Er handdesinfeksjon betre enn handvask?
Bakgrunn: Dei norske anbefalingane for handhygiene er at handdesinfeksjon er førstevalet for korrekt handhygiene i dei fleste situasjonar.
Ein skal utføre handvask berre når hendene er synleg skitne. Anbefalingane byggjer på eit solid kunnskapsgrunnlag.
Hensikt: I denne studien viser vi at ein kan reprodusere dei kjende funna om handhygiene og handvask med eit enkelt forsøksoppsett i hygieneundervisninga til sjukepleiarstudentar.
Metode: Studien er randomisert og kontrollert. Forsøkspersonane blir randomiserte til tre grupper, ei som vaskar hender, ei som desinfiserer og ei kontrollgruppe som ikkje gjer handhygiene. Gjennomføring av prøvetaking og vurdering er blinda.
Resultater: Studien viser at handdesinfeksjon gir 59 prosent reine hender, handvask gir 16 prosent reine hender, mens 12 prosent av hendene er reine når ingen handhygiene er gjort. Med 95 prosent konfidensintervall er det signifikant forskjell mellom handdesinfeksjon og handvask, og mellom handdesinfeksjon og å ikkje gjere handhygiene.
Konklusjon: Vi styrker dokumentasjonen for at handdesinfeksjon er betre enn handvask når hendene ikkje er synleg tilsølte, også blant norske sjukepleiarstudentar som nettopp har lært korrekt handvask. Studien viser ein pedagogisk metode med to siktemål: Å visualisere effekten av riktig handhygiene for studentane samstundes som dei får praktisk erfaring med kvantitativ metode. Studien inngår i ein pedagogisk samanheng der målet er kvalitetslæring som kan bidra til kunnskapsbasert praksis i handhygiene blant framtidas sjukepleiere.
Referer til artikkelen
Aasbrenn M, Lid R. Er handdesinfeksjon betre enn handvask?. Sykepleien Forskning. 2009; 4(3):174-184. DOI: 10.4220/sykepleienf.2009.0095
Innleiing:
I dag har omgrepet kunnskapsbasert praksis fått solid fotfeste innanfor sjukepleiefaget (1,2). Kunnskapsbasert praksis blir definert som ein praksis underbygd av forskningsbasert kunnskap, erfaringskunnskap og brukarkunnskap (1). Fokus for artikkelen er eit randomisert, kontrollert forsøk (engelsk: randomized controlled trial - RCT) utført i hygieneundervisning for sjukepleiarstudentar ved Diakonhjemmet høgskole. Formålet er at studentane skal gjera seg ei erfaring som stadfestar kunnskapsgrunnlaget for retningslinjene for handhygiene.
Bakgrunn
Frå 2004 er dei offisielle norske
hygieneanbefalingane for helsepersonell å bruke handdesinfeksjon i
staden for handvask i situasjonar der hendene er synleg reine.
Berre når hendene er tilsølte eller er ureina med kroppsvæsker skal
ein velje handvask (3). Desse anbefalingane byggjer på eit solid
forskningsbasert kunnskapsgrunnlag (4,5).
God handhygiene kan redusere talet på sjukehusinfeksjonar med
30-50 prosent (6). Handdesinfeksjon med eit alkoholbasert
desinfeksjonsmiddel er det beste valet for handhygiene i dei aller
fleste situasjonar. Denne kunnskapen er bakgrunnen for dei
offisielle norske retningslinjene for handhygiene (3,7).
Desinfeksjon er det beste valet for handhygiene etter kontakt
med pasientens hud, slimhinner, væsker eller ekskret.
Handdesinfeksjon er også det ein skal bruke etter kontakt med
overflater nær av pasienten, og etter at ein som pleiar har tatt av
seg hanskar. Likeeins skal ein gjere handdesinfeksjon før all
direkte kontakt med pasientar og før sterile prosedyrar (3).
Handvask med såpe og vatn har i dag ein liten plass i
forskningsbasert handhygiene. Ein bør vaske hender når hendene er
synleg tilsølte med blod eller andre væsker, før mat og etter
toalettbesøk (3).
Det er minst tre årsaker til at helsepersonell bør desinfisere
hendene i staden for å vaske dei i dei fleste situasjonar. For det
første gir handdesinfeksjon med eit alkoholbasert
desinfeksjonsmiddel sterkast og raskast effekt mot dei fleste
mikrobar, både bakteriar, kappekledde virus og sopp (8). Ved
sporedannande bakteriar og enkelte virus bør ein bruke andre
prosedyrar i tillegg (9).
I tillegg vil handdesinfeksjon med middel tilsett glyserol
skåna hendene mot irritasjon, og hindra utvikling av eksem.
Randomiserte undersøkingar har vist at desinfeksjonsmiddel gir
signifikant mindre tørre hender enn alminneleg vask, både evaluert
av pleiarane sjølve og vurdert av hudlegar. Dette kan igjen gjere
at fleire følgjer anbefalingane (10,11).
For det tredje tar ein korrekt desinfeksjon under ein tredjedel
av tida ein god handvask tar, og blir også av den grunn enklare å
gjennomføre mellom alle pasientkontaktane ein har kvar einaste dag
(8,10).
Mange rapportar frå inn- og utland har vist at etterlevinga av
hygieneanbefalingar ikkje er så god som ein kunne ønskje seg. Fram
til år 2000 blei det sjeldan rapportert om meir enn 40 prosent
etterleving av anbefalingane (12). Det blei gjennomført ein
kampanje i Noreg da dei nye retningslinjene kom i 2004-2005, og da
blei det rapportert om skepsis til endringa i rutinane blant
sjukepleiarar (13). Helsearbeidarar må bli overtydde om at det er
viktig å alltid følgje retningslinjene, også når dei ikkje er nye
og mykje omtalte lenger (4, 7). Ei viktig utfordring i åra som kjem
er å få implementert kunnskapen om handhygiene fullt ut i kvardagen
på norske sjukehus, sjukeheimar og andre institusjonar til beste
for pasientane. Nyare norske studiar viser at helsepersonell oftest
gjennomfører riktig handhygiene mellom prosedyrer, men også at det
ved kampanjar er mogeleg å få fleire til å følgje rutinane (14).
Systematiske undervisningsprogram i handhygiene som startar i
studietida kan ha ein positiv effekt (12).
Pedagogisk ramme for studien
Eit viktig formål i profesjonsutdanningar er å
utvikle studentens evne til å bruke informasjon og kunnskap i
framtidig yrkespraksis(15). Eit overordna og langsiktig
læringsutbytte for det randomiserte kontrollerte forsøket i
handhygiene er at studenten som framtidig sjukepleiar utøver fagleg
forsvarleg handhygiene og kan forklare kvifor ho eller han gjer
det.
Det langsiktige målet vidare er sjukepleiarar som vurderer og
brukar forskningsbasert kunnskap. For å oppnå dette er det
pedagogiske siktemålet vårt kvalitetslæring (16). Kvalitetslæring
er djuptgåande læringsstrategier som skal gje forståing, innsikt og
meiningskontruksjon (15). Og vere basert på studentens perspektiv
og studentaktive læringsaktivitetar som konstruerer kunnskap i ein
kontekst med praktisk interesse (15,16). Vi tenkjer oss
kvalitetslæring på to områder: Studentane får for det første sjå
effekt av handhygiene med eigne auge, ved å utforska
bakteriekulturar på agarskåler. Dei får dessutan sjølv prøve å
gjennomføre og tolke ein enkel versjon av eit randomisert
kontrollert forsøk, som er ein av den viktigaste forma metodene i
kvantitativ klinisk forskning.
Det er i dag ein generell tendens i europeisk høgare utdanning å formulere ønska kompetanse som læringsutbytte. Læringsutbytte er kunnskap, ferdigheter og annan kompetanse ein person har tileigna seg eller kan demonstrere etter å ha fullført ein læringsprosess. I kvalitetslæring bør det vere eit konsistent samspel mellom læringsutbytte, læringsaktivitetar og vurderingsordningar (15,16). Vi presenterer her det totale undervisningstilbodet i hygiene i dette teoretiske rammeverket. (Se tabell 1.)
