Ledige stillingar som sjukepleiar
Ledige stillingar som sjukepleiar
Vi søkjer 2 autoriserte sjukepleiarar eller vernepleiarar i fast 100 % stilling. I den eine stillinga er det ønskjeleg med tiltreding i januar, den andre ca. mai 2020.
Fedje sjukeheim har 12 senger, der to av dei er sett av til korttidspasientar. Heimesjukepleien er integrert i sjukeheimsturnusen. Sjukepleiarane arbeider for tida i ein todelt turnus med beredskapsvakter knytt til seinvakter og kvar tredje helg. På sjukeheimen er det ein spanande arbeidskvardag med ulike utfordringar og høve til å utvikle seg. Vi verdset dei gylne augeblikka og kvalitetsforbetring høgt.
Me søkjer deg som:
- Har solid fagkunnskap
- Er sjølvstendig og ansvarsbevisst, positiv og løysingsorientert
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Vil bidra aktivt til kontinuerleg kvalitetsforbetring
- Kan lære av andre og dele eigen kunnskap med andre
- Har evne til å ta gode avgjerder i ein travel kvardag
- Kunne arbeide både åleine og saman med andre, også tverrfagleg
- Kunne godt norsk eller anna skandinavisk språk, både munnleg og skriftleg
- Har sertifikat til bil
Me tilbyr:
- Høve til å lære og utøve kunnskapsbasert sjukepleie, og delta aktivt i vidareutvikling av eit godt fagmiljø
- Særs god pensjonsordning gjennom KLP
- Hjelp til å skaffe bustad eller overnattingsmoglegheit for pendlar
- Moglegheit for tilrettelegging av turnus
- Gratis bruk av symjehall
- Plass i god og trygg barnehage, eller nær oppfølging i ein liten og god skule
- Kjekke kollegaer og det gode liv i landsbyen i havet!
Søknadsfrist 6.januar 2020
- Nærare opplysningar får ein ved å kontakte pleie og omsorgsleiar:
- Nadine Gutte-Preusse, tlf 56165142/46846011
- Mail: nadine.gutte-preusse@fedje.kommune.no
Søknad med CV og referanser sender du til:
- Fedje kommune
- Stormarkvegen 49
- 5947 Fedje
- eller e-post: postmottak@fedje.kommune.no