fbpx Stigmatisering av menstruasjon gir jenter ei kjensle av skam Hopp til hovedinnhold

Stigmatisering av menstruasjon gir jenter ei kjensle av skam

Ei av hovudutfordringane knytt til menstruasjon fleire stader i verda er skam og kjensla av å vere mindre verdt. Mykje av grunnlaget for redselen og skamma kring menstruasjon er mangelfull kunnskap, skriv Karoline Einang.

Menstruasjon er eit skambelagt tema globalt, og spesielt i låg- og mellominntektsland møter jenter og kvinner store utfordringar kring sin menstruasjon. Nokre stader blir jenter utestengt frå skule og arbeid fordi dei menstruerer.

Eg meiner at menstruasjonen på mange måtar er ei uadressert hindring for faktisk likestilling. Kvifor er det så skambelagt og stigmatisert, og korleis påverkar dette jentene som blir utsette for stigmaet? Å bli belasta med skam kan føre til ei kjensle av å ikkje vere likeverdig, vere annleis og bidra til einsemd, som vidare kan føre til redusert helse, både fysisk og psykisk.

Mange samfunn og kulturar krev at menstruasjonen blir regulert eller avgrensa i ulike grader, som kan føre til store utfordringar for unge jenter i menstruasjonsalder. Enkelte jenter opplever at menarke blir knytt til seksuell debut, og opplever difor vald og diskriminering fordi dei ikkje burde vere seksuelt aktive, i medhald av samfunnets haldningar til unge jenter.

Tabu og stigmatisering går på tvers av stad, tid og religion.

Når ein ser på ulike måtar å regulere menstruasjonen på, i ulike stader i verda, kan ein få eit inntrykk av at tabu og stigmatisering kring menstruasjonen går på tvers av stad, tid og religion, då ein kan sjå igjen likskap fleire stader.

Redde for å bli avslørt som ureine

I mangelen på aksept frå samfunnet kan jenter oppleve ei kjensle av skam og å vere mindre verdt, som kan vere skadeleg dersom det ikkje er mogleg å endre årsaka til skamma. Saman med denne skamma kjem opplevingar av redsel, reelle avgrensingar og restriksjonar for aktivitet og deltaking i samfunnet.

Fleire stader i verda opplever jenter restriksjonar for kva dei kan gjere, kven dei kan vere saman med, eller kven og kva dei kan vere borti når dei menstruerer. Forsking viser at mangel på tilfredsstillande menstruell hygiene kan føre til skam fordi jenter er redd for å bli avslørte som ureine eller bli gjort narr av grunna lukt eller merker på klesplagg.

Nokre jenter sluttar på skulen på grunn av mangel på sanitære forhold og hygieneartiklar og redsel for å bli utsett for skam. Fleire opplever også plager med urinvegsinfeksjonar og liknande fordi dei bruker ureine klutar tett mot underlivet når dei blør.

I Nepal opplever jenter å bli forvist til såkalla «menstruasjonshytter» fordi dei ikkje får ta del i samfunnet eller bu under same tak som resten av familien under menstruasjonen.

I blant anna Etiopia får ikkje jenter oppsøke kyrkjer eller moskear når dei menstruerer fordi ein ansar menstruasjonsblodet som skittent. Ein kan ikkje sjå nokon praksis for å undersøke om kvinner menstruerer, noko som vil tilseie at kvinnene sjølv tek initiativ til ekskluderinga grunna sjølvstigma.

Tabubelagt

Jenter i menstruasjonsalder møter avgrensingar når det gjeld utdanning og likestilling. Forsking viser at få jenter våger å handtere menstruasjonen når dei er på skulen, grunna ingen eller dårleg tilgang til toalett og vatn, hygieneprodukt eller privatliv, i redsel for å bli avslørt som menstruerande.

Redselen for å bli avslørt som urein kan føre til at jenter unngår situasjonar der slik avsløring kan oppstå. Opplevinga av å bli offentleg skammeleggjort av medstudentar på grunn av menstruasjonen kan ha store konsekvensar for sjølvbiletet til eit individ.

Mange jenter manglar informasjon om menstruasjonen.

Mykje av grunnlaget for redselen og skamma kring menstruasjon er mangelfull kunnskap. Menstruasjon er kraftig tabubelagt, som gjer det vanskeleg å snakke om. Mange jenter manglar informasjon om menstruasjonen ved menarke som gjer at det kjem som eit stort sjokk. Dei opplever skam kring det å snakke om seksualitet og reproduksjon med vaksne, spesielt vaksne menn.

Ei studie frå Nepal viser at 82 prosent av informantane trudde at menstruasjonen var ein forbanning, og at 76 prosent ikkje hadde noko informasjonskjelde om menstruasjon. Ein kunne også sjå at skamma og feilinformasjonen ofte blei overført frå mor til dotter.

Behov for vidare forsking

Ifølge UNFPA er det utfordrande å finne forsking som knyter psykisk helse med menstruell helse. Det finnast avgrensa bevis på at mangelfull handtering av menstruasjon gir fysiske skader utover infeksjonar, men fleire jenter opplever angst og tristhet grunna skam og praktiske utfordringar.

Menstruasjonen kan vere eit hinder for utdanning, deltaking i samfunnet, utvikling og likestilling. Mitt inntrykk er at forskinga i stor grad har handla om stigma og menstruasjon generelt, men lite om konsekvensar på individnivå. Her er det behov for vidare forsking for å handtere den breie stigmatiseringa av ein heilt naturleg kroppsfunksjon som ein viktig del av arbeidet med seksuell og reproduktiv helse og rettigheiter.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse