Det tek ein landsby å rettleia studentar i praksis
Sjukepleiarar som rettleiarar har ikkje berre ei avgjerande rolle for dagens pasientar, men for framtidas helsevesen. For å sikre at dei kan gjere jobben sin, må vi ta strukturelle grep som gjev dei tilstrekkelege ressursar, opplæring og støtte.
I helsevesenet er sjukepleiarar ein stor del av den ryggrada som held systemet oppe, og deira innsats på sjukehus, i heimetenester og på sjukeheimar er heilt avgjerande. Dei utfører eit stort spekter av oppgåver – frå pasientpleie til dokumentasjon og administrativt arbeid.
Men sjukepleiarane har også eit anna, avgjerande ansvar: å rettleie og forme kommande generasjonar av sjukepleiarar. For sjukepleiestudentane er praksisperioden på sjukehus ei svært viktig læringsarena der dei får erfaring, kompetanse og innsyn i dei komplekse oppgåvene i sjukepleiefaget.
Utfordringar påverkar oppfølging
I praksisperiodane skal sjukepleiestudentane møte utfordrande og krevjande situasjonar og utvikle fagleg tryggleik gjennom rettleiing. Slik rettleiing krev ikkje berre fagleg innsikt, men også evna til å formidle kunnskap, støtte studentane i vanskelege situasjonar og stimulere til refleksjon. Men kvardagen som rettleiar byr på fleire strukturelle hindringar som kan utfordre kvaliteten på rettleiinga.
Kva står eigentleg på spel når arbeidsmengde, tidspress, mangel på rettleiingskompetanse og andre strukturelle utfordringar påverkar sjukepleiarane si evne til å følgje opp studentane? Kan det vere slik at dei som har ansvar for å sikre framtidas helsearbeidarar, sjølv står i ein situasjon der dei ikkje får den nødvendige støtta?
Det er meir enn berre fagleg støtte
Å vere sjukepleiar inneber mange roller – pasientkontakt, administrativ ressurs og kollegastøtte. Når dei i tillegg skal fungere som rettleiarar for studentar, stiller det krav som går utover det faglege. Sjukepleiarane skal ikkje berre lære studentane tekniske prosedyrar og teori, men også støtte studentane sin personlege og profesjonell utvikling.
Likevel manglar mange sjukepleiarar formell opplæring i rettleiing. Mange har ikkje fått kurs i korleis dei kan gje konstruktiv tilbakemelding, stimulere til refleksjon, eller forstå kva studentane treng i ulike fasar av praksisperioden. Det kan også vere vanskeleg for rettleiarane å vurdere studentane sine ferdigheiter, særleg når dei ikkje har fått opplæring i vurderingsverktøy og -metodar.
Ressursmangel og tidspress påverkar rettleiinga
I helsevesenet er det stadig snakk om underbemanning og tidspress, og dette er svært merkbart også for sjukepleiarane som rettleiar. Når sjukepleiarane får eit ekstra ansvar i form av rettleiing, vert det ofte vanskeleg å få til ei god balanse mellom pasientomsorg og studentopplæring. Resultatet blir at studentane sine læringsbehov vert nedprioriterte til fordel for umiddelbare krav til pasientbehandling.
Dette får konsekvensar for studentane si læring som ofte blir fragmentert og sporadisk. Studentane får ikkje dei naudsynte samtalane der dei kan reflektere over praktiske erfaringar, drøfte etiske utfordringar eller lære å tolke pasientreaksjonar.
Mange sjukepleiarar opplever at deira rolle som rettleiar blir sett på som ei oppgåve som ikkje vert formelt anerkjent. For sjukepleiarar som må sjonglere pasientomsorg med rettleiing, kan mangelen på støtte frå leiinga føre til ein følelse av at rettleiinga ikkje blir verdsett. Dermed vert studentrettleiing eit sekundært ansvar som ofte får lide når tid og ressursar er knappe.
Leiinga sitt syn påverkar teamet si haldning til studentane
Når kollegaer anerkjenner og støttar rettleiarrolla, skapar dette ei atmosfære der rettleiinga blir prioritert og sett på som verdifull. På den andre sida kan mangel på støtte og samarbeid skape eit arbeidsmiljø der sjukepleiarane føler seg einsame i rettleiarsituasjonen, noko som kan føre til mindre motiverte rettleiarar og eit lågare læringsutbytte for studentane.
Leiinga sitt syn på rettleiing påverkar også teamet si haldning til studentane. Dersom leiinga aktivt fremjar og verdset rettleiing som ein del av sjukepleiarane sine kjerneoppgåver, vil dette sannsynlegvis styrke teamkulturen og auke sjukepleiarane si motivasjon til å satse på rettleiing.
Så korleis kan vi betre rettleiingsvilkåra?
For å styrke rettleiinga av sjukepleiestudentar må vi sjå på heile strukturen rundt sjukepleiaren sitt arbeid.
Ein mogleg veg vidare er å sikre at sjukepleiarane får sett av eigen tid til rettleiing utan at dette går utover pasientomsorga. Det kan innebere at sjukepleiarane får færre pasientar dei dagane dei har ansvar for rettleiing. Å blir møtt med forståing for at ein treng tid i kvardagen til å rettleie ein student er viktig.
Sjukepleiarar som skal rettleie bør få tilbod om kurs i rettleiingsmetodar og vurderingsverktøy. Det vil gi dei verktøy til å støtte studentane på ein god måte og redusere usikkerheita som mange føler i rolla som rettleiar.
La oss bygge landsbyen saman
For at sjukepleiestudentar skal få den kompetansen dei treng for å møte krava i helsevesenet, må vi verdsetje og støtte sjukepleiarane som tar på seg oppgåva som rettleiarar. Det handlar ikkje berre om å utdanne fleire sjukepleiarar, men om å sikre at dei som blir uteksaminert, har den faglege kompetansen, tryggleiken og erfaringa som gjer dei i stand til å utføre sitt arbeid på ein trygg og profesjonell måte.
Sjukepleiarar som rettleiarar har ikkje berre ei avgjerande rolle for dagens pasientar, men for framtidas helsevesen. For å sikre at dei kan gjere jobben sin, må vi ta strukturelle grep som gjev dei tilstrekkelege ressursar, opplæring og støtte. Slik kan vi styrke både sjukepleiarane og studentane – og bygge eit betre helsevesen for oss alle.
0 Kommentarer