Stor, større – men best?

Googlekart av Norge
Er det så slik at dei største kommunane i dag leverer best? undrar Anders Folkestad.

Det er ikkje sunt når samanslåing – større og færre – blir politisk overtru, som slår over i mani. Der er vi no, skriv Anders Folkestad.

Sist vinter møtte eg to kjenningar – eit par – på gata i hovudstaden. Begge var tidlegare fagforeiningskollegaer. Den eine hadde vore pensjonist eit par år. Den andre skulle snart bli det. Vi snakka om ver og vind og harde forhandlingar. Så fortalde dei at dei snart skulle flytte. Til ein stad vestpå. Men kvifor flytte? Frå byen der dei hadde hatt yrkesliva sine, og med husvære i sentrum. – Vi blir jo ikkje yngre med åra. Difor vil vi bu ein plass der hjelpa er nær, tenestene bra, og der vi lett kan «snakke med kommunen», var svaret.

Eg veit ikkje kva for ei kommune det er, eller om flytteplanane­ baserer seg på tru, håp, heimlengt eller harde fakta.
Men dei kan neppe feste særleg lit til den «faktabaserte» bodskapen frå regjeringa:  

  • Større kommunar, men færre folkevalde skal gi meir demokrati og betre tenester
  • Større, men færre sjukehus, skal gi betre helse
  • Større, men færre politidistrikt skal gi betre tryggleik
  • Større, men færre universitet og høgskular, skal gi meir kunnskap
  • Større, men færre gardsbruk, skal gi meir og betre mat
  • Større, men færre regionar skal gi eit eller anna betre, men regjeringa har enno ikkje funne ut kva   

Slik er regjeringa sitt store moderniseringsprosjekt: Fornye og forstørre. Men forbetre?

Politisk overtru

Det finst sjølvsagt gode grunnar til nyorganisering, til større einingar. Særleg for somme kommunar. Men det er ikkje sunt når samanslåing – større og færre – blir politisk overtru, som slår over i mani. Der er vi no.

Det fekk vi demonstrert då samanslåingsminister Jan Tore Sanner i slutten av april skulle kommentere resultatet frå folkeavrøystingar om kommunesamanslåingar. Fleirtalet var mange stader avvisande eller usikre. Men ikkje ministeren. Han heldt hardnakka på sitt: «Større kommunar er betre «velferdskommunar».

Er det så slik at dei største kommunane i dag leverer best? At innbyggarene er meir fornøgde med velferdstilbodet dess større kommunen er? Nei, i «beste» fall er det ingen påviseleg samanheng. 

Penger og prestisje

Men akkurat no bit heller ikkje slike lister på ivrige statsrådar. Dei går på autopilot, og har pugga manuset. Dels svingar dei pisken, dels viftar dei med gulrotbuntar. Pavlov har gode tider i politikken. 

Det ser vi på ordførarar, høgskuledirektørar og andre som er redde for å miste pengar eller prestisje. Dei siklar eller skjelv, alt etter som. Fleire viser også polygamiske anlegg i stor stil. Dei flørtar ivrig med mange partnarar på ein gong. Det er kanskje kjekt medan det står på. Men dei slit med å forklare kva som er fusjonsgevinstane. Somme hevdar at samanslåing er nødvendig for å hevde seg i «konkurransen» med andre. Andre meiner at større einingar, på like diffust vis, skal gi betre kvalitet. Eller så tyr ein enkelt og greitt til at stort er best, og i alle fall mest kostnadseffektivt. 

Det slår ikkje alltid til: Eit felles gigantsjukehus i hovudstaden skulle gi årleg innsparing på 8–900 millionar. Så langt er dei årlege meirkostnadene 3 milliardar! (Professor M. Øgård).

Felles kamp

Ei vedkjenning: Eg har budd i både Ørsta og Volda kommunar, klassiske nabofiendar. Men i ingen av dei no. Likevel synest eg dei to skal slå seg saman til ein kommune. Ikkje fordi eg trur at tenestene blir betre, eller at ein dermed «slår» nabokommunane. Men fordi det blir endå lettare å mobilisere til kamp og til fakkeltog for å berge lokalsjukehuset!
Korleis det har gått med flytteplanane til kollegaene mine, veit eg derimot ikkje.