fbpx 95% fast stilling som jordmor og fagleiar for jordmortenesta | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

95% fast stilling som jordmor og fagleiar for jordmortenesta

Frå 01.09.20 er det ledig ei 95 % fast stilling som jordmor og fagleiar for jordmortenesta ved helsestasjonen i Gol.

Helsestasjonen har for tida 2 jordmødrer og 4 helsesjukepleiarar og held til i gode, trivelege lokale i same bygg som legekontoret.

Tenesta er organisert under helseavdelinga, med avdelingsleiar som næraste overordna

Fire av Hallingdalskommunane har felles beredskapsvakt og følgeteneste for gravide til sjukehus. Dette er organisert i turnus med døgnvakter inkludert kveld, natt, helg og høgtider. Per dato er det vakt kvar 6. helg. I stillinga er det krav om deltaking i dette. For tida er også organisering av følgetenesta lagt til denne stillinga.

Fordeling av arbeidsoppgåvene under og ev reduksjon av stillingsstorleik kan drøftast i intervju.

Stillinga krev nært samarbeid med andre kommunale og interkommunale tenester.

Arbeidsoppgåver:

* Svangerskapsomsorg
* Svangerskapskurs
* Kvinnehelse/ barselomsorg
* Etterkontroll og prevensjonsveiledning
* Deltaking i beredskapsvakt og følgeteneste
* Organisering av beredskapsvakt og følgeteneste
* Skulehelseteneste og undervisning
* Helsestasjon for ungdom

Kvalifikasjonar:

* Jordmor med autorisasjon

Vi søkjer (personlege eigenskaper):

* Gode fagkunnskapar
* Erfaring som jordmor
* Evne til å arbeide sjølvstendig
* Gode kommunikasjonsevner
* Løysingsorientert og fleksibel
* Engasjert

Vi tilbyr:

* Eit godt arbeidsmiljø i lyse og trivelege lokale
* Varierte og spennande arbeidsoppgåver
* Tverrfagleg samarbeid

For stillinga gjeld:

* Lønn etter gjeldande avtaleverk
* Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg
* Førarkort for bil

Politiattest må leggjast fram
 

Anna:

Det blir kalla inn til intervju, og det blir lagt vekt på å vera personleg egna. Attestar og vitnemål må takast med til intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.

Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn.

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:

Gol kommune nyttar elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytta til registrering av elektronisk søknad, kontakt Stian Røstberg via Tenestetorget 32029000.

Søkjarar som er tilsett i Gol kommune har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instuksane du får når du trykker på "Glemt brukarnamn/passord", som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på den e-posten som vi bruker for å sende deg lønsslipp.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.600 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Gol har eit koseleg og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Kommunen har ny grunnskule og ny fleirbrukshall, god barnehagedekning og eit variert skuletilbod innan vidaregåande skule.