Min jobb som lærer Tid til augneblinkane

– Det ligg noko fint i å kunne sjå både elev og pasient. 

Etter å ha jobba lenge på sjukehus, følte eg meg ferdig med det. Men arbeidet med bevisstgjering, pedagogikk og førebyggjande helsearbeid ville eg halde fram med, berre på ein annan måte. Det får eg gjort som lærar.

Undervisninga er veldig yrkesretta og variert. Eg lærer elevane om anatomi, fysiologi, sjukdomslære, etikk og korleis dei skal kommunisere med ulike brukarar. I tillegg får eg vore med ute i det verkelege liv når elevane er i praksis. Då er eg med elevane til pasientar og brukarar, og lærer dei om stell og pleie. Her får eg god bruk for sjukepleiarutdanninga mi. Eg trur elevane ser på meg som ein fagperson som høyrer til ute i felten, og ikkje berre som ein lærar.

Det fine med å vere lærar på helse- og oppvekstlinja er at eg får vere til stades  i dei augeblinkane der elevane og pasientane får god tid til å gjere noko hyggjeleg saman. Eg hugsar den gongen vi var med dei eldre frå sjukeheimen på kino. Slike stunder er det ikkje alltid at ein får tid til å skape som sjukepleiar.

Det blir også mange fine augneblink mellom elev og pasient eg er stolt over å få vere med på. Eg hugsar til dømes Ingvild på 17 år som sit med armen ikring ei lita kvinne med kvitt hovudtørkle på ein alders- og sjukeheim. Ingvild hadde stelt kvinna tidlegare på dagen. Det var så fint å sjå ein velstelt pasient sitje saman med eleven i daglegstova. Dei to – stille saman – mens dei venter på kaffi.

Fellesskapet og mangfaldet som finst på ein skule verdsett eg også høgt. Ikkje berre får eg kommunisert med ungdom i 16–18-års alderen, men også kollegaer med forskjellig bakgrunn og utdanning. Arbeidskvardagen blir aldri einsformig eller kjedeleg. 
Eg liker godt teorikunnskap, men eg vil heller ikkje gå bort frå det praktiske som eg har lang erfaring med. Faget er delt i to – ein praktisk og ein teoretisk del. Derfor er denne jobben perfekt for meg. Eg kjenner meg like mye som helsearbeidar som lærar.

Historien sto på trykk i Sykepleien nr. 14/2013.