fbpx Eldreomsorgen fortener godord Hopp til hovedinnhold

Eldre­omsorgen fortener godord

Negativ mediemerksemd skremmer unge frå å satsa på eldreomsorg, skriv sjukepleiarstudent Ragnhild Prestbø.

Gong på gong går media ut med kor fæl eldreomsorgen i Noreg er. Gong på gong kjenner eg det stikk i sjukepleiarstudenthjarta.

Eg føler at å setta alle i same bås er riktig uttrykk for korleis media presenterer eldreomsorgen i Noreg. Opptil fleire gongar i veka kjem media ut med saker om kor dårleg eldreomsorgen er. Ein får inntrykk av at ingen eldre har det godt i eldreomsorgen.

Det er sjølvsagt mykje som må endrast på, men slik vil det alltid vera. Det kjem alltid krav om endringar, samtidig som det vil vera eit større og større krav om kompetanse og tilbod. Er det ikkje på tide at eldreomsorgen får nokre godord i media?

Verkar mot si hensikt

Det vert sagt at det er alt for få nyutdanna sjukepleiarar som ynskjer å jobba i eldreomsorgen. Ein ynskjer heile vegen å rekruttera til denne delen av helsevesenet, men kor lett er dette når media går ut med nye saker minst ein gong i veka? Det er flott at eldreomsorgen får fokus i media, men når det berre kjem fram negative hendingar, verkar det mot si hensikt, gjer det ikkje? Eg skjønar godt at det kan verka lite freistande å byrja å jobba i eldreomsorgen, når det vert fokusert på så mykje negativt så ofte.

Eg vil jobba i eldreomsorgen

Eg har heilt sidan eg bestemte meg for å verta sjukepleiar, vore klar på at det er eldreomsorgen eg vil jobba i.

Dette er ikkje takka væra media og alle dei skrekkhistoriane dei kjem med, men derimot gleda eg ser på arbeidsplassen min. Alle dei utruleg flinke pleiarane som verkeleg gjer sitt beste for å gi dei eldre ein fin dag trass ulike lidingar. Alle dei flotte tiltaka som vert sett i gong for at pasientane skal få meir glede i kvardagen. Og sist, men ikkje minst; det gode samspelet mellom pleiarar og dei eldre.

Det er så utruleg mykje bra som vert gjort i eldreomsorgen, som verkeleg hadde fortjent merksemd! Så kjære media, det er på tide å sjå seg rundt: Det er så mykje dykk går glipp av! 

Det er så utruleg mykje bra som vert gjort i eldreomsorgen, som verkeleg hadde fortjent merksemd!

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse