fbpx Seksjonsleiar - Sengepost for kirurgi og ortopedi Kristiansund sjukehus | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Seksjonsleiar - Sengepost for kirurgi og ortopedi Kristiansund sjukehus

Vil du vere med på laget vårt?

I avdeling for ortopedi har vi no ledig spennande leiarjobb på vår sengepost for ortopedi ved Kristiansund sjukehus.

Sengeposten har:

  • Traumatologi, infeksjoner og komplisert sår behandling
  • Ortogeriatrisk eining for ortogeriatrisk trauma med tilsett spesialist i geriatri
  • Innlagt urologi
  • Innlagte gynekologi
  • Osteoporose-poliklinikk med behandlings/ infusjonseining, DXA-maskin, «Capture the fracture» silver star rangering
  • Utdanningsinstitusjon for fysioterapeuter, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, ergoterapi og  klinisk ernæringsfysiolog

For å kunne møte dagens og framtida sine utfordringar, treng vi dyktige og engasjerte medarbeidarar. Saman med dei tilsette skal vi forberede sengeposten på innflytting i det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR). Seksjonsleiar er ein del av ortopedisk avdeling si leiargruppe, er direkte underlagt avdelingssjef og samarbeidar tett med dei øvrige seksjonsleiarane i avdelinga.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 30.09.2023

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Stad: Kristiansund

Stillingstittel: Seksjonsleiar

Stillingar: 1

Tilsetjingsform: Fast

Stillingsprosent: 100

Webcruiter-ID: 4705278478

Arbeidsoppgåver

  • Du har ansvar for dagleg drift av sengeposten og klinisk støtte
  • Du har ansvar for å utvikle sengeposten og klinisk støtte i nært samarbeid med avdelingssjef og i tråd med avdelinga og foretaket sine utviklingsplanar
  • Du har ansvar for at sengeposten og klinisk støtte vert drive etter gjeldande lover, forskrifter og interne retningsliner og etter gitte økonomiske rammer
  • Du har personalansvar for dei tilsette ved seksjonen, og skal legge til rette for fagleg utvikling og motivering av dei tilsette

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Ønskjeleg med erfaring frå spesialisthelsetenesten og til drift av sengepost/ poliklinikk
  • Ønskjeleg med leiarutdanning, men søkjer som har anna relevant erfaring og gode leiaregenskaper vil også verte vurdert for stillinga
  • Kompetanse og erfaring med arbeidstidsplanlegging/ ressursstyring og endringsprosessar er ønskjeleg
  • Ønskjeleg med kunnskap om budsjett og interesse for økonomi 
  • Ønskjeleg med kunnskap og erfaring frå kvalitets- og forbetringsarbeid

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å samarbeide på tvers av ulike fagmiljø
  • Du trivast med å jobbe i ein stor og kompleks organisasjon 
  • Du er god til å kommunisere på en åpen og tydeleg måte på alle nivå
  • Du har gjennomføringsevne og er resultat- og løysningsorientert
  • Du har forståelse for viktigheten av god ressursstyring
  • Du er strukturert, målretta og god på endrings- og forbedringsarbeid
  • Du har ein motiverande og engasjerande leiarstil
  • Du har kjennskap til og interesse for endringsleiing

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Fagleg og personleg utvikling
  • Mogelegheit for å vere med på å påvirke og utvikle framtida
  • Sterkt forskningsmiljø 
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.     

Byen vår!
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Kontaktinformasjon

Kirsti Sevaldsen
Avdelingssjef ortopedi SNR
E-post: Kirsti.Sevaldsen@helse-mr.no

Adresse: Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund, Norge
Opne vegbeskriving (i ny fane)

Om arbeidsgivaren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!

Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede ann i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?
Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje

For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

Annonse
Annonse