fbpx Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar med funksjon assisterande seksjonsleiar | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar med funksjon assisterande seksjonsleiar

Vil du vere med å utvikle den nye barnesengeposten på Hjelset, poliklinikk- og dagbehandlingstilbodet til barn på Hjelset og som ein del av spesialisthelsetenesta i Distriktsmedisinsk senter Kristiansund (DMS Kristiansund)?

Vi har ledig 100% vikariat for Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar med funksjon som assisterande seksjonsleiar frå 05.08.24 med eit års varigheit.

Stillinga er direkte underordna seksjonsleiar, og har tilsett barnelegar, sjukepleiarar, barnepleiarar og sekretærar. Det er et tett samarbeid mellom profesjonane i avdelinga.

Du vil samarbeide tett med leiar når det gjeld administrative oppgåver knytt til å bygge barnemiljø og planlegge og utvikle drifta av døgn-, dag- og heimebehandling inn mot nytt fellessjukehus på Hjelset og i DMS Kristiansund. I samarbeid med seksjonsleiar kan ein avtale noko klinisk arbeid.

Sengepost for born og unge har åtte sengeplassar. Vi tek i mot både medisinske pasientar og kirurgiske/ortopediske pasientar til innlegging. Vi har også pasientar inne til dagbehandling innanfor fleire fagområde.

Vi ynskjer oss sjukepleiar med interesse for fagfeltet, engasjement og vilje til å vere med å utvikle avdelinga. Intern omrokkering kan også gje andre ledige stillingar. Ikkje nøl med å ta kontakt. Vi ser fram til å få deg med på laget!
 

Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breitt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. Døgndrift i sengeposten vert overført til SNR Hjelset i april 2025.

Arbeidsoppgåver

  • Administrative oppgåver knytt til dagleg drift i seksjonen.
  • Førebu flytting til nytt sjukehus.
  • Oppgåver knytt til innovasjon og utvikling av barnetilbodet i SNR Hjelset og tilbod om spesialisthelseteneste til born i Kristiansund.

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar eller annan relevant helseutdanning med bachelor
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, men også arbeide i team
  • Kjennskap til turnusarbeid
  • Leiarutdanning og leiarerfaring er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv og løysningsorientert
  • Du har høg arbeidskapasitet og fleksibilitet
  • Du har gode kommunikasjonevner
  • Du kan ta raske avgjerder
  • Du likar arbeide i eit hektisk arbeidsmiljø.

Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetting:

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Kontaktinformasjon

Siv Helen Kristoffersen
Seksjonsleiar
Telefon:+47 71121558
E-post: Siv.Helen.Kristoffersen@helse-mr.no

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

Annonse
Annonse