fbpx Stillingar i Helse og omsorgsetaten | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Stillingar i Helse og omsorgsetaten

Faste stillingar som sjukepleiarar og helsefagarbeidar ved institusjon.

Søknadsfrist: 28. mai 2023

Vi har ledig fyljande stillingar:

  • 100%  fast stilling som sjukepleiar på institusjon
  • 100% fast stilling som sjukepleiar natt
  • 100% fagarbeidar på institusjon

Hjå oss går ein i årsturnus der ein kan velge å gå langvakter 12 helger i året eller tradisjonelle vakter med 16 helger per år. Årsturnus gjev meir fleksibilitet og gjer det lettare å tilpasse den enkelte sin livsfase. Ekstra helger i årsturnus blir kompensert. Tokke kommune har lokal lønnsstige som ligg kr 6 800 – kr 13 700 over sentral tariff (ut frå ansiennitet).

Tilsette på institusjon har eit rekrutteringstillegg på:
Sjukepleiar på institusjon kr 36 000
Sjukepleiar natt kr 50 000 + 20 000
Fagarbeider på institusjon kr 20 000

Arbeidsoppgåver:

Omsorg til menneske i deira eigen heim på institusjon eller i eigen bustad.
Bidra til å styrke bebuarane sine eigne ressursar for å ivareta eige liv og helse (kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi)
Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler.
Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere bebuars heilskaplege tilstand
Samarbeid med pårørande
Samarbeid med kollegaer, fastlege, ergo/fysio, sjukeheim, spesialisthelsetenesta m.m.

Kompetanse:

  • Krav om autorisasjon sjukepleiar/helsefagarbeidar/vernepleiar
  • Fordel med relevant vidareutdanning, men ingen krav
  • Krav om å beherske vanleg IKT verktøy (vi nytter PROFIL som dokumentasjonsprogram)
  • Krav om gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg, med krav om bestått norskprøve B2 for framandspråklege søkjarar.

Personlege eigenskapar:

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Fokus på fagutvikling og refleksjon
  • Fleksibel og endringsvillig
  • Viser omsorg for andre
  • Vera eit godt forbilde for medarbeidarar, bebuarar og pårørande
  • Punktleg og strukturert
  • Godt humør

Å vere personleg egna til jobben vert vektlagt

Vi tilbyr:

  • God opplæring
  • Eit godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling
  • Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Ei av Noregs finaste kommunar  som arbeidsstad

Anna informasjon:

Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuelle orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på å legge til rette arbeidsforhold dersom du har behov for det.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben. 

Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med:

Avdeingsleiar
Ragne Iren Grave,
E-post ragna.iren.grave@tokke.kommune.no
Eller mobil: 48 04 85 84

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad sendast på elektronisk skjema som du finn her

Vi oppmodar studentar/elevar innan helsefag å søke på helgest.

Annonse
Annonse