Diett med dokumentert effekt
Diett med dokumentert effekt
Sammendrag: Resultata i tre eksperimentelle studiar har vist at dersom hjarteinfarktpasientar legg om kosthaldet, så reduserast risikoen for ikkje-fatale hjarteinfarkt, koronar og total mortalitet dramatisk. Desse studiane er basert på den såkalla «Diet Heart»-hypotesen. Det er viktig å legge merke til at inntaket av frukt og grønsaker i dei tre intervensjonsstudiane er om lag dobbelt så høgt som i det gjennomsnittlege norske kosthaldet. Det kan difor sjå ut som om den informasjonen og oppfølginga hjarteinfarktpasientar får om ernæring, ikkje er god nok.
I november 2002 publiserte det medisinske tidskriftet The
Lancet ein svært interessant eksperimentell studie som tok for seg
samanhengen mellom kosthald og koronar hjartesjukdom (1). Studien
var randomisert og singel blind, og dei fleste pasientane hadde
påvist koronar hjartesjukdom (n=1000). Intervensjonen var ein
indisk variant av «Middelhavsdietten». Kontrollgruppa fekk vanleg
oppfølging. Etter to år var talet på ikkje-fatalt hjarteinfarkt og
koronar død redusert med 52 prosent i intervensjonsgruppa (se
tabell 1). Denne studien stadfestar dermed dei ekstraordinære
resultata i to liknande studiar.
Desse studiane er basert på den såkalla «Diet Heart»-hypotesen.
Den vart til for over 40 år sidan, då ei forskargruppe leia av
amerikanaren Ancel Keys viste at innbyggarane på den greske øya
Kreta hadde oppsiktvekkande låg førekomst av koronar hjartesjukdom
(2) (se tabell 2). Mange år seinare (kring 1990) ville ei fransk og
indisk forskargruppe som var inspirert av Keys og medarbeiderane
sine funn, teste ut om eit utprega vegetabilsk kosthald kunne
førebygge koronar sjukdom og mortalitet.
Resultata i dei to eksperimentelle studiane viste at dersom
hjarteinfarktpasientar la kosthaldet skikkeleg om (>6 frukter /
grønsaker / bær per dag, grove kornprodukt, ein del nøtter,
omega-3-rik mat som fisk eller rapsolje, litt magert kjøt og
margarin / oljer med sunne feittsyrer), så vart risikoen for
ikkje-fatale hjarteinfarkt, koronar mortalitet og total mortalitet
dramatisk redusert (p
I den indiske studien som omfatta 406 høgrisikopasientar vart
total mortalitet redusert med 45 prosent i intervensjonsgruppa
etter berre eit år (21 versus 38) (3,4).
Den franske studien omfatta 423 pasientar (5,6). Etter fire år
var koronar mortalitet og ikkje-fatale hjarteinfarkt redusert med
72 prosent. Total mortalitet vart redusert med 56 prosent (14
versus 24). Tala er finjustert for alder, kjønn, kolesterol,
systolisk blodtrykk, lekocyttmengd og aspirinbruk. Effekten kom
etter nokre få veker på dietten.
Det trengs meir forsking for å forklare kvifor dietten er så
effektiv, men det er gode haldepunkt for at omega-3-innhaldet
spelar ei rolle (7). I to av studiane (1,3,4) vart pasientane sin
lipidprofil signifikant forbetra, i ein studie (5,6) var den lik
den i kontrollgruppa, utan at effekten vart mindre av den grunn.
Det er viktig å legge merke til at inntaket av frukt og grønsaker i
dei tre intervensjonsstudiane er om lag dobbelt så høgt som i det
gjennomsnittlege norske kosthaldet (8).
Pasientane i studiane hadde fått god informasjon, dei opplevde
maten som gastronomisk akseptabel og hadde difor få problem med å
overhalde dietten. Prinsippa i Middelhavsdietten kan enkelt
tilpassast norsk matkultur. Johnson og medarbeidarane har laga eit
fint døme på korleis ein dag på dietten kan arte seg (8) (se tabell
3). Forslaget kan varierast og modifiserast på mange måtar, etter
smak og behag.
Konklusjonen er at å ete i samsvar med prinsippa i den
originale kretiske framstillinga av Middelhavsdietten er svært
gunstig. Kolesterolsenkande statiner er til dømes berre halvparten
så effektive (reduserer ikkje-fatale hjarteinfarkt og koronar
mortalitet med om lag 25-35 prosent (9)). Ein studie av norske
hjarteinfarktpasientar sine kostvanar har vist at dei i
gjennomsnitt et tre porsjonar med frukt/grønsaker per dag (10). Det
kan difor sjå ut som om den informasjonen og oppfølginga
hjarteinfarktpasientar får om ernæring, ikkje er god nok. Dette har
sin pris i form av unødig mange nye infarkt og tapte leveår.
Av tekniske årsaker er tabellene i artikkelen bare å finne
i papirutgaven.
Litteratur
1. Singh RB, Dubnov G, Niaz MA, Ghosh S, Singh R, Rastogi SS et
al. Effect of an Indo-Mediterranean diet on progression of coronary
artery disease in high risk patients (Indo-Mediterranean Diet Heart
Study): a randomised single-blind trial. The Lancet 2002;
360:1455-61.
2. Kafatos AG. Diet, antioxidants, and health - Case study: The
Cretan experience. I: Papas AM, red. Antioxidant status, diet,
nutrition, and health. Boca Raton, FL: CRC Press LLC, 1999; 119-29.
3. Singh RB, Rastogi SS, Verma R, Laxmi B, Singh R, Ghosh S et
al. Randomised controlled trial of cardioprotective diet in
patients with recent acute myocardial infarction: results of one
year follow up. BMJ 1992; 304: 1015-9.
4. Singh RB, Niaz MA, Ghosh S, Singh R, Rastogi SS. Effect on
mortality and reinfarction of adding fruits and vegetables to a
prudent diet in the Indian experiment of infarct survival (IEIS). J
Am Coll Nutr 1993; 12: 255-61.
5. de Lorgeril M, Renaud S, Mamelle N, Salen P, Martin JL,
Monjaud I et al. Mediterranean alpha-linolenic acid-rich diet in
secondary prevention of coronary heart disease. Lancet 1994; 343:
1454-9.
6. de Lorgeril M, Salen P, Martin JL, Monjaud I, Delaye J,
Mamelle N. Mediterranean diet, traditional risk factors, and the
rate of cardiovascular complications after myocardial infarction:
final report of the Lyon Diet Heart Study. Circulation 1999; 99:
779-85.
7. Marchioli R, Schweiger C, Tavazzi L, Valagussa F. Efficacy
of n-3 polyunsaturated fatty acids after myocardial infarction:
results of GISSI-Prevenzione trial. Gruppo Italiano per lo Studio
della Sopravvivenza nell'Infarto Miocardico. Lipids 2001; 36:
119-26.
8. Johnson LH, Hjermann I, Tonstad S. Kosthold og
sekundærforebygging av koronar hjertesykdom - er våre anbefalinger
gode nok? Tidsskr Nor Lægeforen 2001; 121: 1092-8.
9. Tonstad S, Holme I. Videre belysning av statinbehandling.
Heart Protection Study. Tidsskr Nor Lægeforen 2002; 122: 2777-80.
10. Svilaas A, Bergei CS, Strøm EC, Ose L, Walsøe HK.
Kostholdet hos pasienter med aterosklerotisk sykdom sammen-liknet
med befolkningen Tidsskr Nor Lægeforen 2000; 120: 2618-24.
0 Kommentarer