fbpx Livet etter underlivskreft Hopp til hovedinnhold

Livet etter underlivskreft

Kvinner sine erfaringar fem og seks år etter behandling for kreftsjukdom.

Bakgrunn:

Talet på menneske som blir langtidsoverlevarar etter kreftsjukdom aukar. Dette skaper eit behov for kunnskap om korleis livet blir opplevd i eit lengre perspektiv etter behandlingsslutt.

 

Hensikten:

Målet med studien var å få kunnskap om korleis kvinner som er behandla for underlivskreft opplever livet i eit langtidsperspektiv.

 

Metode:

Studien har eit kvalitativt design beståande av 32 djupintervju med 16 kvinner i alderen 39–66 år. Studien er forankra i eit fenomenologisk livsverdsperspektiv og meiningsstrukturar kom fram ved hjelp av trinnvis meiningsfortetting.

 

Resultat:

Kvinnene sine erfaringar viser at kreftsjukdomen var ein livsendrande prosess som på ulike måtar førte til djuptgripande endringar i livet. Kroppslege endringar, som òg hadde relasjonelle og eksistensielle aspekt, var framleis utfordrande å leva med fem og seks år etter behandling. At endringane òg var knytt til sårbare og intime tema, gjorde dei ekstra vanskelege å koma til rette med. Samstundes hadde kreftsjukdomen henta fram djup takksemd for livet og revitalisert verdiar hjå mange. I tre typlogiar viser studien variasjonar på korleis kvinnene møtte og levde seg gjennom krefterfaringane. Studien har gitt kunnskap om korleis kreftsjukdom kan endra livet på måtar som både er vanskelege og berikande for livet vidare.

 

Konklusjon:

Resultata frå studien gir innsikt som kan brukast til å betra informasjon og vegleiing til kvinner som blir behandla for underlivskreft. Kvinnene kan slik bli betre i stand til å møta kroppslege endringar og mulege konsekvensar på lengre sikt, som til dømes endringar for seksuallivet. Studien viser òg at ein bør styrka den heilskaplege oppfølginga ved mellom anna å skape rom og tid for samtale.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse