fbpx Ledige stillingar i helse og omsorgsetaten | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Ledige stillingar i helse og omsorgsetaten

Tokke kommune er ein kraftkommune som ligg i nordenden av Telemarkskanalen og har om lag 2200 innbyggjarar. Frå kommunesentret på Dalen er det om lag same lengde til Stavanger som Oslo. Ynskjer du å busetje deg midt mellom aust og vest, er Tokke staden.

Kommunen er rik på kultur og lange tradisjonar innan industri, gruvedrift, jord- og skogbruk. I dag har kommunen òg verksemder som er tufta på høg kompetanse.

Kommunen som går frå 72 moh til 1537 moh, har gode friluftstilhøve ein kan nytte heile året.

Ledige stillingar i stillingar i helse og omsorgsetaten

Tokke kommune fortsetter å utvikle helse og omsorgstenestane.

Vi søkjer nå etter nye kollegaer i fleire av våre avdelingar. Er du interessert i å vera med på å utvikla tenestane våre?   Då er du kanskje vår nye kollega

  • 100 %  fast stilling off. godkjent sjukepleiar f.t.Tokke helsesenter ID 699
  • 100 %  fast  stilling off. godkjent sjukepleiar tidskontostilling f.t. Tokke helsesenter ID 700
  • 100 % fast stilling off. godkjent sjukepleiar f.t.natt Tokke helsesenter ID 701
  • 100% fast stilling off. godkjent sjukepleiar f.t. heimetenesta ID 702

Personale på Tokke helsesenter arbeider i  årsturnus 

For alle stillingar gjeld:

  • Du som søkjer skal  ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Vera løysningsorientert, positiv og tolerant
  • Du skal like  å jobbe sjølvstendig og i team
  • Vera   kunnskapssøkjande og har fagleg fokus
  • Vi legg vekt på personleg egnaheit
  • Politiattest må leggast frem. Denne må ikkje vera eldre enn 3 månadar.

Vi oppfordrar menn å søkje

Alle stillingar er i turnus med helgearbeid.

Offentleg godkjent sjukepleiar i Tokke kommune har lønn etter lokal lønnsstige med startlønn på kr. 422100,-

For sjukepleiar stilling på natt tilkommer eit rekrutteringstillegg på kr. 50 000,-/år

Tokke kommune er behjelpeleg med å skaffe bustad.

Ved intern omrokkering kan andre stillinger bli ledige. 

Ved spørsmål ta kontakt med avdelingseleiar:

  • Tokke helsesenter  Ragna Iren Grave tlf: 35 07 55 31
  • Heimetenesta Silje Andrea Kyrkjebø tlf: 35 07 55 21

I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad vert å sende på elektronisk søknadsskjema  på stilling som ein finn på www.tokke.kommune. Menyval ledige stillingar.

Søknadsfrist: 14. mars 2021

Velkommen med din søknad!