Galskapens teater

Bilde fra en tax free butikk på en flyplass
UTEN AVGIFT:- Dette er eit merkeleg fenomen. Kven fann på at å reise utanlands skal belønnast med ei kvote alkohol – utan avgift til staten? spør Andres Folkestad.

Tidlegare i haust såg vi fargesprakande reklame for ”grand opening” på Gardermoen, skriver Anders Folkestad.

Det handla ikkje om opning av nye avgangshallar. Nei, det handla om større og flottare areal for ”Duty free”. Dobbelt så stor plass – nesten som ei fotballbane – for alkohol, tobakk, sjokolade og god lukt! Det skulle bli endå betre organisering, fleire kasser, raskare køavvikling.

Merkeleg fenomen

Eg har ikkje vore der etter nyopninga. Men eg tvilar ikkje på at det er lagt til rette for fri flyt. Utgangspunktet var bra frå før. Det finst knapt ein plass i heile landet med så velorganiserte betalingskøar. Kundane får instruksar både ved hjelp av teknologi og hyggelege betjentar. Og det trengst orden i galskapen når hordar av reiseglade nordmenn inntar denne scena. Dei skal bli endå gladare av å haste rundt med handlevogner i jakt på billeg alkohol og tobakk.  

Dette er eit merkeleg fenomen. Kven fann på at å reise utanlands skal belønnast med ei kvote alkohol – utan avgift til staten?

Tidlegare var det meir tungvint. Du måtte handle før du landa i Norge. Men i takt med aukande reiseaktivitet blei reglane endra for nokre år sidan. Og nåde den politikar som er skeptisk til eit slikt gode til dei reisande. Og til Avinor og staten, som får store leigeinntekter.

Forkøyrsrett

Taxfree-businessen har forkøyrsrett. Det såg vi tydeleg då strenge sikringstiltak blei innførde verda over etter 11. september-terroren. Å få med seg ei flaske vatn gjennom kontrollen er klin umogleg. Men for alkohol fann ein raskt ein utveg. Litt ekstra innpakking og ei kvittering er det som skal til.

Forkøyrsretten blei også demonstrert til fulle no i september. Midt i den storslåtte taxfree-utvidinga stod passasjerar i hopetal bom fast i passkø i naborommet. Desse blei ikkje møtt av eit velsmurt kømaskineri med kasser i hopetal, men av mangel på folk til å kontrollere pass. Ei oppgåve som neppe er mindre viktig enn å selje taxfree. Paradokset er så slåande at det blir øyredøyvande taust. Vi høyrer så vidt ein justisminister som toar hendene sine.

Rett nok har det vore kritiske røyster til det aukande taxfree-omfanget. Somme har antyda at Vinmonopolet bør overta drifta. Men forslag om endringar blir møtt med at Avinor treng desse inntektene, og at bortfall av taxfree-pengar vil ramme flyplassane i distrikta. Det er ikkje til å tru: Flyplassnettet og trafikken her til lands er avhengig av at folk får kjøpe alkohol og andre godsaker avgiftsfritt!

Staten, penger og billig rus

Eg har også handla i taxfree-butikken. Så eg går ikkje fri. Likevel vil eg heie på politikarar som maktar å rydde vekk eller avgrense denne merkelege oppfinninga. Ikkje fordi eg er fråhaldsmann. Men vi kjem ikkje unna at alkohol er helseskadeleg, og påfører samfunnet og enkeltindivid store kostnader og lidingar.

Dette handlar heller ikkje om å få bukt med alkohol eller andre rusgifter. Ein viss hang til rus ser ut til å følgje folk i dei fleste kulturar, og har gjort det i uminnelege tider. Presset på helsebudsjetta snakkar vi derimot ikkje så mykje om.

Men at staten skal halde oss med eit system som stimulerer reisande til å handle billeg rus, med argument om at vi fortener det og at det trengst for å finansiere flyplassar landet rundt, er tøys.

Døgnet rundt

Det er alkohollobbyen som viser styrken sin. Og som har fått gjennomslag for at flyplassar er ein naturleg plass å selje alkohol. Her til lands har dei til og med fått gjennomslag for å drive businessen stikk i strid med norsk alkoholpolitikk. På vanlege butikkar er det uråd å få kjøpe ei flaske øl etter kl. 20. På Gardermoen er det fritt fram heile døgnet – alle dagar.