fbpx 100 % Hopp til hovedinnhold

100 %

Ein hylande jagar etter ei vakt er eg.

100 %

100 er eit flott tal

Ikkje for høgt,

men likevel langt igjen for mange

Ein hylande jagar etter ei vakt er eg.

Helst fleire

Eg tar dobbel om så er.

Klar som eit egg

Hiv på meg dei kvite arbeidskleda på null komma svisj.

Dei 50 % gjer at det berre er 923 timar att til ei vanleg løn

Dei ekstra 14 % som ligg oppå mellombels er 258,44 timar.

Kven tel dei 26 minutta og 24 sekunda?

Er det ei stoppeklokka i ein krok?

Vetle Mari vil i bursdag,

og ynskjer ein ny raud kjole. Det må gå.

Ei rekning her, og eit par til som ikkje skal delast opp.

Skriv meg opp, og er tilgjengeleg.

Er positiv heile tida. Alltid.

Har mobilen nylada,

og plan B er klar om den trengs.

Eg stiller når som helst.

Vil jo bli spurt. Det løner seg kan du tru.

Snart er det jul og influensatid

Noko ordnar seg nok.

Ei vakt her, og ei vakt der.

Sølvgutane syng jula inn, og så er alt klart.

Pinnekjøt og stappa.

Blankt julepapir, juletre og adventstake

til dei heima.

Dei har gledd seg, og kosar seg no.

Så kjekt å sjå at julekvelden vart bra på Facebook.

Vellykka. Alle smilande nøgde.

Berre sju timar igjen av mi dobbelvakt,

Eg rekk opp i full løn til nyttår,

om berre eit par vakter til vert ledige.

Hurra, og godt nytt år trur eg.

Annonse
Annonse