fbpx Sjukepleiar til sengepost for kirurgi og ortopedi i Kristiansund | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Sjukepleiar til sengepost for kirurgi og ortopedi i Kristiansund

Vi søkjer deg som er klar for ein spennande, variert, tidvis hektisk arbeidskvardag med mykje godt humør til å kome å jobbe sammen med oss på sengepost for kirurgi og ortopedi i Kristiansund.

Vi har ledig faste stillingar for sjukepleiarar. Arbeidstida inneber p.t. turnus med arbeid kvar tredje helg. Ev kvar 4. helg med 12 timars-vakter.

Sengepost for kirurgi og ortopedi er ein tverrfagleg seksjon med særleg fokus på ortopedisk akutthjelp, ortogeriatri for pasientar med lågenergibrot, elektiv urologi, sjukepleiepoliklinikkar (osteoporose, infusjon, pre-operative førebuing) og infeksjonspasientar. Sengeposten greiar ut, behandlar og pleiar pasientar innafor desse fagområda og har totalt 15 sengeplassar.    
Kliniske støttefunksjonar er også ein del av seksjonen.  
Sengeposten er ein spennande arbeidsplass der du som sjukepleiar får varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.  Vi legg stor vekt på trivsel og godt arbeidsmiljø.  Vi ynskjer oss fagleg engasjerte tilsette med sans for travle dagar.  Det er viktig for oss at alle trivst på jobb med kollegaene sine.  Difor vil vi ta godt imot deg som nytilsett.  

Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus vil bli slått saman til eit nytt fellessjukehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) med planlagt innflytting i 2025.  Det nye akuttsjukehuset vert plassert på Hjelset i Molde kommune. På veg mot nytt sykehusbygg skal vi saman utvikle ein arbeidsplass som skal ivareta både pasientane, pårørende og tilsette.  Arbeidsstad er ved Kristiansund sjukehus. Når det nye sjukehuset står ferdig på Hjelset, blir det din nye arbeidsstad.
Sengeposten har erfarne tillitsvalde frå Fagforbundet og NSF, og har eit godt fungerande verneombod som i samarbeid med leiinga arbeider for eit godt arbeidsmiljø.
Vi har fleire ledige stillingar for sjukepleiar og ser fram til å få søknaden din – tilsetjing vil skje fortløpande.

Attestar og vitnemål samt to referansar skal leggast ved søknaden i webcruiter. 
 

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 16.07.2023

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Stad: Kristiansund

Stillingstittel: Sjukepleiar til sengepost for kirurgi og ortopedi i Kristiansund

Stillingar: 5

Heiltid / Deltid: Heiltid

Tilsetjingsform: Fast

Stillingsprosent: 100

Webcruiter-ID: 4678924888
 

Arbeidsoppgåver

  • Utføre sjukepleie som inkluderer heilskapleg dokumentasjon og administrasjon av medikamenter etter forordning og delegerte oppgåver
  • Ivareta forsvarleg medikamenthandtering og legemiddelsamstemming
  • Rettleie og orientere pasientar og pårørande
  • Studentrettleiing
  • Opprette og oppdatere elektronisk pasientjournal, og sjå til at denne inneheld problem, tiltak og fortløpande evaluering. Dette inkluderer også å sjå til at e-meldingar til kommunalt tenestenivå til ei kvar tid er oppdatert
  • Vere kjend med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrer og retningsliner
  • Sette seg inn i bruken av sengeposten sitt medisinsk-tekniske utstyr
  • Samarbeide tverrfagleg på ein profesjonell måte
  • Medverke til utvikling av SNR med fokus på fag og det utadvende sjukehus
  • Ta medansvar for eit godt arbeidsmiljø
  • Samarbeid med andre faggrupper

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Du må beherske norsk skriftlig og muntlig

Personlege eigenskapar

  • Du samarbeider godt med kollegaene dine
  • Du trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo 
  • Du har evne å arbeide strukturert og sjølvstendig, både individuelt og i team
  • Du har interesse for kirurgisk/ ortopedisk sjukepleie, e-helse og digitalisering
  • Du er fleksibel og viser vilje til endring
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Hjå oss er det viktig at du trivst med arbeidsoppgåver og miljøet, difor legg vi vekt på at du er personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
  • God opplæring av nytilsette, internundervising, temadagar og individuell opplæring
  • Ein inkluderande arbeidsplass og godt tverrfagleg samarbeid
  • Høgt fagleg nivå og eit sterkt forskingsmiljø
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Prøvetid  6 månader
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
 

Kontaktinformasjon

Eva Bentz
Seksjonsleiar

Telefon: 91605214
E-post: Eva.Bentz@helse-mr.no

Adresse:Herman Døhlens vei, 6508 Kristiansund
Opne vegbeskriving (i ny fane)
 

Om arbeidsgivaren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt  med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

Annonse
Annonse