fbpx Kven rir kjepphester? Hopp til hovedinnhold

Kven rir kjepphester?

Spekter vil gjerne tilby sjukepleiarar 100 prosent stilling, men at det føreset at sjukepleiarane vil arbeide når arbeidsgjevar har behov for kompetansen.

Administrerende direktør i Arbeidsgiverforeningen Spekter Anne-Kari Bratten svarer 11. juni ( «Frisk kompetanse og arbeidsgivers behov») på Innspillet mitt 4. juni ( «Helsevesenets friske kapital») der eg ba om at arbeidsgjevarane må ta vel imot nyutdanna sjukepleiarar med faste stillingar i 100 prosent.

Bratten skriv at dei vil gjerne tilby stillingar av den type eg etterspør, men at det er ein føresetnad at sjukepleiarane sjølv vil, - og det føreset at sjukepleiarane vil arbeide når arbeidsgjevar har behov for kompetansen. (Mellom linjene kan vi lese at det er på dei ubekvemme tidspunkta ho meiner vi ikkje vil arbeide). Dessverre er det svært lite 100 prosent stillingar å søkje på for nyutdanna sjukepleiarar, i alle fall i sjukehusa her i fylket. Det er stort sett deltidsstillingar og vikariat som blir tilbydd. Tidlegare var sjukepleieryrket eit yrke som var attraktivt for dei som ønska å arbeide deltid. Dette har forandra seg med tida, og dei som er nyutdanna no, ønsker å arbeide heiltid.

I dagens spesialiserte helsevesen er grunnutdanning (bachelor) i sjukepleie eit godt grunnlag å starte sin sjukepleiekarriere på, men det er med sjukepleiarar som over alt i samfunnet; det er når ein begynner i jobben at læringa i sjølve yrket startar. I alle avdelingar er det kompliserte oppgåver, det er derfor ikkje berre å flekse frå den eine avdelinga til den andre. Ein må ha grundig opplæring i dei avdelingane ein skal arbeide, og har ein fått den opplæring som trengst, ja så kan ein gjerne arbeide i meir enn ei avdeling for å få 100 prosent.

Enkelte stadar har dei oppretta traineestillingar. Der nyutdanna blir tilbydd 100 prosent mot at dei forpliktar seg til å arbeide på 2 avdelingar. Slike stillingar får dei ha i 2 år, og så får dei fast tilsetting i det aktuelle helseføretaket etter endt periode. Dette er ei god ordning som eg skulle ønskje vi også kunne ha her i Møre og Romsdal. Eg oppfordrar Helse Møre og Romsdal sine tillitsvalde om å forhandle om slike ordningar i vårt foretak.

Bratten skriv også at sjukepleiarane ikkje kan forvente å få kompensert for utdanningar som arbeidsgjevar ikkje har etterspurt. Nei Bratten, arbeidsgjevar etterspør i liten grad kompetanse, dei berre forventar at kompetansen er der når den trengst. Til dømes har tillitsvalde i Helse Møre og Romsdal i fleire år etterspurt både kompetanseplanar og lønsplanar i lokale forhandlingar. Dette er enno ikkje på plass i vårt foretak. Riktignok er det no nokre klinikkar som er begynt på arbeidet, og det er på høg tid. Det er ikkje godt å planlegge drifta i ei avdeling, ein klinikk eller forsåvidt heile foretaket utan å ha planar for kva kompetanse som trengst. Så istaden for å vere skeptisk til at sjukepleiarar utvidar sin kompetanse både med spesialutdanningar og med master, så vêr heller glad og takksam for at dei skaffer seg denne kompetansen på eige initiativ og eigen kostnad.

Forskning viser faktisk at leiarar uttrykkjer at det vil vere behov for sjukepleiarar med avansert klinisk kompetanse i kirurgiske og medisinske sengepostar i framtida. Grunngjevinga var at det er fleire pasientar med samansette lidingar og komplekse sjukdomstilfelle enn tidlegare.

Mange oppgåver har i dei siste åra blitt overført frå spesialisthelsetjenesta til kommunehelsetjenesta, og det er dei mest spesialiserte oppgåvene som er igjen i sjukehusa. Mange oppgåver som blir utført i sjukehusa i dag treng heller ikkje innlegging slik det gjorde tidlegare. Vi ser at fleire og fleire avdelingar blir gjort om til dagavdelingar eller femdøgnspostar. Med god planlegging bør det derfor vere godt mogleg å drive sjukehusa slik at det er fordeling av dei ubekvemme tidspunkta å arbeide på. Alle som søkjer seg til sjukepleieutdanning veit at for dei aller fleste vil det medføre å arbeide turnus. Men det betyr likevel ikkje at det meste av arbeidstida skal vere på ugunstige tidspunkt. Turnusen er turnuspersonalet sitt verneutstyr, og det er utruleg viktig at den forskningsbaserte kunnskapen om turnuslivets ulemper blir nytta slik at dei helsemessige ulempene blir minst mogleg.

Bratten skriv vidare at NSF rir gamle kjepphester og ikkje vil vere med på alternative turnusordningar som er innanfor dagens arbeidsmiljølov. Dei aller fleste turnusar som blir søkt om til NSF sentralt pga at det er utanfor det som arbeidsgjevar og tillitsvald kan avtale lokalt, blir godkjent, dersom det ligg ved tilråding frå lokal tillitsvald. Også arbeid oftare enn tredje kvar helg blir godkjent dersom det er frivillig frå den tilsette si side. Eg kjenner meg derfor ikkje igjen på at vi rir gamle kjepphester, og ser gjerne at det blir ekseplifiser dersom dette stemmer.

Eg vil gjerne utfordre Bratten til å kome med eksempel på ytkesgrupper som er meir fleksible enn sjukepleiegruppa. Sjukepleiarane er svært lojale, mest til pasienten, - og derved blir det automatisk lojalitet til arbeidsgjevar. Sjukepleiarane veit at pasienten har behov for den kompetanse dei innehar, og når dei blir oppringt så «hiver dei seg rundt» og er på arbeid ofte i løpet av under ein time. Det er ikkje uvanleg at dei blir ringt etter i sin eigen ferie heller, og er dei heime så møter dei på arbeid også då. Dette oftast utan ekstra kompensasjon. Dette viser at lojaliteten er større til pasient og arbeidsgjevar enn til eiga familie i enkelte høve. Kva andre yrkesgrupper er så lojal? Sjølv har eg mange år bak meg som leiar i sjukepleietenesta før eg vart fylkesleiar i NSF Møre og Romsdal. Eg har røynsle både frå spesialisthelsetjenesta og kommunehelsetjenesta, og eg må sei at eg har mange gongar vore imponert over den fleksibilitet som sjukepleiarar viser i praksis for at vi skal få dagane, kveldane og nettene til å gå rundt med riktig kompetanse på plass til ei kvar tid. Dei spesialiserte oppgåvene som skal løysast i våre helseinstitusjonar kan berre utførast av kompetent personell. Om våre leiarar hadde fått tillatelse til å planlegge bedre både i høve til kva kompetanse som trengst til ei kvar tid, og ikkje minst aksept for at ein må planlegge med det fråværet som vi av røynsle veit vil vere på alle arbeidsstadar til ei kvar tid, så hadde ikkje behovet for denne fleksibiliteten vore så stor.

Det er svært viktig at vi som enkeltpersonar i yrkesgruppa sjukepleiarar held ut i yrkeslivet til vi blir pensjonistar. Det er derfor med undring at eg registrerer at det er mange som vil svekke våre arbeidsvilkår. Det må derfor nemnast at i enkelte andre yrkesgrupper er det pålagt kviletid når ein har stått på i eit vist tal timar, til dømes yrkessjåfører. Det medfører bot ikkje å ta den lovpålagte kvilepausen. I våre arbeidsdager er det ofte slik at ein ikkje har tid til å spise matpakka si, eller at ein gjerne spis den ved datamaskina når ein skal dokumentere det arbeidet ein har gjort i løpet av arbeidsdagen. Kvifor ikkje få til bedre arbeidsvilkår også for helsepersonell i turnus? Det vil ikkje berre gi tilsette betre arbeidsvilkår, men det vil også gi bedre og tryggare helsetenester.

Eg vil råde Anne-Kari Bratten til at ho høyrer på arbeidstakarorganisasjonane. Det vere seg NSF, Legeforeninga og andre. I NSF er det svært mange medlemmer i Spekterområdet, og desse har ein unik kompetanse som sjukehusa er avhengige av, men som også Spekter som arbeidsjevarorganisjon har mykje lære av. Ja faktisk er sjukepleiarane den største profesjonen i sjukehusa, og også den yrkesgruppa her i landet som har størst tillit i befolkninga.

Dialog er alltid bedre enn monolog, drøfting er bedre enn pålegg. Eg ser fram til eit fortsatt godt samarbeid med arbeidsgjevarsida lokalt i Møre og Romsdal, og håpar at Anne-Kari Bratten vil halde sitt løfte og tilby 100 prosent stillingar til nyutdanna sjukepleiarar.

Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse