fbpx Sjukepleiarar - 100 % og 62,4 % | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Sjukepleiarar - 100 % og 62,4 %

Pleie og omsorg har ledig fylgjande stillingar:

  • ID 577: 100 % sjukepleiar, vikariat, for tida på POS, frå 01.09.2020 til 31.08.2021.
  • ID 578: 62,4 % sjukepleiar på natt, vikariat, frå snarast.

Kvalifikasjonar:

Vi ynskjer søkarar med utdanning som sjukepleiar. Erfaring frå arbeid som sjukepleiar vil vere ein fordel. Personlege eigenskapar vil bli lagt stor vekt på.

Vi søker etter personar som:

  • Er utviklingsorienterte, handlekraftige og fleksible.
  • Har gode evner til å kommunisere og til å skape ein god arena for samarbeid.
  • Har evne til å jobbe sjølvstendig.
  • Har evne og vilje til tverrfagleg samarbeid.
  • Likar utfordringar.
  • Har brukar i fokus.

Tilsetting og løn i samsvar med gjeldande lovar, reglar og avtaleverk. Ved tilsetting må det leverast politiattest. For utanlandske søkarar må det føreligge norsk autorisasjon. For søkarar utanfor EØS-området må det føreligge arbeids- og opphaldsløyve.

Spørsmål?

Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til gruppeleiar POS, Gry Åmlid, på telefon 35 06 71 88 eller avdelingsleiar helse og omsorg, Anne Veum, på telefon 35 06 73 11 / 951 77 421.

Søknadsfrist: 09.08.2020.

Dersom interne søkarar blir tilsett, kan det og bli tilsett i andre ledige stillingar.

Velkomen som søkar!

Annonse
Annonse