fbpx Sjukepleiar | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Sjukepleiar

Me ynskjer fleire dyktige sjukepleiarar til teamet vårt i heimesjukepleien.

No er det ledig fleire faste stillingar, og me håpar DU vil bli vår nye kollega. Som sjukepleiar i heimesjukepleien vert du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Me bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på arbeid. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot.

Me har stor breidde i oppgåvene og i brukargruppa, og me leverer alt frå kvardagsrehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande, med avanserte sjukepleiarfaglege prosedyrar som blant anna smertepumper og subkutant injeksjonar.

Det er eit godt tverrfagleg samarbeid i tenesta, god dialog, gode teknologiske løysingar og fokus på meistring og tryggleik til brukarane våre. Me legg til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg i eigen heim. Hjå oss får du arbeida både sjølvstendig og i team, saman med dyktige kollegaer.

 Heimetenesten avd Sogndal har ledig stilling:

  1.  75 % stilling 
  2.  80 % stilling 
  3.  50 % stilling
  4.  2 x 100 % stilling

For stillingane gjeld tre-delt turnus med natt og arbeid 3. kvar helg i eit år. Det er moglegheiter for tilpassing av turnus, og langvakter om ein ynskjer. Tilsetting fortløpande

Ledig frå snarast.

Arbeidsoppgåver:

  •  Sjukepleiefaglege oppgåver i heimetenesta, sårstell, sondeernæring, ulike typar kateter, medikamenthandtering/multidose, smertepumper og lindrande behandling.
  •  Rapportering/tiltak/prosedyrar i Gerica, IPLOS, ADL og bruk av NEWS
  •  Rådgjeving/rettleiing av kollegaer/studentar og pasient/pårørande
  •  Velferdsteknologi
  •  Kvardagsrehabilitering i heimen
  •  Tverrfagleg samarbeid med ulike profesjonar
  •  Stor bredde i pasientgruppa både når det gjelder alder og medisinske behov.

Krav til kvalifikasjonar:

  •  Bachelor i sjukepleie. 
  •  Offentleg godkjent sjukepleiar/vernepleiar
  •  Må beherske norsk skriftleg og munnleg
  •  Førarkort klasse B
  •  Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing

Vernepleiarar vil også bli vurderte. 

Personlege eigenskapar:

  •   Gode samarbeidsevner for å nå felles mål
  •   Løysning/utviklings orientert og skape resultat saman med andre
  •   Ha evne til å jobbe sjølvstendig og i eit team
  •   Skape tillit og aksept
  •   Lojalitet til arbeidsgjevar/kollegaer og tenestemottakar
  •   Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse
  •   Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt
  •   Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Personlege eigenskapar vil verte vektlagde

Me tilbyr:

  •  Ein spanande jobb i eit godt fagleg arbeidsmiljø.
  •  Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  •  Gode pensjons- og forsikringsordningar
  •  Gode velferdsordningar
  •  Løn etter tariff

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Kontaktpersonar:

Ailin Fagerdal Risvik

mob: 90401165

Hanne Jacobsen Erstad

mob: 94159022

Sogndal kommune Heimetenesta avd Sogndal

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Annonse
Annonse