fbpx PhD-stipendiat - stomiprosjektet | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

PhD-stipendiat - stomiprosjektet

Har du mastergrad innan sjukepleie, og er interessert i å ta del i eit spennande forskingsmiljø?

Kirurgisk klinikk i Helse Førde lyser i samarbeid med den strategiske forskingsgruppa FLO ut ei 100% åremålsstilling for PhD-stipendiat. Åremålsperioden for stillinga er tre år på fulltid.

Doktorgradsstillinga er knytt til prosjektet «Personalized and data-driven specialty care. Health service research based on patient data in routine practice». Doktorgradsgivande institusjon vil vere Høgskulen på Vestlandet.  

Kirurgisk klinikk i Helse Førde har høg aktivitet og eit breitt kirurgisk tilbod. Dei kirurgiske fagfelta med støttefunksjonar som anestesi er organisert i klinikken. Forskingsprosjektet vil i hovudsak gjennomførast innanfor klinikken sin verksemd. Kirurgisk klinikk har om lag 1000 medarbeidarar og budsjett på 470 MNOK.  

Om prosjektet 
Prosjektet er eit samarbeid mellom to strategiske forskingsgrupper i Helse Førde, og er ein del av eit innovativt forskingsmiljø med regionalt, nasjonalt og internasjonalt samarbeid. Prosjektet inngår i aksjonsforskingsprogrammet Norse Feedback, der ein utviklar og forskar på pasientrapporterte data som vert raskt analysert og gjort tilgjengeleg for kliniske konsultasjonar.

Både kvantitative og kvalitative forskingsmetodar med medverknad frå helsepersonell og pasientar blir brukt i programmet. Ei regional ekspertgruppe med forskarar innan medisin, helsefag, psykologi og sjukepleie er dedikert til gjennomføringa av det utlyste prosjektet. 

Gjennom dette prosjektet skal Norse Feedback utvidast til to spesifikke kliniske kontekstar; postoperative smerteforløp (Arbeidspakke 1) og tilpassing til å leve med stomi (Arbeidspakke 2). I tillegg skal det utarbeidast ein generisk helseøkonomisk indeks ut frå kliniske sjølvrapportar (Arbeidspakke 3).

Med prosjektet ønskjer ein å betre pasientbehandlinga innanfor desse nye områda, styrkje pasientrolla og oppnå auka presisjon og persontilpassing i behandlingsval som vert gjort.

Om delprosjektet for denne stillinga
Doktorgradsstillinga rettar seg mot å utvikle arbeidspakke 2 der målet er undersøke erfaringar med ein ny oppfølgingsmetode «Ostomy Adjustment System» (OAS) for pasientar med stomi. Kort fortalt består OAS av nøye utvalde sjølvrapporterte målemetodar for tilpassing til å leve med stomi og andre utfall som er viktige.

Pasientane rapporter rutinemessig pasientrapporterte utfall før kvar konsultasjon. Informasjonen blir samla inn digitalt og gjort tilgjengeleg for stomisjukepleiarar før konsultasjonen. Slik blir informasjon synleg og lagt til grunn for å betre innhaldet, brukarmedverknaden og kommunikasjonen i konsultasjonane.

Prosjektet skal kartlegge erfaringar frå pasientar, stomisjukepleiarar og utviklarar av OAS ved hjelp av kvalitative metodar. Prosjektet er eit samarbeid mellom Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna og Helse Stavanger.      

Sjå nyheitsak om stillinga på Helseforsking Sogn og Fjordane: https://helseforsking.no/phd-utlysing-vil-du-gjere-livet-for-stomipasientar-betre-saman-med-kirsten/

Arbeidsoppgåver
  • Gjennomføre PhD-prosjektet og doktorgradsutdanninga i tråd med gjeldande regel- og lovverk, innanfor gjeldande tidsramme.
  • Bidra til vitskapleg miljødanning i Helse Førde, og intern undervisning og formidling 
  • Fordi prosjektet er på alle føretaka i Helse Vest må noko reising påreknast
  • Utvikle forskingsnettverk  
Kvalifikasjonar
  • Bachelorgrad i sjukepleie med relevant mastergrad
  • Interesse og motivasjon for forsking
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, på norsk og engelsk
  • Gjennomføringsevne, tverrfagleg samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig vil bli vektlagt
  • Det er ønskeleg med klinisk erfaring innan gastrokirurgi og oppfølging av stomiopererte
  • Erfaring med gjennomføring av forsking, strukturert forbetringsarbeid og/eller vitskapleg publisering er ein fordel 

Vil tilbyr

  • Deltaking i eit spennande forskings- og innovasjonsmiljø i Førde
  • Fagleg utvikling
  • Hyggelege kollegaer 

Korleis søkje: 
Søkjarar må levere ein førebels prosjektplan på inntil 1500 ord som tar utgangspunkt i beskrivinga over og førebels prosjektplan for studien.

Prosjektbeskrivinga skal innehalde:
(1) din motivasjon og føresetnader
(2) korleis du ser for deg gjennomføringa av stipendiatprosjektet, inkludert bakgrunn, forskingsspørsmål, metode og plan for gjennomføring av prosjektet.

Den innsendte prosjektbeskrivinga vil bli brukt i vurderinga av kandidaten sine kvalifikasjonar og vil ikkje vere den endelege prosjektbeskrivinga. Denne vil bli utforma saman med rettleiarane.

Ta kontakt med Janne-Merete Torset Øien for å få tilsendt prosjektbeskriving, og sett deg godt inn i denne. Faglege spørsmål kan rettast til John Roger Andersen, Prosjektleiar for arbeidspakke 2. Sjå kontaktinformasjon. 

Mottekne søknader vert først vurdert av vitskapleg komité med eksternt fleirtal. Den eksterne komiteen skal vurdere søknadstekst, vitnemål, kandidatens utdanningsbakgrunn, førebels prosjektplan og eventuelt andre relevante arbeid som søkjar legg ved. Den vitskaplege komiteen leverer ei rangert tilråding. Dei høgast kvalifiserte vert kalla inn til intervju. Tilsetting skjer på bakgrunn av vitskapleg vurdering og intervju. 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Arbeidssted
Førdegården, 6800 FØRDE, Norge
Opne vegbeskriving

Kontaktinformasjon
John Roger Andersen
Forskar/Prosjektleiar arbeidspakke 2
482 78 186
john.roger.andersen@helse-forde.no

Christian Moltu
Forskingsgruppeleiar/overordna prosjekleiar
christian.moltu@helse-forde.no

Janne-Merete Torset Øien
Rådgjevar
(+47) 971 76 188
jeoi@helse-forde.no

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert.

Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Annonse
Annonse