fbpx Samtaleterapeut | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Samtaleterapeut

Rehabiliteringssenteret AiR er ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta innan arbeidsretta rehabilitering. Me har ca. 65 årsverk og 80 tilsette. AiR-klinikk er CARF-akkreditert, noko som bidreg til at rehabiliteringstenestene er målbare, forsvarlege og av god fagleg kvalitet. Me delar lokale og organisasjon med Nasjonalt Kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering med ansvar for å forske på best practice innanfor fagfeltet. Senteret ligg i Rauland i Telemark, omgjeven av flott natur som nyttast aktivt i rehabiliteringsarbeidet. Bygda er eit levande og aktivt samfunn i vekst med fleire kunnskapsbedrifter og organisasjonar.


Samtaleterapeut

100% stilling, engasjement ut juli 2020.

AiR-klinikk skal med tverrfagleg kompetanse bidra til at pasientar med samansette plager og nedsett arbeidsevne får auka livskvalitet og arbeidsdeltaking gjennom individuell rettleiing og gruppeundervisning.

  • AiR-klinikk har fire team som består av samtaleterapeut/psykolog, lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog.
  • Kvart team har ansvar for opptil 17 deltakarar.
  • Opphaldet for kvar gruppe er døgnbasert og går over fire veker.

Me ser etter desse kvalifikasjonane:

  • Kunnskap og interesse for kognitiv terapautisk tilnærming
  • Erfaring med individuelle samtaleforløp
  • Engasjement i tverrfagleg samarbeid
  • God kommunikasjons- og samarbeidsevne som kan bidra til eit utviklande fagmiljø
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne 
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt
  • Aktuell fagbakgrunn kan vera psykolog, sjukepleiar med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid eller tilsvarande

Arbeidsoppgåver:

  • Individuell rettleiing
  • Undervising av deltakarar i grupper
  • Gjennomføring av kartleggings – og vurderingssamtaler
  • Primærkontakt med ansvar for generell rettleiing
  • Ha kontakt med NAV, arbeidsgjevarar og/eller andre involverte
  • Arbeid med epikrise for deltakar

Me tilbyr:

  • Fagleg utvikling internt i organisasjonen og gjennom kurs og etterutdanning
  • Deltaking til eit utviklande fagmiljø innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering
  • Arbeidstid: Kvardagar kl. 08.00-15.30
  • Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
  • Hjelp til å skaffe møblert bustad

Om du er interessert i natur og friluftsliv kan omgjevnadane i Vinje kommune og Vest-Telemark gje deg rike opplevingar i alle årstider.

Me ser fram til å høyre frå deg.

Søknadsfrist 25. november 2019

For meir informasjon, kontakt ass. klinikkleiar, Siri Mørch på tlf.+47 474 63 408 / siri.morch@air.no eller administrasjonsleiar Jon Hovda på tlf. +47 35 06 28 00 / jon.hovda@air.no

Søknad sendes til: https://rehabilitering.no/ledigestillingar/

Annonse
Annonse