fbpx Fagutviklingssjukepleiar | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Fagutviklingssjukepleiar

Psykiatrisk klinikk er ei avdeling i Helse Førde med spesialisthelsetilbod til vaksne innan psykisk helse og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Vi har 5 sengepostar med tilsaman 56 døgnplassar, poliklinikk og ambulante tenester. Vi flytta inn i nytt moderne bygg mars 2021.  

Vi har ledig fast 100% stilling som fagutviklingssjukepleiar frå 01.10.2021

Stillinga er for tida plassert ved psykiatrisk klinikk med kontorstad Førde, Sunnfjord kommune og har avdelingssjef som næraste leiar.

Arbeidsoppgåver
  • Bistå og rådgje avdelingssjef innanfor ansvarsområdet.
  • Bidra i arbeid med utarbeiding og oppdatering av rutiner i tråd med lovverk og nasjonale føringar innan fagfeltet.
  • Kompetanseplanarbeid.
  • Tilrettelegge for at tilsette i sengepostane og deira næraste leiarar får tilbod om rettleiing.
  • Rettleie og undervise tilsette
  • Vere kontaktledd mellom sengepostane, Høgskulen på Vestlandet og fagavdelinga i Helse Førde om sjukepleiestudentar i praksis.
  • Oppgåver i samband med Intranettsider og oppdatering av brosjyrer.
  • Saman med seksjonsleiarane planlegge internundervisning/ fagdagar og ferievikarkurs for tilsette i sengepostane.
  • Bistå seksjonsleiarane/einingsleiar i utarbeiding og oppdatering av seksjonsvise kompetanseplanar i Kompetanseportalen og vere ein resurssperson i Kompetanseportalen.
  • Vere koordinator/ støtteperson ved oppstart av nye aktuelle tiltak, prosjekt og liknande.
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar med ønskje om vidareutdanning innan psykisk helsevern
  • Godkjent rettleiarkompetanse er ynskjeleg 
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Gode IKT-kunnskaper 
Personlege eigenskapar
  • Du har engasjement for fagfeltet
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider strukturert og målretta
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med kollegaer
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er sjølvstendig og ansvarsbeviss
Vi tilbyr
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar 

Arbeidssted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Norge
Opne vegbeskriving 

Kontaktinformasjon
Mona Holmefjord
Fagutviklingssjukepleiar
 (+47) 918 66 101

Svein Ove Alisøy
Avdelingssjef
(+47) 918 16 510

«Nye Førde sjukehus» er det største byggeprosjektet sidan Førde sjukehus vart bygd i 1979, og skal ruste sjukehuset for framtida. Helse Førde vil få eit moderne og brukartilpassa sjukehus som skal yte tenester av god kvalitet til innbyggarane i Sogn og Fjordane. 

Prosjektet har ei økonomisk ramme på NOK 1,6 mrd. og blir gjennomført stegvis som fleire delprosjekt. Når prosjektet er i mål, har vi eit nytt bygg for psykisk helsevern og somatikk. Eksisterande areal, m.a. poliklinikkar, dagbehandling, sengepostar, operasjonsareal og sterilsentral, medisinske støttefunksjonar, er ombygde og oppgraderte. Nye Førde sjukehus er eit samansett, utfordrande og kreativt prosjekt.