fbpx Gamal djevel, nye klede Hopp til hovedinnhold

Gamal djevel, nye klede

Bildet viser lege som undersøker tuberkulose-pasient
Kvart år utviklar 9 millionar menneske aktiv tuberkulose. Får du den verste forma, må du takle medisinar som kan gjere deg døv eller galen, skriver Marte Ulvedal.

"Anahit" på 16 år kom til det største tuberkulose-sjukehuset i Armenia, frå Russland, og fekk starta behandling for ein type tuberkulose som er motstandsdyktig mot omlag alle medisinar. Vi må fortelje henne at for at ho skal ha ein sjanse til å overleve, må ho gå gjennom to lange år med behandling. I minst seks månader må ho få daglege sprøyter som vil føre til at ho etter kvart har så vondt at ho får problem med å sitje – og dei same medisinane kan òg gjere henne døv. Det er så begrensa kva medisinar ein har å velge mellom at 16 år gamle Anahit må akseptere ei behandling som har akutt psykose som ein kjend biverknad.


Verden tuberkulosedag

I dag er det verdas tuberkulosedag. Tuberkulose, eller tæring som ein kalla det tidlegare, er ein gamal sjukdom og drap George Orwell, Anton Chekhov, Franz Kafka og Frederic Chopin. Kvart år drep Tuberkulose 1, 5 millionar menneske, og er, etter hiv/AIDS, nest største døydelege infeksjonsjukdom i verda. Men, sidan sjukdomen for det meste har forsvunne i den rikaste delen av verda for eit halvt århundre sidan, har utviklinga av ny tuberkulose-behandling stoppa opp. Dette har ført til at denne gamle fienden har fått lov til å utvikle seg og bli i stand til å stå i mot våre forsøk på behandling og bekjemping. I dag er rundt ein halv million menneske verda over smitta av tuberkulosetyper som få medisinar kan behandle.


Livet på vent

Anahit har flaks, foreløpig. Ho har berre magesmerter og verk i alle ledd. Vi prøver så godt vi kan å tilpasse dosene, og å finne medisinar som kan hjelpe mot biverknadane. Men Anahit er ei pliktoppfyllande jente. Ho tek heile neven med tablettar, og får dei daglege injeksjonane sine. Pappaen hennar er like pliktoppfyllande. Han er på sjukehuset kvar dag, følgjer opp der han kan og prøver å sørge for at ho har det så bra som mogleg. Resten av familien er igjen i Russland, det er jo der dei eigentleg bur, arbeider og går på skule.


Bryllup

Eit par månadar ut i behandlinga skal systera til Anahit gifte seg. Ho vil sjølvsagt reise, men dette bryt faktisk med reglane for tuberkulosebehandlinga og vi veit at mange strevar med å følge behandlinga på eiga hand. Dersom ho ikkje tek medisinane sine riktig, kan det vere at dei til slutt ikkje verkar mot sjukdomen. Vi diskuterar, vurderar og tek spyttprøver for å sjå sjekke om ho er smittefarleg. Alt ser bra ut og både Anahit og familien er svært motivert for å gjere alt dei kan for at dette skal gå bra. Vi vel å stole på at ho tek medisinane sine medan ho er i bryllaupet til systera si i Russland.


Finns det håp i horisonten?

Vi treng eit splitter nytt behandlingsopplegg for tuberkulose. Behandling som faktisk fungerar. Vi kan ikkje halde fram som vi gjer no mange stader, med behandling som er giftig og gammal, men som blir brukt fordi det er betre enn ikkje noko.

Bildet viser pasient i samtale med helsepersonell i Armenia.


Cocktail

For første gong på femti år vert nye tuberkulosemedisin utvikla. Dette er eit stort steg framover, men dei kan ikkje verte brukte åleine. Tuberkulose er så gjenstridig at det må ein heil cocktail til for å nedkjempe sjukdomen. Den einaste måten ein kan hamle opp med det nye andletet til denne gamle sjukdomen er å finne nye medisinkombinasjoner, som er enkle, tilgjengelege og mindre giftige enn den behandlinga som no finst, og som enkelt og raskt kan brukast i dei landa der tuberkulose og dei motstandsdyktige typane finst.


80 prosent borte

Men innan vi har oppnådd den draumen – om fem, sju eller ti år – vil 80 prosent av dei pasientane eg har møtt vere vekke, gløymde av alle bortsett frå knuste familiar i dei fattigaste områda på planeten.


Vi må ikkje gje oss

Vi må forklare til Anahit og andre pasientar at det kan ta to år før dei veit om det var verd det: smertene, biverknadene, å vere vekke frå familie, jobb, skule og vener. Anahit, og alle dei andre tuberkulosepasientane i verda må få rett diagnose og medisinar slik at dei kan overleve.


Borte i 2050

Målet om å eliminere tuberkulose innan 2050 avheng av utviklinga av ny diagnostikk, legemiddel og vaksiner. Norge må bidra til ein ny handlingsplan mot sjukdomen, og kome med politiske forpliktelser om finansiering og koordinering som sørger for at planen kan gjennomføres.


Radikal endring trengs

Bent Høie, vi seier det igjen: Norge må gå føre i arbeidet med ei felles, global finansieringsordning og eit rammeverk for forskning og utvikling av behandling for sjukdomar som særleg rammar fattige.

Vi må ikkje gje oss før vi får til ei radikal endring i behandling og førebygging av tuberkulose og dei motstandsdyktige formene av sjukdomen.

Leserinnlegget ble først publisert i Bergens Tidende

Navnet på den 16 år gamle jenta i teksten er endret.

0 Kommentarer

Submitted comments are quality assured before publication. Quality assurance takes place during regular working hours.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse