budstikke av 8. mai 2014 der den største stillingsbrøken for sjukepleiar er 60 prosent, og det i tillegg mellom anna er lyst ut fire 7,5 prosentstillingar! Slike stillingar burde ikkje forekomme verken i Helse Møre og Romsdal eller andre stadar.

Sjukepleiarar av i dag er også tydelige, modige og stolte. I Norsk Sykepleierforbund ønskjer vi at sjukepleiarane skal vere tydelige samfunnsaktørar. Det er alltid slik at den veit best kvar skoen trykker som har den på. Sjukepleiarar må derfor ut med den kunnskapen ein har om helsevesenet og dets behov for personell, kompetanse og utstyr.

Sterke arbeidstakarorganisasjonar som Norsk Sykepleierforbund, som er opptekne av fagleg forsvarlighet og gode helsetenester i tillegg til gode løns og arbeidssosiale vilkår for medlemane, er derfor viktig som aldri før. Har arbeidstakarar gode vilkår slik at ein greier å stå i arbeid fram til pensjonsalder, så kjem det våre pasientar og brukarar til gode. Og vi veit at når 100.000 norske sjukepleiarar snakkar med ei stemme gjennom Norsk Sykepleierforbund, så blir vi høyrdt.

Fordi vi veit kor viktig sterke arbeidstakarorganisasjonar er, har Norsk Sykepleierforbund i over 20 år gitt hjelp og støtte til kollegaer i utviklingsland i sørøstlige Afrika. Hensikta har vore å skape sterke og sjølvstendige nasjonale sjukepleiarforbund. Gratulerer med dagen alle sjukepleiarar! Bruk din kunnskap og kompetanse både i direkte pasientnær kontakt, men også til å fortelle politikarar og andre om korleis du opplever kvardagen din i det norske helsevesen.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse