fbpx Sjukepleiar sengepost barn og ungdom Kristiansund | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Sjukepleiar sengepost barn og ungdom Kristiansund

Sengeposten for barn og unge i Kristiansund  har ledige stillingar for sjukepleiarar!

3 x 100% fast stilling frå 01.10.23
1 x 80% vikariat 01.01.24 - 31.08.24

Sengepost for barn og unge har åtte sengeplassar. Vi tek i mot både Medisinske pasientar og Kir/Ort-pasientar til innleggelse. Vi har også pasientar inne til dagbehandling innafor flere fagområde. Vi ønskjer oss medarbeidarar med interesse for fagfeltet, engasjement og vilje til å vere med å utvikle avdelinga.

Det vil vere anledning til ekstravakter i tillegg til stillingsprosent i perioder der seksjonen har bruk for det.
Ved intern rokkering kan anna stillingsprosent verte ledig. I 2025, når nytt sjukehus på Hjelset står ferdig, flyttes hoveddel av drift av Sengepost og Poliklinikk for barn og unge dit.

Du er velkomen som søkjar! 

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie til barn og unge mellom 0-18 år
  • Medikamenthandtering
  • Opplæring/veiledning til pasientar og pårørande
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Skriftleg dokumentering

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Ha kompetanse på og erfaring frå arbeid med barn og unge
  • Mestre norsk språk, både skriftleg og muntleg
  • Mestre bruk av IT-verktøy. Vi brukar DocuLive, Helseplattformen frå haust 2023
  • Politiattest må framleggast ved tilsetting.

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar og eignaheit vil verte vektlagd
  • God evne til tverrfagleg samarbeid

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Godt arbeidsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt  med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

Kontaktinformasjon

Siv Helen Kristoffersen

Seksjonsleiar

 Telefon:+47 71121558

 E-post:Siv.Helen.Kristoffersen@helse-mr.no

Annonse
Annonse