fbpx Nordsjøen er ikkje ein sjukeheim Hopp til hovedinnhold

Nordsjøen er ikkje ein sjukeheim

Korleis er arbeidsdagen i ei sjukeheimsavdeling? Er det forsvarleg å bruke nordsjøturnus der?

Den siste tida har det vore mykje fokus på at nordsjøturnus er det som skal til for å redde bemanningsproblema i sjukepleietenesta. I tillegg har det vore omtalt 12 timars vakter på helg i enkelte sjukehus. Arbeidstakarorganisasjonane blir sett på som motstreberske når vi ikkje alltid vil gå god for slike arbeidstidsordningar.

 

Travelt på sjukeheim

Eg vil sette fokus på korleis arbeidsdagen er for ein sjukepleiar, for eksempel i ei sjukeheimsavdeling. Ein kjem på jobb om morgonen og skal ha ansvar for ei avdeling med for eksempel 12 pasientar. Du har ein eller to hjelpepleiarar/fagarbeidarar (kan vere ufaglærte også) saman med deg, og du skal gjerne vere bakvakt for ei avdeling eller fleire i tillegg. Du fordeler arbeidet mellom dei som er på arbeid, og oppgåvene er oftast slik:

Desse 12 pasientane skal ha hjelp til å stelle seg, til å stå opp, gå på toalettet, nokre må eventuelt kateteriserast, nokre må ha hjelp til å tømme magen. Det skal lagast frokost, maten skal serverast, dei fleste pasientane må ha hjelp til å spise. Samtidig skal pasientane ha medisinen sin – noko skal gjevast til maten, andre medisinar skal du gi før eller etter mat. Det skal gjerne takast nokre blodprøver fastande, og du må skynde deg å ta desse på grunn av at pasienten ropar etter mat og drikke. Etter frokost skal det ryddast av borda og vaskast opp. Pasientane skal ha hjelp til å lese avisa og sysselsettast, og dei må på toalettet igjen. Du skal gjerne ta eit sårskift eller fleire, og du må henge opp intravenøs vesketilførsel eller gi medikament til nokon som er dårleg. Kanskje nokon skal ha sondeernæring. Det var ikkje alle som fekk stelt seg før frokost, og du må ta eitt eller fleire morgonstell utover formiddagen. Nokre skal ha hjelp til å dusje, og dei siste får kanskje ikkje stelt seg før rett før middag.

Pasientane greier svært lite sjølve, og ber om hjelp til å gå på toalettet igjen. Det blir middag, og mange stadar må middagen varmast opp i avdelingane da maten kjem kald frå eit hovedkjøkken. Det skal igjen dekkast bord, serverast, medisinar skal delast ut og pasientane skal ha hjelp til spising igjen. Det er ikkje fleire som spis sjølv til middag heller. Mange treng å kvile etter middagen, og før ein legg seg må ein gjerne på toalettet. Det er mange som treng forflytningshjelpemiddel som til dømes ståheiser for å kunne kome seg over dit.

 

Må stadig dokumentere

I tillegg til praktiske oppgåver som er nemnt skal alt som skjer dokumenterast, det skal doserast medisin for neste veke, medisinane skal kontrollerast av sjukepleiar som ikkje har lagt dei opp osv. Pasientar blir dårlegare og du må ringe legen, kanskje rekvirere ambulanse, skrive ut opplysningar som vedkomande må ha med seg for ein eventuelt innleggelse i sjukehus. Kanskje skal ein delta på eit tverrfagleg møte, planlagt møte med pårørande eller liknande. Pasientane skal stå opp etter middagskvila og då må ein gjerne på toalettet igjen. Så blir det kaffe og noko å bite i. Oftast er det slik i ei avdeling at det er ikkje alle som greier å stå opp til ei kvar tid. Desse skal snuast og stellast slik at ein førebygg sengeleiets komplikasjonar. Og dei har krav på menneskeleg kontakt om dei kun oppheld seg på rommet sitt.

Utover dagen er det mange praktiske oppgåver som skal gjerast. Medikamentdosering er nemnt, men også legge på plass tøy og anna utstyr ein treng til ei kvar tid. Det blir kveldsmat og med den dei same rutinene før, under, og etter måltidet. I «ledige» stunder må ein trene med pasientane slik at dei vedlikeheld funksjonar dei har att. Det kan vere gangtrening eller mental trening som til dømes å spele spel, snakke om ord og utrykk eller lignande.

Etter kvart skal dei som er oppe legge seg, og dei treng hjelp til toalettbesøk igjen. Mange må ha eit seint kveldsmåltid før dei legg seg. Eit lett stell trengs før natta, og dei aller fleste treng å skifte inkontinenshjelpemiddel.

Det er ofte døyande pasientar i ei sjukeheimsavdeling, og både pasient og pårørande har ekstra behov for å ha sjukepleiaren hos seg. Pårørande har behov for å prate, få svar på spørsmål, osv. Fleire gongar i løpet av vakta kan ein bli henta til ei anna, eventuelt fleire andre avdelingar for å hjelpe til med sjukepleieoppgåver der.

 

Klar i tanken

For å greie alle desse oppgåvene som også inneber obervasjon i forhold til alle diagnosar dei har, må ein vere frisk og opplagt, og klar i tanken – i tillegg til å inneha den nødvendige kompetansen for oppgåvene.

I dagens turnusordningar er det vanleg med vaktskifte i tre, halv firetida. Ofte er det mindre personell på seinvaktene eller på tidlegvaktene. Innimellom alle oppgåvene som skal gjerast har personalet krav på å ta seg pauser, enten du har pause med eller utan trekk i løn. Har du trekk i løn har ein rett på å forlate arbeidsplassen i pausa. Ein står altså ikkje til arbeidsgjevar sin disposisjon. Når det er vaktskifte er det sjølvsagt rapportering, dette kan foregå muntleg, eller ved stille rapport, ved at ein les den skriftlege dokumentasjonen.

I ein travel kvardag er det ofte at personalet nesten ikkje rekk å ta seg ein matbit. Ein stor del av pasientane i sjukeheimar er personar med demens. Dei vandrar, spør om igjen om det same mange gangar, og greier ikkje å ta inn informasjon om kva som skal skje. Det er derfor tungt både fysisk og psykisk å jobbe i slike avdelingar. I dei fleste sjukehusavdelingar er arbeidsdagen like hektisk. Der og treng ein vere utkvilt og opplagt for å få med seg alle detaljar som skal gjerast. Gløymer ein ei oppgåve, kan det få katastrofale følgjer. Oftast er det for få tilsette på arbeid sett opp mot alle oppgåvene som skal løysast. Og mangelen på tid til å ta seg matpasusar er like stor i sjukehusa som i sjukeheimane.

Når personalet er ferdig på arbeid har dei sjølvsagt eit liv å leve når dei kjem heim. Ein skal ha overskot til familie og venner, og mange ønskjer å ha fritidsinteresser. Mange har reiseveg til og frå arbeid. Eg vil påstå at dersom ein skal jobbe 12 timars vakter eller meir, over fleire dagar i strekk, med slike oppgåver, vil ein vere ganske sliten og ukonsentrert når det lir mot slutten av arbeidsdagen. Det vil derfor ikkje vere fagleg forsvarleg å ha slike vaktordningar der ein har oppgåver som skal utførast gjennom heile dagen, for alvorleg sjuke mennesker, der feil kan få alvorlege konsekvensar. Har ein derimot ansvar for ein brukar, og skal følgje den brukaren gjennom dagens aktivitetar for denne eine, kan eg sjå at det kan vere ei arbeidstidsordning som kan vurderast og utprøvast fleire stadar enn i dag.

 

Tilrettelagt i Nordsjøen

Dersom vi samanliknar dette med arbeid i Nordsjøen der dei er på arbeid i 12 timar, så er det slik at ein begynner arbeidet kl 07.00 etter å ha spist ein god frokost. Du arbeider til kl 09.00, då det er kaffepause i 15 min. Varm lunsj blir servert mellom kl 11.00 og 13.00 og du har ein halvtime til eigen disposisjon. Det blir servert kaffe med noko til kl 15.15, og middag kl 19.00 når ein er ferdig for dagen. All mat blir servert. Brukar ein kaffepausane til arbeidsmøte kan ein ta ein time lunsj. Det kan sjølvsagt skje i Nordsjøen også at ein ikkje får tatt pausane sine. Men når ein er ferdig for dagen har ein kun seg sjølv å tenke på. Ein kan gå rett til sengs, på trening, sjå TV eller kva du vil. Du har ikkje barn som skal køyrast til aktivitetar, gamle foreldre som skal besøkast eller andre av dagleglivets trivialitetar, som at du skal handle eller lage mat til familien til dømes.

I Nordsjøen er det lagt til rette for at arbeidarane skal kunne jobbe 12 timar kvar dag. Måltidshyppighet og samensetjing av maten, er lagt opp slik at arbeidarane skal ha optimale vilkår for å utføre jobben på ein forsvarleg måte. Og at ein har berre seg sjølv å ta ansvar for i den perioden ein er på arbeid, er vesentleg for å kunne ha slik ordning. Er det vilje hos våre arbeidsgivarar til å legge til rette for at sjukepleiarar og andre grupper innan pleie og omsorgssektoren i kommunane eller sjukehusa våre, slik at vi skal greie alle dei arbeidsoppgåvene vi har gjennom dagen på ein fagleg forsvarleg måte?

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse