2 stk 100% sjukepleiar
2 stk 100% sjukepleiar, fast i Ullensvang kommune pt i Heimesjukepleien, Odda
Heimesjukepleien er organisert under Heimebaserte tenester saman med Heimehjelp, Kommunalt hjelpemiddellager og Dagsenter for personar med kognitiv svikt.
I heimesjukepleien har vi brukarar i ulike aldersgrupper med ulike utfordringar, og vi er opptatt av å tilby tenester av god kvalitet til brukarane.
Arbeidsoppgåver:
- Som sjukepleiar hos oss har du ansvar for å utføre og følge opp sjukepleiefaglege prosedyrar, observasjon, sjukepledokumentasjon, rapport mm
- Samhandling med pårørande og andre instansar
- Samarbeide tett med anna helsepersonell, og delegere oppgåver ut i frå kompetanse
- Utøve pleie og behandling til brukarane saman med det øvrige personalet.
- Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper.
- Dele kunnskap, samt rettleie kollegaer, studentar og nytilsette
- Medansvar for forvaltning av ressursane.
- Dosere medisinar og sørge for at legen sine medisinske forordningar vert utført.
- Behandle E- meldingar
- Være ein god rollemodell og bidra til å følge verksemda sin visjon og mål
Kvalifikasjonar:
- Du må vere autorisert sjukepleiar, men vernepleiarar kan søke og verte vurdert
- Du må vise fram gyldig politiattast
- Førarkort klasse B
- Gode norsk kunnskaper skriftleg og muntleg, minimum B2
Personlege eigenskaper:
- Du er fagleg engasjert og har interesse for ny læring
- Du trives godt når ingen arbeidsdagar er like, og du tar ansvar når det trengs
- Du må ha evne til å samarbeide på tvers av faggrupper
- Du har evne til å gi og ta rettleiing
- Du må ha evne til nytenking
- Du tar initiativ og ansvar
- Du er fleksibel
- Du likar utfordringar
Vi tilbyr:
- 100% fast stilling som sjukepleiar
- Turnus dag/ kveld/ 3. kvar helg. Vi har årsturnus, og moglegheit for å tilpasse turnus.
- Eit lærerikt og tverrfagleg miljø
- Triveleg arbeidsmiljø med flotte kollegaer.
- Fadderordning og introprogram for nytilsette.
- Sjølvstendig og variert arbeid.
- Internundervisning og fagleg påfyll med høve til vidareutdanning.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Lønsvilkår:
- Etter HTA
- I tillegg tilbyr vi kr 25 000,- pr år som fast tillegg på topp av tariff.
- Stipend for nyutdannet sykepleier.
- Andre med helsefagleg utdanning kan søke, og verte vurdert for tilsetting i vikariat.
Ullensvang kommune Heimebaserte tenester Odda
- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?