fbpx Den vanskelege sanninga Hopp til hovedinnhold

Den vanskelege sanninga

Sjølvsagt bør mange lokalsjukehus verta nedlagde, og sjølvsagt kjem dei ikkje til å verta det, skriver Jon Hustad.

Kunne du ha tenkt deg å føda eit barn på eit sjukehus som tek imot éin baby i veka? Eg plar stilla det spørsmålet til helsepersonell. Eg har enno til gode å møta ein kvinneleg lækjar eller sjukepleiar som svarar ja. Eller for å taka eit personleg døme: Far min døydde av føflekkreft før han var seksti. Hadde han vorte operert på Radiumhospitalet i staden for på det vesle lokalsjukehuset, fortalde lækjarar ved Radiumhospitalet, hadde han truleg overlevt.

Ingen har dokumentert at distanse til eit sjukehus aukar den samla dødsrisikoen i ein folkesetnad, derimot er det til dømes godt dokumentert at små sjukhus har høgre fødselsmortalitet enn store sjukehus. I USA er tommelfingerregelen at eit universitetssjukehus bør ha eit omland på minst fire til fem millionar innbyggjarar. Eit fullt ut spesialisert sjukehus som kan taka alt, bør ha om lag ni millionar. Norske helsepolitikarar veit dette.

Så kvifor seier så sjeldan norske helsebyråkratar, helsepolitikar, Norsk Sykepleierforbund og Den norske legeforening dette enkle: «Vi veit alle at fotballspelarar vert betre av trening, at gongetabellen krev repetisjon og at framsteg er avhengig av stadig meir spesialisering, og slik det er i livet elles, er det òg i sjukehussektoren.»

Her er nokre tentative forklåringar: At fagforeiningane til lækjarar og sjukepleiarar konsekvent skulle gå etter kvalitet, er ein utopisk tanke. Dei tillitsvalde seier sjølvsagt at det er uhyre viktig med kvalitet, og at dei difor må få høgre løn og betre vilkår, for slik å trekkja til seg dei aller beste og så bortetter. Dette er i hovudsak ikkje sant. Fagforeiningar er laug, rolla til fagforeiningar er å verna medlemene mot konkurranse og mot press. I alle større grupper gjeld lova om gjennomsnitt; dei aller, aller fleste fagfolk, som folk elles, er gjennomsnittlege. Gjennomsnittlege menneske ynskjer ikkje å arbeida i høgt spesialiserte institusjonar med tungt kvalitetspress.

Dei tillitsvalde er dessutan sjeldan eller aldri dei verkeleg flinke. Dei verkeleg flinke ynskjer å verta endå betre, dei ynskjer ikkje å nytta tida til kranglar om timelister. Som den amerikanske sosiologen C. Wright Mills sa det: «Lauget er å slutta rekkjene på vegner av den middelmåtige.»

Mykje av den same mekanismen gjer seg òg gjeldande for politikarar. Helsesektoren er no Noregs største arbeidsplass og tek ti prosent av all verdiskaping. Tilsette ved lokalsjukehus er veljarar, veljarar som påverkar andre veljarar, som igjen påverkar andre veljarar. Politikarar har lite eller ingenting å tena på å fornærma veljarane ved å seia at lækjarane på lokalsjukehuset deira ikkje veit kva dei talar om. Dessutan: Om ein politikar seier til ein lækjar at han er inkompetent, syner dette at politikarane har late folk som ikkje tek rette helsefaglege vurderingar få stillingar dei ikkje burde hatt.

Då står vi att med helsebyråkratane, dei som er sette til å forvalta Helse-Noreg, dei som har ansvaret for å halda oppe kvaliteten. Den øvste av desse er Bjørn-Inge Larsen. Han har prøvt seg og gått ope ut og sagt at vi må ha færre sjukehus, og at over femti nyfødde døyr i Noreg kvart år grunna spreiinga av ressursar. Bra det, men alt dette seier han samstundes som han seier at norsk helsestell er særs godt, og at alle får ansvarleg behandling. Sanninga er at helsebyråkratar sit i eit skorfeste og langt på veg har ei umogeleg oppgåve. Engelskmenn kallar eit slikt mandat å snakka ut av båe munnvikane samstundes.

Det er diverre ikkje til å koma utanom: Kvalitet og oppfatninga av kva som er kvalitet, heng sjeldan saman. Den fremste oppgåva til byråkratane er å gje folk inntrykk av at dei får kvalitet, anten denne kvaliteten er reell eller ikkje.

Men om korkje politikaren, lækjaren og sjukepleiarane eller byråkratane kan fortelja folket sanninga om kva som skaper kvalitet, kven skal gjera det då? Svaret burde sjølvsagt vera den fjerde statsmakta, media. Men media er lite interesserte i å gje eit rett bilete; dei fleste medium er lokale og veit at det vil vera eit dødsline å seia at det lokale sjukehustilbodet bør leggjast ned. Dessutan er temaet altfor godt til at det kan handsamast nokolunde nøytralt og objektivt.

Konklusjon: Norsk sjukehuslandskap kjem til å verta halde oppe nokolunde som det er i dag. Det er det dei sjuke i distrikta som betaler prisen for. Dei som er friske, er derimot godt nøgde med at arbeidsplassane vert haldne oppe.
Personleg ser eg eitt godt argument for å halda oppe lokalsjukehusa: Alle fusjonar er dyre, all spesialisering er dyrt. Vi sparer pengar på inkompetanse.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse