fbpx Helsesjukepleiar skulehelsetenesta - 100 % stilling | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Helsesjukepleiar skulehelsetenesta - 100 % stilling

Helsesjukepleiar skulehelsetenesta - 100 %.

Gol kommune søker etter helsesjukepleiar for å utøve dei førebyggande helsetenestene til barn og ungdom frå 6-19 år. Ynskjer du å gi eit godt tverrfagleg tilbod til barn, unge og familiar? Da ynskjer vi at du søker på denne stillinga.

Arbeidet vil skje i nært samarbeid med andre helsesjukepleiar, sosiallærarar, psykisk helse-teneste, fysioterapitenesta og legetenesta.

Arbeidsstader er barne- og ungdomsskulen, vidaregåande skule og helsestasjon for ungdom/ Gol helsestasjon.

Arbeidsoppgåver:
• I samarbeid med annan helsesjukepleiar utøve førebyggande helsetenester i samsvar med lov og forskrifter
• Drop-in tenester på barne-og ungdomsskule, vidaregåande skule og HFU
• Bidra i det tverrfaglege tilbodet i skulehelsetenesta
• Samarbeide med relevante tenester som t.d. spesialisthelsetenesta og barneverntenesta

Kvalifikasjonar:
• Godkjent utdanning som helsesjukepleiar eller mastergrad i klinisk sjukepleie med fagområde helsesjukepleie.

Vi ønsker at du har:
• Engasjement for førebyggjande arbeid og er utviklingsorientert
• Erfaring frå skulehelsetenesta eller anna relevant erfaring
• Evne til god kontakt med barn og unge
• Gode samarbeidsevner
• Evna til å arbeide strukturert og målretta

Vi tilbyr:
• Eit godt og triveleg fagmiljø
• Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver

For stillinga gjeld:
• Lønn etter utdanning og ansiennitet
• Tenestepensjon

Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir rekna ansiennitet ut i frå innleverte attester
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden.

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Kontaktpersonar:

Agnes Serine Antonsen Bossum

tlf: +47 95281130

mob: +47 95281130

 

Gol kommune Helseavdelinga

Gol er den største kommunen i Hallingdal med ca. 4.700 innbyggere. Vi satser på utdanning, innovasjon og forskning. Vi er enige om at: «det er samarbeid som former framtida». Vi kan by på svært gode muligheter for en aktiv fritid, både innen friluftsliv og kultur. Hallingdal har 14 skianlegg med Hemsedal som det største. Gol har et koselig og innbydende sentrum, som er et knutepunkt i regionen. Vi er Hallingdals handelssentrum med mange og varierte butikker. Gol ligger midt mellom øst og vest med kort vei både til Oslo og Bergen. Det er Bergensbanen som skaper god forbindelse mellom oss og Norges to største byer. Kommunen er inkluderende og familievennlig. Vi har både ny grunnskole og ny flerbrukshall, god barnehagedekning og et variert skoletilbud i videregående skole.

Annonse
Annonse