fbpx Sjukepleiarar | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Sjukepleiarar

Me søkjer etter to sjukepleiar, ein i 100 % fast stilling og ein i 100 % vikariat ut september, som har fagleg tyngde, godt humør og kan vera ein positiv kraft blant dei tilsette innan pleie og omsorg.

Pleie og omsorg omfattar både sjukeheim, heimesjukepleie, omsorgsbustader, heimehjelp, og PU-teneste. Fedje sjukeheim har tolv plassar, og vi har eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar.

Pleie og omsorg har ein godt etablert kultur for kontinuerleg kvalitetsforbetring, kompetanseutvikling og refleksjon. Vegen til avgjerdene er korte, og moglegheitene for påverknad er store.

Sjukepleiarane arbeider for tida i ein todelt turnus med beredskapsvakter knytt til seinvakt og kvar tredje helg. Jobben er utfordrande fagleg sett, då me både har eldre bebuarar, men også medisinsk oppfølging av andre grupper som treng behandling lokalt. På Fedje er det godt å vere på jobb, og du kan gå heim med godt samvit etter endt vakt.

Arbeidsoppgåver (ikkje utfyllande):

  • Sjukepleiefaglege oppgåver på Fedje sjukeheim og heimetenesta
  • Planlegging og evaluering av tenesta
  • Bidra til sikring og utvikling av tenesta for å sikre brukarane sine behov, moglegheiter og rettar og for å sikre god ressursutnytting i Fedje kommune
  • Rettleiing i faglege og etiske utfordringar
  • Ansvarleg for at drifta vert gjennomført etter gjeldanda kvaltitetskrav og institusjonen sin visjon og målsetting

Kompetansekrav:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Norsk-kunnskapar på min.nivå B1
  • Har sertifikat til personbil
  • Gyldig politiattest

Våre ynskjer om deg

  •  Tør å ta ansvar, er positiv og løysingsorientert og likar å samarbeide
  • Du har forståing for at folk er ulike og viser tolmod og ro i omgong med brukar, pårørande og kollegaer
  • Ser verdien av å jobbe tverrfagleg
  • Er nysgjerrig på velferdsteknologi og kunnskapsbasert praksis
  • Du er oppteken av ditt eige ansvar for å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Du heldt deg fagleg oppdatert
  • Du er oppteken av system og forbedring

Me tilbyr:

  • Tilsetjings- og arbeidsvilkår i tråd med tariffavtale.
  • Høve til å lære og utøve kunnskapsbasert sjukepleie, og delta aktivt i vidareutvikling av eit godt fagmiljø. Godt samarbeid og fagleg dialog på tvers av fag og einingar – me vil vere best på å vere små!
  • Særs god pensjonsordning gjennom KLP
  • Hjelp til å skaffe bustad  - eller me har overnattingsmoglegheit for deg som pendlar
  • Moglegheit for tilrettelegging av turnus
  • Flyttegodtgjersle etter avtale
  • Gratis bruk av symjehall
  • Plass i god og trygg barnehage, eller nær oppfølging i ein liten og god skule
  • Kjekke kollegaer og det gode liv i landsbyen i havet!

Arbeidsstad:

Pleie- og omsorg Fedje

Kontaktpersonar:

Nærare opplysningar får ein ved å kontakte pleie og omsorgsleiar Nadine Gutte-Preusse på 56165142/46846011 eller nadine.gutte-preusse@fedje.kommune.no          

Nadine Gutte-Preusse
tlf: +47 56165142
mob: +47 46846011

Heimeside
www.fedje.kommune.no

Sjå gjerne vår vesle videosnutt om landsbyen vår!

Adresse
Stormarkvegen 49 5947 Fedje
                                                                                                                                         

Annonse
Annonse