fbpx Heime hos pasienten Hopp til hovedinnhold

Heime hos pasienten

Bokfakta

Boktittel: Sykepleie i hjemmet
Forfatter: Arvid Birkeland og Anne Marie Flovik
Forlag: Akribe, 2011
Sidetall:
ISBN: 978-82-7950-149-7

Anmeldelse:I heimesjukepleien jobbar vi på ein litt annan måte enn på institusjon. Det meste av arbeidstida jobbar vi åleine og må derfor ha evne til å jobbe sjølvstendig. Vi er sårbare fordi vi skal takle ulike situasjonar på eiga hand, men også sårbar fordi vi lett kan «trå» feil når vi går inn i ein annan sin heim.

Pasientane er også meir sårbare fordi dei er avhengig av den personen som kjem inn i heimen og det kan vere vanskeleg for den enkelte pasient å gi negative tilbakemeldingar på heimebesøket. Den som kjem inn i heimen må vere seg bevist at han/ho kan ha makt over den som treng hjelp fordi pasienten kan stå i eit avhengighetsforhold til hjelparen. Boka tek for seg mange sentrale emne, mellom anna kva som særpreger og kjenneteknar heimesjukepleien og om det å kunne hjelpe pasienten med grunnleggande behov slik at han kan bu heime og samtidig oppretthalde verdigheit og respekt.

Boka tek også for seg sosiale situasjonar som einsemd, isolasjon, psykiske lidingar og rusavhengigheit. I desse samhandligstider er det også teke med viktige emne om samarbeid med mellom anna sjukehusa og organisering av heimesjukepleien. Vidare om korleis heimesjukepleien i morgondagens helsetjeneste vil verte organisert ved hjelp av velferdsteknologi, om noverande foreskrifter og fleksible måtar å jobbe på.

Kvart kapittel er sjølvstendig og kan godt lesast enkeltvis. Men første kapittel burde kanskje kome til slutt. Det er viktig å ha med den historiske utviklinga, men det kan gi eit litt kjedeleg førsteinntrykk. Håper ingen legg frå seg boka før dei har kome til andre kapittel.

Eg vart positivt overraska over bredden av emna i boka, som både er praktisk retta og også har meir teoretiske tema.

Boka er lettlest og underhaldande, samtidig som den er djup og inneheld mange tema.

Dette er ikkje ei bok som går svært djupt inn i dei ulike emna med sine 200 sider. Men boka gir ei svært god innføring i og innblikk i korleis det er å jobbe i heimen til en annan. Det som gjer at eg meiner boka likevel er djup er at kvalitet og integritet hos den som skal motta hjelp er godt beskreve og ivareteke.

At etikk og kvalitet går som ein raud tråd gjennom dei ulike emna er svært gledeleg og gjer at dette er ei bok som eg meiner mange sjukepleiestudentar og andre som jobbar innan helse burde lese. Også dei som har jobba i heimetjenesten i mange år burde lese denne, både som ei oppfrisking og til ettertanke.

Annonse
Annonse