fbpx Vil snikinnføre søndag som arbeidsdag Hopp til hovedinnhold

Vil snikinnføre søndag som arbeidsdag

Regjeringa sitt forslag til endringar av arbeidsmiljølova vil gjere sjukepleiaryrket mindre attraktivt, skriv Unio-leder Anders Folkestad.

Regjeringa har foreslått omfattande endringar i arbeidsmiljølova. Unio – med støtte frå medlemsforbunda – avviser dei aller fleste forslaga. Vi protesterer når «grunnlova» i arbeidslivet blir svekt. Vernet for arbeidstakarane blir dårlegare. Det er skadeleg for rekrutteringa til helsesektoren.
Dersom regjeringa får gjennomslag for forslaget til ny arbeidsmiljølov, vil det mellom anna seie at tolv timars arbeidsdag kan bli vanleg og at søndagsarbeid går frå å vere unntaket til å bli normalt. Dessutan får arbeidsgjevarane meir makt. Den enkelte arbeidstakaren må i større grad enn før ta vare på seg sjølv. Alle desse forslaga vil få følgjer for sjukepleiarane. I tillegg vil meir bruk av mellombels tilsette, som òg er eit av forslaga frå regjeringa, kunne slå negativt inn i helsesektoren. Vi ser i dag mykje bruk av vikarar og korttidskontraktar, og det er fare for at denne praksisen vil bli meir utbreidd. 

Arbeid på søndagar

Unio legg til grunn at arbeidsmiljølova er og skal vere ei vernelov. Arbeidstidsreglane skal balanserast mot risiko for feil og arbeidsulykker, slik at arbeidstakarane ikkje utset seg sjølve og andre for fare. Forslaga som no er fremja, byggjer ned dette vernet. Difor reagerer Unio kraftig.
Sjukepleiarane er velkjende med å arbeide på søndagar. Rett og slett fordi det er nødvendig. Helsetenester trengst til alle døgnets tider, året rundt. Likevel må det vere eit mål å avgrense omfanget av søndagsarbeid, slik dagens lov legg til grunn. No føreslår regjeringa nye reglar som i praksis normaliserer søndagsarbeid. Vi går frå ein situasjon der søndagsjobbing er unntaket, til at det kan bli normalen. Arbeidsgivaren i større grad vil kunne påleggje arbeidstakaren å jobbe på søndagar. Unio meiner at det er ei snikinnføring av søndag som arbeidsdag.
«Fleksibilitet» er grunngjevinga for dei fleste forslaga når det gjeld arbeidstid. I realiteten ein fleksibilitet som skal tilpassast arbeidsgivaren sine behov. Slik lovforslaget er utforma, opnar det for at det skal kunne arbeidast 26 søndagar på rad, altså kvar søndag i eit halvt år! 
Då Dagbladet intervjua sjukepleiarekteparet Øystein og Kirsti Vettran Nederhoel om dette, var svaret: «Hvis dette blir den nye hverdagen for oss som jobber turnus, vil vi ikke få en eneste søndag sammen med familien». Dei meinte at redusert stilling ville vere løysinga på ein slik arbeidssituasjon.
Kven skal bestemme? Arbeidstidsordningar utover grensene til arbeidsmiljølova blir i dag avtalte med fagforeiningane. Forbunda sentralt har det siste ordet. Ifølgje arbeidsminister Robert Eriksson er dette ei tvangstrøye. Han vil derfor at makta skal flyttast bort frå fagforeiningane sentralt, og at Arbeidstilsynet i framtida skal ha det siste ordet.
Unio meiner at forslaget byggjer på eit konstruert behov. Regjeringa legg til grunn at mange alternative arbeidstidsordningar blir stoppa av dei fagforeiningane sentralt. Dei tillitsvalde og medlemmene i NSF veit at det ikkje er slik. Det finst massevis av alternative turnusordningar, forhandla fram lokalt, og godkjende sentralt. 
Forslaget frå regjeringa vitnar om sterk mistillit til fagorganisasjonane. Men verre er det at fagforeiningane skal få dårlegare vilkår til å verne medlemmene og vareta arbeidssituasjonen og helsa deira. 
Arbeidsminister Eriksson aksepterer tydelegvis ikkje at ordninga vi har i dag har vore både fleksibel og ansvarleg. Forsking og erfaring viser at systemet fungerer (Fafo 2010) og at det ikkje hindrar nye måtar å ordne turnusar på. 

Mellombelse stillingar

Unio og andre fagorganisasjonar går klart imot at det skal bli enklare for arbeidsgivarane å tilsetje folk på tidsbestemte arbeidskontraktar. 
Ved å redusere arbeidsgjevar sin risiko vil fleire unge eller «utsette grupper» få jobb, er argumentet. I tillegg til at dette er eit retorisk grep, der ein skuvar «svake grupper» framfor seg, stadfester dette at arbeidsmarknaden i aukande grad er og bør vere segmentert.
Dermed legg regjeringa til rette for at arbeidsgjevarar skal kunne sortere mellom dei som er på A-laget, og som kan tilsettast utan særleg risiko, og dei som i utgangspunktet er på B-laget eller C-laget, og som det er knytt stor risiko til. Det er også desse som utan vidare kan sendast av banen.
Det bør vere eit problem for statsråd Eriksson at også dei funksjonshemma sine organisasjonar avviser dette forslaget. Dei meiner, som oss, at det med fleire mellombelse stillingar blir vanskelegare å få fast jobb, og at fleire utsette grupper blir stengde ute frå den ordinære arbeidsmarknaden.

Dårleg likestillingspolitikk

Det er allereie fleire kvinner enn menn i mellombelse stillingar i Noreg. Ein analyse Fafo har gjort for Arbeids- og sosialdepartementet, viser at mellombelse tilsetjingar er mest utbreidde i kommunale og statlege verksemder. I kommunane var 11,4 prosent av arbeidsstokken mellombels tilsett i 2012. Nesten 80 prosent av dei tilsette i kommunesektoren er kvinner. I tillegg er denne sektoren gjennomsyra av deltidsarbeid. Fleire usikre stillingar er difor skadeleg, også i eit likestillingsperspektiv.
Sjølv om forslaga til ny arbeidsmiljølov er meinte å vere 
kjønnsnøytrale, vil dei, slik vi ser det, ramme kvinner ekstra hardt. Regjeringa har ei plikt til å greie ut kva konsekvensar nye forslag kan få for likestillinga. Vi kan ikkje sjå at regjeringa har gjort jobben sin i dette tilfellet.
Respons Analyse har nyleg gjort ei opinionsmåling for Unio. Målinga viser at folk flest ikkje veit kva forslaget til regjeringa kan føre til. Berre 14 prosent av dei spurde har oppfatta kva endringar forslaget vil medføre når det gjeld overtidsjobbing og søndagsarbeid. Arbeidsministeren har med andre ord vore flink til å pakke inn forslaga til endringar i arbeidsmiljølova ved å snakke om «mindre tilpassingar og justeringar» og «auka fleksibilitet». Den same retorikken har vore brukt frå arbeidsgjevarsida.
Men når vi spør direkte om kva folk synest om forslaga, får vi tydelege svar. Til dømes er seks av ti negative til regjeringsforslaget om å gjere det lettare for arbeidsgivarane å innføre søndagsjobbing. Kvinner er meir negative enn menn. Det er ikkje er overraskande med tanke på at turnusyrka i ekstra grad vil merke endringane.

Drastisk

Summen av forslaga vil innebere ei drastisk endring av det norske arbeidslivet. Rett nok står ein del ytre rammer fast. Men gjennom nye reglar for gjennomsnittsberekning, og meir makt til arbeidsgjevarane blir det mellom anna opna for: 
Turnusar der åtte av ti dagar er tolv timars arbeidsdag
Turnusar på 26 søndagar i strekk
Turnusar som svarer til 79 timars arbeidsveke 
Og kven trur det blir enkelt for arbeidstakarar, særleg dei som er mellombels tilsette, å seie nei takk når sjefen vil strekkje arbeidstida?
Vi veit at helsesektoren må rekruttere tusenvis av sjukepleiarar i framtida. Då burde regjeringa gjere yrket meir attraktivt. Med desse forslaget til ny arbeidsmiljølov risikerer vi at det i praksis blir politisk bestemt at yrket skal bli mindre attraktivt. 
Det er skadeleg. Det får drastiske konsekvensar. Det er feil politikk.




 

Forslaget vil ramme kvinner ekstra hardt.
Anders Folkestad

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse