fbpx Den vanskelege varslinga Hopp til hovedinnhold

Den vanskelege varslinga

Bildet viser Robin Schaefer.

Det kan vere freistande å sjå vekk.

Sjukepleiarane står dagleg overfor vanskelege val. Det er knapt om både tid og ressursar. Kven eller kva skal eg prioritere? Er system og praksis som dei bør vere? Helsepersonell har plikt til å melde frå om feil. Men dilemma dukkar opp likevel: Kor alvorleg er det? Skal eg varsle? Blir gode kollegaer ramma? Det kan vere freistande å sjå vekk, vike unna.

Oline Hesselberg

Det gjorde ikkje Oline Hesselberg. Sjukepleiaren som for nokre år sidan tok opp uverdige forhold på arbeidsplassen sin, ein privat sjukeheim i Oslo. Den gongen handla det om arbeidsvilkår og om utanlandske tilsette som sov i kjellaren. Ho fekk pris for motet sitt.

Robin Schaefer

I det siste har debatten om varsling fått ny kraft. Vi kjenner hovudtrekka i historia til Robin Schaefer, politimannen frå Bergen. Han meinte at politiet hadde gjort ein dårleg jobb i den såkalla Monika-saka, og tok det opp med leiarane sine. Han blei beden om å halde fingrane frå fatet, men gav ikkje opp. Etter kvart fekk han både rett og fortent heider. Men vegen var tung å gå, også for ein erfaren politimann. Slik den har vore for fleire varslarar.

Fraråder å varsle

Politiets Fellesforbund har åtvara medlemmene sine mot å varsle. I det ligg også ei klar melding til folket: Ikkje stol på politisystemet.

Ein fersk FAFO-rapport viser at vilkåra for varsling har blitt trongare. Ein av fire som har varsla, svarar at dei har blitt møtt med negative reaksjonar. Sjukepleiarane har relativt høg varslingsaktivitet samanlikna med andre yrkesgrupper. Det interne varslingsklimaet er bra, medan ekstern varsling er vanskelegare.

Toppstyrte vedtak

I Noreg skryter vi uhemma av vår unike samarbeidstradisjon i arbeidslivet. Likevel ser vi døme på at bedriftsdemokratiet sviktar. Leiarar informerer og drøftar, men trur dei viser styrke ved å stå fast på eigne standpunkt. Viss tillitsvalde så roper «fagforeiningsknusing» kvar gong dei ikkje får viljen sin, taper både samarbeidet og varslingsklimaet.

Primus inter pares, tradisjonen der leiaren er den fremste blant like, har blitt dømt nord og ned. «Den type leiarar kan vi ikkje stole på. Dei er for lojale til faget, til folket og er for tett på dei tilsette». I ulike ordelag har dette vore bodskapen frå konsulentbransjen som har gjort managementbasert styring til business. Dei har fått gjennomslag, både i kommunesektoren og i helsesektoren. Sjukehusreforma er «prakteksemplaret».

Nåde den sjukeheimsstyrar eller rektor som uttalar seg kritisk til toppstyrte vedtak. Lojalitetsplikta er der sjølvsagt, men det er ikkje opplagt at lojalitet alltid går oppover.

Møtte varslingsveggen

Varsling er vanskeleg. Først og fremst for varslaren, men også for tillitsvalde og for kollegaer. Og for leiarar, som er skolerte til å passe på omdømmet.

Som fagforeiningsleiar blei eg av og til kontakta av folk som hadde møtt varslingsveggen. Ikkje sjeldan viste det seg at saka handla mest om personlege opplevingar av urettferdig behandling, frå overordna, men også frå kollegaer og tillitsvalde. Urett treng ikkje vere ei varslingssak. Men grenseoppgangen kan vere krevjande å handtere, særleg på arbeidsplassen.

Fagforeiningar har ei viktig rolle å spele, også med tanke på denne grenseoppgangen. Endå viktigare er det likevel å verne varslaren. Difor må varsling ha ein sikker plass i tillitsvaldopplæringa.

Fagpressa er også viktig, og må vere uavhengig nok til å kunne følgje sine fagområde med falkeblikk.

Nytt utval

Regjeringa skal sette ned eit varslingsutval. Det trengst. Men det er ikkje nok å drøfte reglar og prosedyrar. Søkelyset må også settast på årsaker til at det er så vanskeleg og så risikabelt å varsle. Trass i vår unike samarbeidstradisjon.

Varsling må ha ein sikker plass i tillitsvaldopplæringa.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse