fbpx Slepp fram talenta! Hopp til hovedinnhold

Slepp fram talenta!

Gode pasientresultat avheng av at vi rekrutterer nye forskertalent.

I helsetenesta er det store og interessante utfordringar der sjukepleiere gir avgjerande bidrag til at pasientane oppnår best mulige resultat. Utfordringane aukar i takt med spesialisert og avansert helsehjelp, alle som lever lengre med fleire kroniske sjukdommar, aukande andel eldre og fleirkulturelle, samtidig som stadig fleire tenester ytes i folk sin heim. Det er sjølvsagt behov for fleire til å yte helsehjelp på alle tenestenivå, men løysingane ligg nok ikkje bare i fleire hender til å hjelpe og fleire føtar som spring fortare. Vi må rett og slett finne ut korleis vi kan arbeide smartare!

For å arbeide smartare er det avgjerande at kunnskap og akkumulert erfaring som sjukepleiere kollektivt forvaltar kompletterast med ny, systematisert forskningsbasert viten. Kunnskapsbaserte tenester, for å førebygge helseplager, iverksetje tidleg intervensjon, gi omsorgsfull helsehjelp ved akutt sjukdom, rehabilitere eller lære å leva med kroniske helseplager, forutset at målretta forskning aktivt tas i bruk i praksis. På kort sikt betyr det tid til personleg kunnskapserverving, hensiktsmessig organisering for kontinuitet og kvalitet i alle ledd, og IKT-system med funksjonar som gir reell støtte for arbeidet ein skal gjere. Minst like viktig er kunnskap om korleis ein systematisk utviklar viten og bruker anerkjente metodar slik at kompetanse, tilgjengeleg kunnskap og erfaring i sum utviklar klinisk praksis.

Skal vi lykkast i slik praksisutvikling må forskning og fagutvikling setjast høgt på dagsorden. Rekruttering til master- og doktorgradsutdanning er sentralt fordi slik kompetansebygging krev tid, ressursar, talent og rollemodellar. På same måte som det er allment akseptert at det tar tid å kvalifisere seg til ein reflektert praktiker eller anerkjent leiar, tar det tid og innsats å opparbeida nødvendig kunnskap, erfaring og anerkjennelse innafor det forskningsfeltet ein gir seg i kast med. Etter mitt syn bør derfor rekruttering til forskerutdanning starte i bachelorutdanninga. Det betyr å oppfordre til å halde fram med mastergrad for å kvalifisere seg til doktorgradsstudie. Det betyr også at vi som etablerte forskere utviklar forskningsprosjekt og -miljø der ein kan delta og starte forskerkvalifisering medan ein enno er tidleg i yrkeskarriera. Skal vi som fag- og kunnskapsfellesskap arbeide smartare og bidra til å løyse framtidas oppgaver tilfredsstillande, vil gode pasientresultat i siste instans avhenge av kollektiv innsats for å rekruttere, motivere og drive dei unge forskertalenta fram!

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse