fbpx Spesialsjukepleiar/ sjukepleiar | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Spesialsjukepleiar/ sjukepleiar

Intensiv Molde har ledig ei 100% fast stilling som spesialsjukepleiar, oppstart etter avtale!

Vi har også ledige vikariat i ulike stillingsbrøkar. Oppgi i søknaden om du også er interessert i vikariat.

Som spesialsjukepleiar/sjukepleiar på intensiv Molde, blir du ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeider i team med andre faggrupper som til dømes anestesilegar, indremedisinarar, kirurgar, fysioterapeutar, logoped og KEF. Vi set fag i fokus, og god opplæring vert prioritert.

Molde sjukehus er eit veldifferensiert sjukehus med kirurgiske, ortopediske, medisinske, nevrologiske og gynekologiske/føde pasientar. Det er også traume- og donorsjukehus. Vi har simuleringsdagar saman med anestesilegane, noko som bidreg til godt samhald både fagleg og sosialt. Vi har faste dagar i turnus til fagdagar, og MTU-oppdatering. 

Dersom du er nysgjerrig på kva vi kan tilby, må du gjerne ta kontakt. Vi tilbyr også sjukepleiarar å komme på hospitering hjå oss, slik at du kan sjå korleis vi jobbar på intensiv i Molde.

Intensivseksjonane i Helse Møre og Romsdal har også gode lønnsordningar for intensivsjukepleiarar som er tilsett på intensivseksjonane.

Ta gjerne kontakt for meir informasjon!

Arbeidsoppgåver
  • Sjukepleie til postoperative pasientar, intensivpasientar og overvakingspasientar
  • Til ein kvar tid er det to sjukepleiarar som er ein del av stansteamet ved sjukehuset
Kvalifikasjonar
  • Autorisert intensivsjukepleiar
  • Autorisert sjukepleiar med minimum 2 års praksis som sjukepleiar
  • Autorisert sjukepleiar som enno ikkje har 2 års praksis som sjukepleiar kan òg søkje
Personlege eigenskapar
  • Du har ei positiv haldning 
  • Du er endringsvillig, utadvendt og engasjert
  • Du arbeider sjølvstendig, men kan samstundes fungere godt i samarbeid med kollegaer, pasientar og pårørende
Vi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Intensivseksjonane i Helse Møre og Romsdal har også gode lønnsordningar for intensivsjukepleiarar som er tilsett på intensivseksjonane.
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon
Camilla Stavik
Seksjonsleder
71121485
Camilla.Stavik@helse-mr.no

Gry Unjem
Konst. Seksjonsleiar
711 21485
Gry.Unjem@helse-mr.no

Annonse
Annonse