Tabellen viser at RCTforsøket inngår i ein større pedagogisk kontekst, der det i stor grad er samsvar mellom læringsutbytte, læringsaktivitet og vurderingsordning. Spørsmålet vi drøftar i denne artikkelen er om vi gjennom RCT-forsøket har ein metode som gjer at studentar med stor sikkerhet sjølv kan erfare kva for handhygienetiltak som fjernar flest bakteriar. For at forsøk som dette skal gi kvalitetslæring, og ikkje forvirring, må ein validere at forsøksdesignet gir resultat som samsvarar med dei offisielle retningslinjene for handhygiene og den forskningsbaserte kunnskapen. Formålet med artikkelen er å drøfte om dette randomiserte kontrollerte forsøket som er gjennomført med svært enkle middel, med stor sikkerhet kan reprodusere dei kjende funna om handhygiene.
Metode
Tre heiltids- og to deltidskull med sjukepleiarstudentar ved Diakonhjemmet Høgskole har deltatt i forsøket i den perioden dei fekk undervisning i handhygiene. Studien har totalt 257 forsøkspersonar. Forsøkspersonane deltar frivillig og blir ikkje utsett for fare. Vi kan såleis ikkje sjå etiske innvendingar mot studien. (Se figur 1.)
Randomiserte kontrollerte studiar er den beste metoden for vurdering av effekten av eit tiltak av denne karakter (1). Forsøket vårt er randomisert, kontrollert og delvis blinda: Studentane blei randomiserte i tre grupper til handvask, desinfeksjon eller kontrollgruppe utan vask. Det blei tatt prøver som blei dyrka på blodagar i en-tre døgn. Vurdering av oppvekst av bakteriar blei evaluert blinda av studentane ved neste kursdag. Etter gjennomgangen av forsøksmetoden og oppsettet gjekk studentane to og to saman. Ein i kvart par gjekk ut av klasserommet til toaletta og trekte på vegen ut ein lapp. På lappen stod det eit kodenummer og ein instruks: Enten ein beskjed om handvask, ein beskjed om handdesinfeksjon eller ein beskjed om å ikkje vaske hender. Studentane hadde hatt teoretisk undervisning om handhygiene før forsøket. Praktisk ferdighetstrening i handdesinfeksjon og handvask gjekk føre seg parallelt med gjennomføringa av RCT-forsøket. Studentane blei i forsøket bedt om å utføre handhygiene slik dei hadde lært det i undervisninga. Informasjon om handhygiene gitt i undervisning, film, pensum og det digitale læreverket Praktiske prosedyrer sykepleietjenesten (PPS) (17):
* Hendene må vere utan ringar, armband eller klokke. Neglene må vere korte og utan neglelakk. Handvask: Skyl hendene under rennande vatn. Ta såpe frå dispenseren. Vanlegvis er det nok med eit pumpetrykk. Vask hendene grundig i 30-60 sekund. Ver nøye med tomlane, fingertuppane, mellom fingrane og handledda. Skyl av såpa og klapptørr hendene. Steng kraner med det brukte eingongs papirhandkledet, slik at dei reine hendene ikkje kjem nær kranene.
* Handdesinfeksjon: Ta handdesinfeksjonsmiddel, 70 prosent med glyserol på tørre hender. Ta nok middel til at alle flatene på hendene blir fuktige (minimum 3 ml). Gni hendene i 15-30 sekund til dei er tørre. Pass på at alle hudflater kjem i kontakt med desinfeksjonsmiddelet: handflater, fingertuppar, mellomrom mellom fingrar, tommel og handledd. Hendene skal ikkje skyljast eller tørkast etterpå.
Lappane blei kasta, koplinga mellom kodenummeret og kva
studenten hadde gjort var no berre på ei liste som læraren hadde,
som analog til korleis randomiseringsstatusen berre er kjend for
forsøksleiaren i ein blinda randomisert studie. Etter kvart som
studentane kom tilbake frå toaletta, fekk studentane som blei igjen
i klasserommet jobb som prøvetakarar. Studentane som hadde vore
ute, fortalde kodenummeret sitt, men ikkje kva dei hadde gjort på
toalettet. Prøvetakinga blei på denne måten gjort blinda.
Prøvetakinga blei utført på enklaste vis. Studentene blei
instruerte om å gni ein sterilisert vattpinne dyppa i sterilt vatn
mot huda mellom 2. og 3. finger, bevege han rundt nokre gonger og
deretter så ut på ein blodagar. Ettersom kvar student berre gjorde
dette ein gong var det ganske sikkert variasjon i
prøvetakingsmetodane, men vi ser ingen grunn til at det skulle vere
systematiske forskjellar mellom de tre gruppene. Blodagarskålene
blei merkte med forsøkspersonens kodenummer. Blodagar er eit
dyrkingsmedium for bakteriar som mange relevante patogene bakteriar
trivst på, det er mogeleg å kvantifisere talet på bakteriar i
prøven ved å telje koloniar (18).
Blodagarskålene blei sett i varmeskap ved 37 gradar i en-tre
dagar. Kor lenge skålene stod i skapet varierte frå gong til gong
med forhold ved timeplanen. Skålene blei henta tilbake og fordelt
tilfeldig blant studentane nokre dagar etter, slik at studentane
som mottok skåla ikkje visste kven prøven var tatt av, kva
vaskestatus var for denne studenten eller kven som hadde teke
prøven. Studentane vurderte talet på bakteriar på skålene ved å
telje samtlige koloniar og samanlikne deira skåler med ein visuell
presentasjon av skåler med ulike mengder bakteriar. For å få tal
som var enkle å forstå og arbeide med laga vi ein forenkla
biletskala frå 0-5, der 0 var 0-2 koloniformande einingar, 1 var
3-20 koloniformande einingar, 2 var 20-200 koloniformande einingar,
mens 3,4 og 5 var vurderingar baserte på samanlikningar med bilete
av skåler med svært mange koloniar.
Den forenkla biletskalaen er presentert med gjennomsnittsscore
ved kvar enkel elevøvelse i resultat-avsnittet, for å vise at det
er svært sannsynleg å få et resultat i samsvar med litteraturen på
ein slik forenkla skala. Nummeret på skålene blei lest opp eit
etter eit, studentane las opp si vurdering, og etter vurderinga
blei skåltypen avslørt; læraren sa ifrå om forsøkspersonen det var
tatt prøve av hadde vaska hender, sprita hender eller ikkje hadde
gjort noko med hendene. Vurderingane ble samla opp på tavla i tre
kolonner. Studentane fekk deretter diskutere og tolke resultata i
små grupper før vi oppsummerte i plenum. At kvar student berre
vurderer ei skål er ein vesentleg usikkerheitsfaktor, særleg i den
øvste delen av skalaen der vurderingane er skjønnsmessige. I delen
av resultatavsnittet der vi testar hypotesen brukar vi derfor berre
ein liten del av det opphavlege datamaterialet, vi deler inn
resultata i to moglege utfall: Reine hender og ureine hender.
Andelen av forsøkspersonane i kvar gruppe som har vurdering 0 eller
1, der 0 vil seie under 20 koloniar ved prøvetaking, under 20
koloniar kallar vi vidare i artikkelen reine hender, mens vi kallar
over 20 koloniar ureine hender. Dette gjer vi for å auke
reliabiliteten, påliteligheten av vurderinga. Når uerfarne vurderer
agarer, er det meir reliabelt å telje koloniar enn å skulle vurdere
skjønnsmessig. Under hypotesetestinga har vi også berre brukt
forsøka der skålene stod tre dagar i varmeskap.
Mange av skålene i dei tre første forsøksrundane stod knapt 16
timar, som kan ha vore for knapt for å få fram forskjellene. Det
tar litt tid før bakteriar startar å vekse på eit nytt medium.
Denne delen av datamaterialet er behandla i SPSS versjon 12.0 for
Windows.
Vi har rekna ut andelen av forsøkspersonar med reine hender i
dei tre respektive gruppene. Vi har supplert dette med 95 prosent
konfidensintervall, talintervall det er 95 prosent sikkert at den
verkelige andelen ligg innanfor. I denne korte artikkelen har vi
vald å presentere resultata grafisk i ein enkel figur som viser
andelen med konfidensintervalla. Litt forenkla kan vi seie at når
to konfidensintervall ikkje overlappar kvarandre betyr det at
forskjellen mellom dei ulike handhygienetiltaka er signifikant
(19).
Resultat
Som nemnt i metoden brukte vi i undervisninga ein biletskala og rekna ut eit gjennomsnitt. Tabell 2 viser gjennomsnittstala som endte opp på tavla på slutten av studentforsøket. (Setabell 2.)
Vi ser av tabell 2 at handdesinfeksjon kom best ut ved alle
forsøka. Fire av fem gonger kjem handvask betre ut enn ikkje å
gjere handhygiene: Resultatet samsvarar stort sett med
kunnskapsgrunnlaget for dei anbefalte retningslinjene for
handhygiene. Dette tyder på at det er sannsynleg at vi ved dette
forsøksoppsettet vil få eit resultat som passar med kjent
forskningsbasert kunnskap. I den vidare delen av resultatavsnittet
brukar vi som forklart i metodedelen berre den sikraste delen av
resultata frå studentforsøka. Vi brukar andelen studentar som hadde
reine hender frå studentforsøka då skålene sto i skapet i tre
dagar.
Vi ser på andelen reine hender i dei tre gruppene,
handdesinfeksjonsgruppa, handvaskgruppa og kontrollgruppa. Dei tre
andelane er presentert med eit konfidensintervall som viser kva
område vi er sikre på at andelen reine hender ligg innanfor.
(Se tabell3 og figur 2.)
Vi ser at andelen med reine hender i gruppa som ikkje har gjort
handhygiene er mellom 0,07 og 0,17. Andelen med reine hender i
gruppa som har gjort handvask er mellom 0,10 og 0,22. Andelen med
reine hender i gruppa som har desinfisert hendene er mellom 0,51 og
0,67. Det vil seie at det var flest reine hender i gruppa studentar
som hadde desinfisert hendene. Fordi konfidensintervallet for
handdesinfeksjon ikkje overlappar verken konfidensintervallet for
handvask eller konfidensintervallet for å ikkje gjere handhygiene
veit vi at forskjellen er signifikant.
Diskusjon
Den foregåande presentasjonen viser at ei enkel undersøking gjennomført i eit klasserom kan demonstrere at handdesinfeksjon gir signifikant fleire bakteriefrie hender enn å ikkje vaske hender. Forsøket viser også at handdesinfeksjon gir signifikant fleire bakteriefrie hender enn å vaske hender med såpe og vann. Tala i tabell 1 kan kanskje tyde på at alminneleg handvask fjernar nokre av bakteriane som er på uvaska hender. Dette er i godt samsvar med litteraturen: Desinfeksjon fjerner bakteriar, og handdesinfeksjon er betre enn handvask for å fjerne dei fleste bakteriar fra hender som ikkje er synleg tilsølte (10).
Handhygieneforsøket har vore plassert på ulike stader i timeplanen på Diakonhjemmet Høgskole. Nokre gonger har studentane hatt handvaskundervisninga før forsøket, nokre gonger har studentane hatt handhygieneundervisning same dag som forsøket er starta opp. Alle studentane lærer om handvask i dagane dette forsøket går føre seg, og vaskar sannsynlegvis hendene meir nøye enn gjennomsnittspersonar vil gjere. Tida som har gått frå inkubering til avlesing har også variert. Dette kan forklare ein del av variasjonen i resultata frå år til år. Tabell 1, som både viser resultat frå forsøk med ein dags inkubering og forsøk med tre dagars inkubering, viser at det er sannsynleg å få resultat i samsvar med litteraturen ved dette forsøksoppsettet både når skålane er inkubert lenge og kort.
Styrk er og svakheiter
Studien har ein metodikk med randomisering og
kontrollgruppe. Oversikten over dei fem ulike forsøka viser at
resultata er reproduserbare. Reliabiliteten må diskuterast.
Vurderingane av agarskålene er gjort av studentar som ikkje har
noko erfaring med blodagar frå tidlegare, og kvar student vurderer
berre ei skål. Det er viktig å peike på at denne feilkjelda vil
vere likt fordelt på alle gruppene. Ingen av studentane som
vurderer veit om forsøkspersonen har vaska hender, sprita eller
ikkje har gjort noko. Metoden vår for å kvantifisere og visualisere
bakterievekst er vald av pedagogiske og pragmatiske årsaker.
Framgangsmåten er ikkje tidlegare validert som ein metode som er
eigna til å vurdere ulike handhygieniske tiltak kvantitativt.
Korleis enkeltstudentar gjer prøvetakinga kan variere mykje. Her
gjeld det same som tidlegare i avsnittet: Variasjon i dette vil bli
likt fordelt på dei tre gruppene. Så lenge forsøkspersonane er
fordelt tilfeldig på dei tre gruppene vil denne variasjonen altså
ikkje føre til systematiske feil i resultata. Blodagar er eit
ikkje-selektivt dyrkingsmedium for bakteriar (18), og vi har ikkje
sett på enkeltorganismar som tyder spesielt mykje for nosokomiale
infeksjonar. I nokre situasjonar vil den patogene mikroorganismen
vere virus eller sporedannande bakteriar som er mindre sårbare for
desinfeksjon (8,9). Det er ikkje sikkert at bakteriefloraen som
finst på hendene til studentane ein vanleg morgon reagerer på same
måte som patogene bakteriar ville gjere. Vi veit ikkje om det er
normalflora eller patogene bakteriar vi dyrkar. Forsøksstudentane
har ofte reagert på kor lite alminneleg handvask reduserer
bakteriemengda. Da er det viktig å fortelje at våre resultat for
handvask liknar mykje på resultata frå dei andre studiane som er
gjort om dette.
Ei stor oppsummering konkluderer med at vanleg handvask med
såpe har ein liten effekt på bakteriar som er på hendene i korte
periodar, men at huda tåler handvask dårleg og at handvask ikkje
har nokon verkeleg effekt på bakteriane som koloniserer hendene
permanent (10). Det er til dømes rapportert at bruk av handvask med
alminnelig såpe av ein operasjonssjukepleiar, førte til åtte
kirurgiske infeksjonar. (20) Ved synleg ureine hender anbefalar ein
imidlertid fortsatt handvask. Studentane som er forsøkspersonar i
vårt oppsett har før studien startar synleg reine hender, og høyrer
dermed til ei gruppe som ut frå retningslinjene bør gjennomføre
handdesinfeksjon. Resultata hadde truleg blitt annleis hvis hendene
til forsøkspersonane var synleg ureine (3).
Læringsgevinst
For å få til ei best muleg pedagogisk framstilling brukar vi under undervisningstimen ein biletskala. Alle data blir ført opp på tavla og vi reknar til sist gjennomsnittsscore på skalaen og samanliknar gjennomsnitta. Vi trur denne utrekningsmetoden visualiserer for studentane kvifor det er nødvendig med mange forsøkspersonar i ein studie. Det blir veldig synleg at nokre av dei studentane som ikkje har vaska seg på hendene har mykje reinare hender enn dei som har sprita hender. Med andre ord: Ein enkeltobservasjon betyr ikkje at et nytt tiltak er godt nok, undersøking av nye tiltak må gjerast på store grupper.
Metoden skal gi to læringsgevinstar for studenten, både å læra handhygiene og kvantitativ metode. For å få til kvalitetslæring av handhygiene trengs det studentaktivitet og eit tilpassa forhold mellom læringsutbytte, læringsaktivitet og vurderingsordning. Forsøket inngår i eit større undervisningsopplegg i hygiene. Tabell 1 viser at hygieneundervisninga totalt sett tilbyr varierte læringsaktivitetar som i stor grad er tilpassa vurderingsordning og forventa læringsutbytte.
RCT-forsøket har varierte læringsaktivitetar som
til saman gir studenten ei erfaring: Ho eller han skal vere
nøyaktig med tanke på metodeinstruksjon, utføre handvask,
handdesinfeksjon, eller ingen av delane. Ta prøve, bli tatt prøve
av, sjå oppveksten av bakteriekulturar på agarskålene og telje og
vurdere desse. Denne erfaringa blir etterfulgt av ein refleksjon i
klassen som samanliknar funna med retningslinjer for
kunnskapsbasert praksis og relaterer RCT-forsøket til kvantitativ
metode. Vi trur erfaringa med RCTstudien kan vere med på å motivere
studenten i retning kunnskapsbasert handhygiene i framtidig
praksis. Ifølgje teori om kvalitetslæring bør det vere samsvar
mellom læringsutbytte, læringsaktivitet og vurderingsordning. Ein
kan såleis tenkje seg at ei vurderingsordning der studentane skal
beskrive for kvarandre kva dei har lært av RCT- forsøket kunne ha
styrka motivasjon og læring ytterlegare.
Vi meiner det er fornuftig at studentane får ei erfaring med
ein sentral kvantitativ metode, som randomisert kontrollert forsøk,
tidlig i studiet. Dei får eit inntrykk av korleis sprikjande
enkeltobservasjonar samla sett gir ein sikker effekt av eit tiltak.
Og dei får vere med på å reflektere over og tolke eit utført forsøk
med kvantitativ metodikk og drøfte metodiske problem i studien. Det
er viktig at studenten som framtidig sjukepleiar utviklar evne til
å vurdere og bruke forskningsbasert kunnskap, ikkje berre i si
utøving av handhygiene, men i all sin sjukepleiepraksis.
Konk lusjon
Denne studien viser at handdesinfeksjon er velegna for å fjerne bakterier fra hendene. Den styrker kunnskapsgrunnlaget for at handdesinfeksjon er betre enn handvask ved synleg reine hender, også i Noreg blant personar som nettopp har lært riktig handvask. Det viktigste resultatet er at ein enkel metodikk som kan fungere visualiserande og pedagogisk, kan få fram dei same resultata som meir formelle studiar. Denne læringsaktiviteten gir sjukepleiarstudentar i fyrste studieår ei erfaring som understøttar at retningslinjene for handhygiene er kunnskapsbaserte. Ved å plassere RCT-forsøket i ein kontekst av kvalitetslæring vil det kunne styrke sjukepleiestudentens motivasjon for å utøve korrekt handhygiene i framtidig praksis.
Som diskutert med støtte i pedagogisk teori kan deltaking i slike forsøk motivere helsepersonell til å gjennomføre riktig handhygiene. Metoden kan truleg også nyttast når ferdig utdanna helsepersonell skal lære handhygiene. Det lite ressurskrevjande forsøksoppsettet kan demonstrere signifikant at desinfeksjon fjernar fleire bakteriar enn handvask. Vi trur det er særs viktig at dei som skal arbeide i helsevesenet får sett med eigne auge kor godt desinfeksjon fungerer som bakteriedrepande middel.
Mange pasientar døyr av nosokomiale infeksjonar. Det er framleis mogeleg å betre rutinane omkring handhygiene. Spritdispenserar er på plass på dei fleste romma på sjukehus, og enkle tiltak kan gjere at dei blir brukt oftare. Kunnskapsgrunnlaget bak anbefalinga om spritvask av hender mellom kvar pasient er solid, men implementeringa av kunnskapen kan framleis bli betre. Vi trur ei visualisering av at retningslinjene for handhygiene er korrekte vil kunne motivere til utvikling av auka klinisk kompetanse i handhygiene hos framtidige sjukepleiarar.
Implikasjonar
Artikkelen gir oversikt over kunnskapen om handhygiene og er ei påminning om at handdesinfeksjon er beste form for handhygiene i dei fleste situasjonar. Vi håpar at studien kan inspirere både høgskulelektorar i mikrobiologi og hygiene, og hygienesjukepleiarar, som eit døme på korleis ein kan undervise i handhygiene og forskingsmetode. Om vi oppnår det ønska målet med at framtidas sjukepleiere blir betre til å gjennomføre korrekt handhygiene, er ein hypotese som ein bør teste ved ei seinare anledning. Det er ønskeleg med fleire studiar som vurderer den kvantitative effekten av implementering av ulike sjukepleietiltak. Hygiene er eit område som er godt tilgjengeleg for slike studiar.
Referansar
1. Nortvedt MW, Jamtvedt G, Graverholt B, Reinar
LM. Å arbeide og undervise kunnskapsbasert - en arbeidsbok
for sykepleiere. Oslo: Norsk sykepleierforbund. 2007.
2. Vinsnes AG. Kunnskapsbasert praksis forutsetter
at vi omsetter forskning til praksis. Sykepleien Forskning 2008
3(2): 109
3. Folkehelseinstituttet. Nasjonal veileder for
håndhygiene. Smittevern 2004;11.
4. Vandenbroucke-Grauls C. Clean hands closer to
the bedside. Lancet 2000; 356:1290-91
5. Pittet D. Clean hands reduce the burden of
disease. Lancet 2005; 366: 186.
6. Pittet D, Hugonnet S, Harbarth S. Effectiveness
of a hospital-wide programme to improve compliance with hand
hygiene. Lancet 2000; 356:1307- 12.
7. Aavitsland P. Ren rutine. Tidsskr Nor Lægeforen
2005 (2): 125.
8. Rotter M. Arguments for alcoholic hand
disinfection. J Hosp Infect 2001; Aug;48 Suppl A 4-8.
9. Kolmos HJ. Hospitalsinfektioner: aktuelle
smittekilder og smitteveje. Ugeskr læger 2007;169 (48): 4138-42.
10. Kampf G, Kramer A. Epidemiologic Background of
Hand Hygiene and Evaluation of the Most Important Agents for Scrubs
and Rubs. Clinical Microbiology Reviews 2004:863-93.
11. Boyce JM, Kelliher S, Vallande N. Skin
irritation and dryness associated with two hand-hygiene regimens:
soap-and-water hand washing versus hand antisepsis with an
alcoholic hand gel. Infect Control Hosp Epidemiol 2000 (21): 442-8.
12. Bucher A. Håndhygiene - er hånddesinfeksjon den
beste løsning? Tidsskr Nor Lægeforen 2000;120:472-5.
13. Hernæs, N. Sprit + Pleie = Sant. Oslo:
Magasinet Sykepleien; 2005 Tilgjengelig fra:
http://www.sykepleien.no/article.php?articleID=1797&categoryID=143.
(lest 26.11.2008)
14. Rykkje L, Heggelund A, Harthug S. Enkle tiltak
gir bedre håndhygiene. Tidsskr Nor Lægeforen 2007;7 (127): 861-3.
15. Pettersen RC. Kvalitetslæring i høgere
utdanning. Innføring i problemog praksisbasert didaktikk. Oslo:
Universitetsforlaget. 2005.
16. Biggs J, Tang C. Teaching for Quality Learning
at University. London: The McGraw-Hill Companies. 2007.
17. PPS Praktiske prosedyrer i
sykepleietjenesten. Oslo: Akribe forlag. 2008.
http://home.ppsnett.no/visProsedyre.aspx?pn=135&mn=1
18. Høiby, N. (red.) Basal og klinisk
mikrobiologi. København: FADLs forlag. 1998.
19. Petrie A, Sabin C. Medical Statistics at a
Glance. Oxford: Blackwell. 2005.
20. Isenberg HD, Tucci V, Cintron F, Singer C, Weinstein
GS, Tyras DH. Single-source outbreak of Candida tropicalis
complicating coronary bypass surgery. J Clin Microbiol 1989 (27):
2426-8.
Mest lest
Doktorgrader
Utvikling og validering av verktøyet for ikke-tekniske ferdigheter hos operasjonssykepleiere
Hvordan forholder hjelperne seg til etterlatte ved narkotikarelaterte dødsfall?
Samordnet innsats for å fremme kunnskapstranslasjon i norske sykehjem
Møte med døden i flerkulturell arbeidsfellesskap i sykehjem. En etnografisk studie
0 Kommentarer