fbpx Pupp for alle Hopp til hovedinnhold

Pupp for alle

Dette er ei bok med inspirasjon og hjelp til amming – og støtte til dei som ikkje vil eller får det til.

Bokfakta

Boktittel: PUPP? Fortellinger og fakta om amming
Forfatter: Kristin Grue og Mina Lystad
Forlag: Tiden Norsk Forlag, 2019, Oslo
Sidetall: 145
ISBN: 978-82-10-05622-2

Både Folkehelsa, WHO og Unicef er opptatt av at amming er det beste for barnet. Noreg er i verdstoppen når det gjeld andel ammande og har framleis som mål å oppretthalde og eventuelt auke det talet. Forfattarane av boka peikar på at mange nybakte mødre kan kjenne på sterke forventningar frå ulike hald om at du bør amme barnet ditt og at morsmelk er det beste barnet ditt kan få.

Pupp? er ei bok til mødre med fakta formulert på ein kortfatta, god og informativ måte, krydra med mammahistorier. Forfattarane av boka er to mødre som er engasjert i formidling via blant anna bøker, tv-seriar og teater. Dei har sjølv gjort sine erfaringar med amming, og boka er blitt til da dei sjølve søkte etter ei bok som kunne formidle fakta og realitet kring dette.

Dei er no er opptatt av å støtte foreldre som opplever amming som det beste og mogleg det verste på jord, ved å sette ord på det i form av ei bok. Forfattarane har knytt til seg ei rekke fagfolk frå mellom anna ammehjelpen, jordmødre, legar, helsesjukepleiarar og forskarar under utarbeidinga av boka. Dei viser også til forskrifter og veiledere, og dei oppmuntrar varmt ammande til å søke ammehjelp ulike stader med ulike fagfolk. Samstundes har dei gitt god plass til mammahistorier som viser korleis mødre har opplevd utfordringar og gleder ved dette – og deira erfaring i møte med fagfolk.

Dei oppmuntrar også fagfolk til å sette seg inn i den ammande sin situasjon på ein ydmyk måte – kva er det mor prøver å fortelje, og kva er det barnet prøver å sei? Alle mødre har si unike oppleving kring det med å amme.

Pupp? er innom mange tema kring amming, til dømes såre bryst, babyer som ikkje vil suge, flaskemating, silikonbryst, å kunne ta eit informert val, kryssamming, puppen gjennom tidene, når bør man slutte å amme, og enda meir. Dei spør om det vert skapt kjensle av skam eller å mislykkast om ein ikkje klarar å amme barnet sitt? Er mor sjuk, lat, egoistisk, viljesvak? Det kan like godt vere fysiske avgrensingar hjå mor eller barn som hindrar at amming lykkes.

Eg likar at boka klarer å favne om dei som er i tvil om dei skal eller vil amme. Forfattarane skaper nysgjerrigheit, og dei formidlar håp. Sjølv om mor opplever ein vanskeleg start på amminga, kan det likevel gå seg til. Boka gir også støtte til dei som ikkje får til amming av ein eller anna årsak, eller tar eit informativt valg om ikkje å amme.

Boka har eit lett folkeleg språk, ho er lett å lese, har gripande historier og mange kan kjenne seg att i dei ulike ammesituasjonane. Pupp? vert dermed ei bok du får lyst å lese og kan anbefalast til ferske mødre og fedre og andre som ønsker å vite meir om amming. Dette er inga fagbok, som nemnt, men gir likevel fagfolk innsikt i mødres ulike møte med amming og erfaringar gjort med fagfolk si tilnærming.

Annonse
Annonse