fbpx Sjukepleiar | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Sjukepleiar

Fjord kommune har ledig ein fast stilling som sjukepleiarar med for tida arbeid i heimetenesta i Valldal.

Har du lyst til å arbeide som sjukepleiar i Fjord kommune? Kommunen søker etter fagleg dyktige sjukepleiarar som ynskjer og har evne til å arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner. Heimetenesta og sjukeheimen har sine lokale sentralt i Valldal og samarbeidar i same bygget.

Kommunen har i tillegg pleie- og omsorgseining i Stordal, omsorgsbolig Eidsdal, samt bu- og habiliteringsteneste i Valldal og Stordal. Vi arbeider med å bygge eit sterkt sjukepleiar- og helseteam i kommunen og vil ha deg med på laget.

I heimetenesta har ein arbeid dag- og kveldsturnus med arbeid 3. kvar helg. Som sjukepleiar i Fjord kommune får du vere med på å påverke og utvikle tenesta.

Oppstart i stillinga er satt til 1. juli, men denne kan justerast ved behov. 

Arbeidsoppgåver
  • Arbeidsoppgåvene omfattar grunnleggande faglege sjukepleiaroppgåver
  • Ein vil jobbe med blant anna stell, medisinering, kvalitetsarbeid og utarbeiding av planar.
  • Det vil vere varierande, utfordrande og lærerikt arbeide.
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Må beherske godt norsk skriftleg og munnleg.
  • Vere serviceinnstilt og ha gode samarbeidsevne.
  • Forutan faglege kvalitetar blir personlege eigenskapar vektlagt.
  • Sertifikat B (stillinga i heimetenesta)
  • Politiattest må leggjast fram ved tiltreding
Personlege eigenskapar
  • Er trygg, tydeleg og triveleg
  • Visar respekt og omtanke for pasientar og kollegaer
  • Er effektiv, fleksibel og løysingsorientert
  • Tar sjølvstendig ansvar og likar å jobbe i team.
  • Har gode IKT- kunnskapar og kan tileigne deg fagsystem som til einkvar tid brukast i Fjord kommune.
Vi tilbyr
  • Garantilønn på 501 400 lik 10 års ansiennitet for stillinger med krav om 3-årig U/H-utdanning
  • Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
  • Pensjonsordning i KLP.
  • Er behjelpeleg med å finne leilighet/husrom.

Arbeidssted 
Olavsgata 20, 6210 Valldal, Norge 
Opne vegbeskriving

Kontaktinformasjon
Marit Øvrevoll
Einingsleiar sjukeheimen
41867970
marit.ovrevoll@fjord.kommune.no

Fjord kommune er tidlegare Norddal og Stordal kommune som slo seg saman 01.01.2020. Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.

Fjord kommune som har litt under 2700 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.

Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre  former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen.  

Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med stort  fokus på tilrettelegging for lokalt  næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen her.

 

Annonse
Annonse