fbpx Avdelingsleiar open omsorg | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Avdelingsleiar open omsorg

Vil du vere med på å utvikle framtidas heimebaserte tenester i Bygland kommune? 

Me treng deg som har leiarerfaring og som framleis er svolten på nye utfordringar. Har du stor arbeidskapasitet og trivst med travle arbeidsdagar? Det er viktig at du er flink med folk og har evne til å rettleia, setja grenser og gjera medarbeidarane dine gode. Fordi me er opptekne av å stadig forbetra og utvikla tenesta, må du vera positiv til endringar, og dessutan ha ei god gjennomføringsevne.

Vi har no ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar i open omsorg frå 01.01.24. Vår nye medarbeider vert ein del av leiarteamet i helse og omsorg.

Helse- og omsorgstenesta i Bygland kommune har om lag 50 årsverk. Eininga omfattar mange ulike fagområde som sjukeheim, heimebaserte tenester (open omsorg) habiliteringstenesta, helsestasjon, jordmor, flyktningteneste, psykisk helse og rus.

Tenesta har eit leiarteam beståande av tenesteleiar, 3 avdelingsleiarar og 1 fagsjukepleiar. Leiarteamet arbeider tett saman på tvers av avdelingane.
Vi har fokus på å arbeide for ein heiltidskultur der alle skal ha ei løn dei kan leve av. Vi har nyleg hatt ei medarbeiderundersøkjing der 94% av dei tilsette har svart at dei bryr seg om kvarandre og over 90% har svart at arbeidet betyr noko spesielt for dei og at det «ikkje berre er ein jobb». Helse og omsorgstenesta i Bygland er i utvikling og vi skal tilpasse oss morgondagens tenestebehov. Vi satsar på systematisk fagutvikling, meistring, velferdsteknologi og tillitsbasert leiing.

Stillinga er ein kombinasjon av administrasjon og direkte brukarkontakt. Noverande turnus inneber arbeid kvar 6. helg.

Open omsorg gjev heimehjelps- og helsetenester til heimebuande brukarar med varierande tenestebehov.. Avdelinga har omlag 10 årsverk, og gjev tenester til omlag 50 brukarar. Basen er tilknytt Byglandsheimen.

Vi ønskjer å fokusere på kombinasjonen "varme hender" og velferdsteknologi slik at folk skal kunne bu der dei har lyst, lengst mogleg. Kommunen er ein del av innovasjonspartnerskapet i Agder som utvikler tenester der målet er at brukarar skal oppleve tryggleik og saumlause tenester i eigen heim og på institusjon. Avdelingsleiar open omsorg vil vere sentral i å utvikle dette tilbodet saman med resten av eininga.

Me tilbyr

  • Ein triveleg arbeidsplass med godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
  • Mentorordning og opplæring, kurs, samt moglighet for etterutdanning
  • Medlemsskap i KLP
  • Konkurransedyktig lønn.
  • Me kan i tilegg tilby å dekke kostnad på flytting til Bygland og nybygd moderne pendlarbolig for ein tidsbegrensa periode

Før tilsetjing må det framleggjast gyldig politiattest, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4.

Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om at søknaden får fritak frå offentlegheit. Søkjarar vil varslast dersom oppmodinga ikkje kan imøtekommast (jf. Offentleglova § 25).

Arbeidsoppgåver

  • Avdelingsleiar har hovudansvar for brukarar,  samt dagleg oppfølging av økonomi, personale og fag.
  • Rapporterer til tenesteleiar helse og omsorg.
  • Turnusplanlegging
  • Sakshandsaming og medikamenthandtering i samsvar med lover og forskrifter.
  • Drive opplæring og rettleiing av tilsette.
  • Samarbeide med brukarar , pårørande og friviljuge.
  • Samhandling på tvers av avdelingar for å sikre eit heilhetleg pasientforløp.
  • Arbeide med kvalitetsforbetring.
  • Vere ein pådrivar for utviklings- og endringsprosessar.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.
  • Leiarerfaring
  • Erfaring med turnusplanlegging
  • God økonomiforståelse
  • Gode digitale ferdighetar
  • Må beherske norsk både munnleg og skriftleg.

Ønskelige kvalifikasjoner

  • Vidareutdanning innan ledelse.
  • Det er ein fordel med kjennskap til Visma Profil EPJ, Visma Enterprise Ressursstyring (Notus) og Xledger økonomi og lønssystem

Personlege eigenskapar

  • Ein tydeleg leiarstil
  • Løysingsorientert med evne til å tenke nytt
  • Evne og vilje til endring
  • Evne til å motivere og skape fagleg engasjement
  • Gode samarbeidsevner
  • Stor arbeidskapasitet

Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.

Kontaktinformasjon

Leif Sigurd Helle

Tenesteleiar Pleie-og omsorg

 Telefon:95052813

 E-post:leif.sigurd.helle@bygland.kommune.no

Annonse
Annonse