fbpx 100 % vikariat som leiande helsesjukepleiar | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

100 % vikariat som leiande helsesjukepleiar

Tokke kommune er ein kraftkommune som ligg i nordenden av Telemarkskanalen og har omlag 2200 innbyggjarar. Frå kommunesenteret på Dalen er det om lag same lengde til Stavanger som Oslo. Ynskjer du å busetje deg midt mellom aust og vest, er Tokke staden.

Kommunen er rik på kultur og lange tradisjonar innan industri, gruvedrift, jord- og skogbruk. I dag har kommunen og verksemder som er tufta på høg kompetanse.

Kommunen som går frå 72 moh til 1537 moh, har gode friluftstilhøve ein kan nytte heile året.

100 % vikariat som leiande helsesjukepleiar – ID 733

Tokke kommune søkjer etter leiande helsesjukepleiar i 100 % vikariat frå 01.09.21 til 01.10.2022.

Helsestasjons- og skulehelsetenesta er organisert i avdeling helse, og stillinga omfattar fagleiaransvar i kombinasjon med ordinært arbeid innan helsestasjons- og skulehelseteneste etter gjeldande lovverk og nasjonalfaglege retningsliner.

Hovudansvarsområde

  • Fagleiaransvar for helsestasjon og skulehelsetenesta
  • Utøve teneste for barn, ungdom og familiar etter gjeldande lovverk
  • Helsestasjonsverksemd
  • Skulehelseteneste 
  • Helsestasjon for ungdom
  • Anna førebyggjande helsearbeid 
  • Sakshandsaming innan fagfeltet

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjend sjukepleiar med godkjend vidareutdanning som helsesjukepleiar
  • Erfaring innan helsestasjon og skulehelseteneste er ynskjeleg
  • Kjennskap til elektronisk pasientjournal er ein fordel
  • Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt

Vi søkjer ein person som: 

  • Er utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel 
  • Har gode evner til å kommunisere og til å skape ein god arena for samarbeid
  • Har evne til å jobbe sjølvstendig 
  • Har evne og vilje til tverrfagleg samarbeid 
  • Likar utfordringar
  • Har pasient i fokus
  • Har førarkort klasse B

Løn etter avtale.

Politiattest ikkje eldre enn 3 månader må leverast før tilsetting.

Kommunen har tilgjengeleg bustad. Det er god tilgang på barnehageplass.

Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til avdelingsleiar helse, Evy Katrin Aamlid, på telefon 35075530 eller mobil 41100975.

Du skal nytte vårt elektroniske søknadsskjema på stilling som du finn på www.tokke.kommune.no

I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. Kopi av attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju.

Søknadsfrist: 1. august 2021

Velkomen som søkjar!