fbpx Sjukepleiar | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Sjukepleiar

Vi har ledig 100% fast stilling for sjukepleiar ved Poliklinikk for barn og unge ved Molde sjukehus!

Poliklinikk for barn og unge i Molde driftes i lag med Sengepost og poliklinikk for barn og unge i Kristiansund. Frå 2025 vil det bli Sengepost, Dagbehandling og Poliklinikk for barn og unge i SNR på Hjelset.
Vi ønskjer oss medarbeidar med interesse for fagfeltet, engasjement og vilje til å vere med å utvikle seksjonen. Vi tar i mot barn fra 0 til 18 år med ulike medisinske diagnoser. Sjukepleiar tek imot egne pasientar til oppfølging/behandling. Vi jobber også i team med barnelege. 
Ved intern rokkering kan anna stillingsprosent verte ledig. 

Du er velkomen som søkjar! 

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie til barn og unge mellom 0-18 år
  • Medikamenthandtering
  • Opplæring/rettleiing til pasientar og pårørande
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Skriftleg dokumentering

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Ha kompetanse på og erfaring frå arbeid med barn og unge
  • Vidareutdanning innan pediatri kan vere ein fordel
  • Mestre norsk språk, både skriftleg og muntleg
  • Mestre bruk av IT-verktøy. Vi brukar DocuLive
  • Politiattest må framleggast ved tilsetting.

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar og eignaheit vil verte vektlagd ved tilsetting
  • God evne til tverrfagleg samarbeid

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.

Kontaktinformasjon

Bente Askestad

Seksjonsoverlege

 Telefon:71121590

 E-post:Bente.Askestad@helse-mr.no

Siv Helen Kristoffersen

Seksjonsleiar

 Telefon:+47 71121558

 E-post:Siv.Helen.Kristoffersen@helse-mr.no

Om arbeidsgivaren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

Annonse
Annonse