Hopp til hovedinnhold

Ledige stillingar i heimetenesta

Nissedal – der gode liv levast!

Nissedal kommune er ein naturskjøn kommune, men ruvande fjell og djupe vatn. Det er høve til både å klatre og å gå eit ti-tals flotte toppturar og bade i hundrevis av ferskvatn. Kommunen er langstrakt og ligg i Vest-Telemark. Eining for velferd har ansvar for tenesteområda legetenestar, psykiske helsetenestar, helsestasjon, jordmor, fysioterapeut, institusjonstenestar, heimbaserte tenestar, tenestekontor og tenesta for funksjonshemma

Kommunen skal saman med innbyggjarane og brukarane av dei ulike tenestene vere med på  å auke likeverd, likestilling og hjelpe til å førebyggje sosiale utfordringar. 

Eining for velferd har ledige stillingar i avdeling for heimetenester: 

Nissedal kommune har fleire tenester med helsefagleg bemanning, og som tilsett kan du bli flytta mellom desse ved behov. Dette for å få til rett bemanning på rett stad. Stillingane under er lyst ut knytt opp til heimesjukepleia. Det er med utgangspunkt i noverande bemanningsbehov, og kan bli endra.  

Eininga arbeider med å utforme nye og attraktive turnusar med arbeid i bolkar. Ein vil kunne vere hjelpsam med bustadsordning knytt opp mot slike turnusar. 

  • I heimehjelpa treng vi fleire tilkallingsvikarar og sommarvikarar -  id 2023 / 579

Fagbrev reinhaldsoperatør er ønskjeleg, men personar med relevant erfaring og kompetanse vil bli vurderte

  • 66% prosjektstilling natt for helsefagarbeidar frå 31.08.23 -  id 2023 / 580

Andre med relevant kompetanse eller erfaring kan søke.

  • 100% vikariat som sjukepleiar i heimesjukepleia med tiltreding snarast, til 31.10.23, med høve til forlenging -  id 2023 / 581

  • Inntil 200% faste stillingar som sjukepleiar i heimesjukepleia frå 31.08.23 -  id 2023 / 582

  • 80% fast stilling som helsefagarbeidar i heimesjukepleia med tiltreding snarast -  id 2023 / 583

  • Heimesjukepleia har fleire faste helgestillingar ledig for sjukepleiarar og fagarbeidarar i helse/omsorg eller tilsvarande på inntil 20% kvar-  id 2023 / 584

Kvalifikasjonskrav:

  • Sertifikat klasse B
  • Gode faglege kunnskapar og interesse for fagleg utviklingsarbeid
  • Samarbeidsevne og fleksibilitet
  • Omstillingsevne
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, stabilitet og nærvær på arbeidsplassen
  • Personar utan formell kompetanse kan bli vurderte dersom dei er villige til å starte på eit utdanningsløp som krevs for stillinga innan 2 år. 

Anna

  • Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
  • Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest.
  • Vi gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.
  • Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet

Send søknad på elektronisk søknadsskjema

Søknadsfrist: 21.05.2023

Kontakt

Nærare opplysningar om stillingane får du ved å kontakte:

Solveig Martha Nilsen
Avdelingsleiar for heimebaserte tenester
Send e-post
Mob. 470 11 622

Annonse
Annonse