fbpx Gir godt innblikk Hopp til hovedinnhold

Gir godt innblikk

Bokfakta

Boktittel: Ei brå vending MS - en ubuden gjest
Forfatter: Beate Reiert Nilsen
Forlag: Licentia, 2011
Sidetall:
ISBN: 978-82-8258-043-4

ANMELDELSE:Boka Ei brå vending er skreven og illustrert av Beate Reiert Nilsen, som fekk diagnosen MS i voksen alder. MS er ein betennelsesjukdom i sentralnervesystemet. Sjukdommen rammar ulikt frå få, ikkje synlege funksjonshemmingar, til alvorlege funksjonshemmingar og uførheit.

I første del av boka skriv Nilsen om tida før ho fekk diagnosen, om ventetida før ein fann ut kva som gjorde at ho følte seg så sliten, mista balanse og falt. Og om tida etter diagnosen og følelsen av at kroppen svikter, og «forfallet», som ho kaller det.

Bileta hennar illustrerer fint og underbygger det ho fortel om på ein fin måte. Boka tek for seg korleis det kan vere å verte ramma av ein så alvorleg sjukdom. Korleis livet stoppar opp og tek ei heilt anna vending enn ho hadde sett føre seg. Ho skriv om sorga over å miste funksjonar, jobben sin og rollene sine. Om fatique som gjorde at ho følte seg energilaus. Fatique er ein tilstand av kronisk utmattelse. Ho beskriv også korleis ho strevar med å opprettholde følelsen av verdigheit i møte med det offentlege og andre, og om «maskene» ho brukar for å skjule seg sjølv og det som er vanskeleg.

I andre del tek ho for seg måtar å mestre sjukdommen på, kva ho har prøvd og korleis det har hjelpt henne. Der er også eit kapittel som er direkte retta mot fagfolk, der ho skriv om korleis det er å vere pasient i møte med eit fagmiljø. Ho vektlegg her kor viktig brukarmedvirking er og korleis det er å verte møtt av fagpersonar som ikkje ser henne som menneske, og å måtte skifte legar og forklare om symptom for ente gang.

Eg synest boka er lettlest og gir eit godt innblikk i korleis det kan vere å få ein slik alvorleg sjukdom. Boka er skreven ut i frå dagboknotat og ber preg av det. Den er oversiktleg og det er lett å finne tilbake til emne som ein får lyst til å lese ein gong til. Eg trur det kan vere ei nyttig bok å lese for andre som har fått ein alvorleg sjukdom, både i forhold til korleis ein kan mestre på ulike måtar og ned til detaljar som fysiske symptom og vanskar som det kan vere vanskeleg å snakke med andre om.

Annonse
Annonse