fbpx Jordmor | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Jordmor

KK God Start, Nordfjord sjukehus har ledig fast 100% stilling som jordmor.

Nordfjord sjukehus er lokalsjukehuset for Nordfjord, lokalisert på Nordfjordeid.
Nordfjordeid er ein triveleg stad å bu med m.a. gode kulturtilbod, naturen rett utanfor stovedøra, gode barnehage- og skuletilbod.

God Start eininga ved Nordfjord sjukehus (NSH) er organisert under Kvinneklinikken i Helse Førde. Arbeidsstokken er stabil og vi har eit triveleg arbeidsmiljø.

Vi har også eit samarbeid med Nordfjord kommunane. Jordmødrene ved God Start har ansvar for svangerskapsomsorga i desse kommunane.

Kvinnene i vårt område - Nordfjord - føder enten i Volda eller Førde før dei kjem tilbake til vår avdeling for barselpleie.

Arbeidsoppgåver
  • Svangerskapsomsorg
  • Barselavdeling
  • Svangerskapspoliklinikk
  • Barselpoliklinikk
  • Ammepoliklinikk
  • UL-poliklinikk
  • Gynekologisk poliklinikk
  • Følgeteneste
  • Nødfødestove
Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som jordmor
  • Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg  
Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevener
  • Må kunne arbeide sjølvstendig  
Vi tilbyr
  • Løn etter avtale
  • Godt arbeidsmiljø
  • Vaktkategorier - aktive, heimevakter, følgeteneste
  • Arbeid kvar 4.helg
  • Vi kan hjelpe til med å skaffe bustad
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  

Arbeidsstad
Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid

Kontaktinformasjon

Aud Jekteberg Nordpoll
Seksjonsleiar
(+47) 578 64 200
(+47) 958 66 091

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert.

Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Annonse
Annonse