fbpx Velg orda dine med omsorg Hopp til hovedinnhold

Velg orda dine med omsorg

Mannen vart ved overlevering beskrive som sur, sint og hissig. Dette gav konsekvensar for korleis han vart møtt av sjukepleiaren, skriver Sigrund Breistig.

Me kvidde oss til å gå inn til han. Den middelaldrande langtidssjuke mannen. Langtkommen kreft, infeksjon og nedsatt evne til å ta hand om seg sjølv. Det var ikkje det at han trengde mykje pleie som gjorde at me vegra oss, men han var visstnok sur, sint og hissig. Me venta til han ringde på. Var forsiktige på foten. Passa på å ikkje spørje for mykje. Var korte og presis i stellet. Lot han få mest muleg fred. Me ville ikkje gjera han like sint som han hadde vorte på sjukepleiaren som gav rapport.

Formar handlingane våre

Mannen vart ved overlevering beskrive som sur, sint og hissig. Dette gav konsekvensar for korleis han vart møtt av sjukepleiaren. Språk er makt skriv professor Blakar (2006). Han viser til korleis orda me brukar gir mønster for praksis. Blakar si bok er over tretti år, men har vore utgitt i fleire utgåver sidan. Noko av det viktige han viser i boka er at orda me vel å bruka, er ikkje berre er beskrivingar, men dei gir oss også assosiasjonar og er knyt til kjensler. Såleis vert orda så betydningsfulle fordi kjenslene orda ber med seg formar handlingane våre.

Snakkar me om pasientane som masete, krevjande, sure, fornerma, urealistiske eller omtalar me dei som sårbare, treng trøyst, er redde, håpefulle? Desse orda som me vel, gir veg for korleis me handlar i praksis. Orda me gir til kollegaen vår gir assosiasjonar før pasienten har fått ein tjangs. Orda du vel gir veg for praksis. Seier me at pasienten er redd, får me lyst å trøyste, men seier me at pasienten er sint og fornerma vil det gjera at me får lyst til å trekke oss unda. Orda gir også veg for korleis me set rolla vår. Er me den som skal hjelpe, den som trengst eller er me den som står i vegen, som er uønska. Pasienten sin situasjon er uansett den same, men kva rom me gir for omsorg kan bli forma av orda me vel å bruke.

Bruke skjønn i språket

Per Nordtvedt (2008) seier at me legge både bekymringar og omsorg i språket vårt gjennom orda me vel. Språket er då ikkje berre dagleg, men også moralsk og verdilagra, fordi ein i det faglege språket nyttar ord som beskriv korleis pasienten meistrar og opplev ein bestemt situasjonen. Nordtvedt brukar eksempel som det at pasienten strevar og stressar. Dette er ord som kan gi assosiasjonar til at ein treng støtte og motivasjon, medkjensle og trøyst. Martinsen (2005) vil at me brukar skjønn i språket. Det vil då seie at me brukar språket vårt spørjande, ope undrande og vurderande på ein slik måte at me klarar å skjelne det ein er i gong med eller er involvert i.

Når fru Hansen som har fått konstantert uhelbredeleg kreft verken tek til tårer eller stiller spørsmål, konkluderer me med at ho takla det godt, er nok nøgd med livet ho har hatt, er ikkje redd. Eller er me modige og reflekterte nok til å spørje og undre oss over kva me er vitne til no? Kva vil det seie å vere redd? Kva kan me gjere, kva er trøyst?

Livet er livet nå

Kva ord ville du fått på din merkelapp om du var pasient?

Tenk deg i rolla der ditt aktive liv blir rive frå deg, du blir sengeliggande, blottlagt. Du ventar, og ventar, du svettar, du eliminerer, du angrar, du jamrar, du ventar. Livet endrar, livet trugar, livet er livet nå. Er du uendra? Like kjekk? Like modig, stolt og tydeleg?

Kjelder:

Blakar, R.M (2006). Språk er makt. (6.utg.) Pax forlag. Oslo.

Martinsen, K. (2005). Samtalen, skjønnet og evidensen. Oslo. Akribe.

Nortvedt, P. (2008). Sykepleiens grunnlag; Historie, fag og etikk. Oslo. Universitetsforlaget

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse